UiO og NTNU har starta revolusjonerande studium i musikkteknologi

I dag opna Universitetet i Oslo og NTNU eit felles masterprogram der studentane skal utvikla musikkteknologi i det felles elektroniske klasserommet Portalen. – Det er utruleg at det er blitt realisert to år etter at eg kom med ideen, seier musikkforskar Alexander Refsum Jensenius.

GRENSELAUS MUSIKK: Førsteamanuensis Alexander Refsum Jensenius (lengst til venstre) og gruppa UiO-NTNU muscle band framførte musikkstykket "Stillness under Tension" etter at rektorane Svein Stølen og Gunnar Bovim hadde opna det felles masterstudiet Music,Communication.and Technology.Musikarane er frå venstre Alexander Refsum Jensenius, Charles Martin, Mari Lesteberg,Anna Xambó og Karolina Jawad. Eigil Aandahl var også med, men er ikkje med på biletet.

Foto: Ola Sæther

Masterprogrammet har fått namnet Music, Communication and Technology og har allereie tatt opp studentar frå heile verda.

– Det var så populært at me måtte ha opptaksprøvar for å få dei best kvalifiserte studentane inn på studiet vårt. Dei aller fleste har interesse for musikk eller har bakgrunn frå musikk, men det finst også studentar som tidlegare har studert arkitektur og litteratur, fortel Alexander Refsum Jensenius til Uniforum.

– Skal ikkje ha førelesingar

Han er førsteamanuensis og nestleiar for RITMO Senter for tverrfaglig forsking på rytme, tid og bevegelse. Jensenius er svært glad for at NTNU og Universitetet i Oslo kan ha eit felles masterprogram som held til i eit felles elektronisk klasserom. – Ja, det er unikt. Programmet skal ikkje ha førelesingar. Alle skal jobba saman på tvers av institusjonane. Derfor er det viktig at dei også har kontakt med kvarandre via skjermane i klasseromma. Slik er dei også med på å laga sin eigen læringsarena, understrekar han.

Praksis utanfor universiteta

Studentane skal heller ikkje isolera seg i klasserommet. Eit mål er at dei skal skaffa seg praksis utanfor dei to universiteta. – Dei kan vera med på å løysa problem som har å gjera med musikkteknologi i den vidaregåande skulen, i næringslivet eller i kommunen. I Oslo kunne ei mogleg oppgåve vera å laga lydsignal frå alle bysyklane som passerer eit bestemt punkt i byen, føreslår Alexander Refsum Jensenius.

Rektorduo opna studiet

UiO-rektor Svein Stølen og NTNU-rektor Gunnar Bovim var inviterte til i fellesskap å opna masterprogrammet.

REKTORDUETT: Rektorduoen Gunnar Bovim (NTNU) og Svein Stølen (UiO) framførte ein verbal duett då dei i fellesskap opna det felles masterprogrammet Music, Communication and Technology. Det skjedde samtidig i Olavskvartalet i Trondheim og i ZEB-bygningen på Blindern. (Foto: Ola Sæther)

– Dette er eit heilt annan type laboratorium enn det eg er vand til frå før, konstaterte Svein Stølen. – Det er på tide at NTNU og UiO klarer å få til eit slikt felles masterprogram, tykte Gunnar Bovim. Så sa dei i kor at no er masterprogrammet Music, Communication and Technology opna.

Samspel mellom Oslo og Trondheim

Etterpå spelte Alexander Jensenius Refsum med UiO-NTNU muscle band musikkstykket "Stillness under Tension". Det gjennomførte dei ved å ha ei elektronisk muskelklokke på armane, og kvar gong dei rørte på armane blei det registrert som ein lyd, og i fellesskap skapte dei det felles musikkstykket.

– Fantastisk

Ifylgje ei pressemelding frå Universitetet i Oslo har både NTNU og UiO eit verdsleiande musikkteknologimiljø som lenge har ynskt å jobba saman.  Masterprogrammet er resultatet av den draumen.

– Det er heilt fantastisk for oss å kunna opna eit heilt nytt og eksperimentelt masterprogram saman med eit anna universitet, synest Alexander Jensenius Refsum.

Vil utvikla det elektroniske klasserommet

Musikkstudentane i Oslo og Trondheim skal spela, studera og bli underviste saman. Det blir mogleg ved bruk av det nyaste av audiovisuell kommunikasjonsteknologi. Alle studentane har studierett på begge universiteta. Musikkteknologi skal vera hovudtemaet på masterprogrammet, men det skal også undervisast i akustikk, psykologi og informatikk.

Samtidig skal studentane vera med på å utvikla det permanente, elektroniske klasserommet Portalen. Dermed vil dei bruka kommunikasjonsteknologien, men også vera med på å utvikla den vidare, heiter det i ei pressemelding frå UiO. Der går det også fram at kvaliteten på både bilete og lyd er mykje betre enn på vanleg videokonferanseutstyr. Her skal studentane spela musikk saman, og derfor er det viktig med minst mogleg forseinking og best mogleg kvalitet.

Trondheim i Oslo

Og når studentane i Trondheim går inn i Portalen, vil dei vera saman med studentane i Oslo. På same måten vil studentane i Oslo vera saman med medstudentane sine i Trondheim straks dei går inn i Portalen.

– Det er det som skil dette klasserommet frå rom som blir brukte til videokonferansar. Det understreka initiativtakarane Alexander Refsum Jensenius ved UiO og programkoordinator Sigurd Saue frå musikkteknologi ved NTNU då masterprogrammet blei offisielt opna i ZEB-bygningen på Blindern og i studio i kjellaren i Olavskvartalet i Trondheim i formiddag.  

 

Emneord: Musikkvitenskap, Studentforhold, Undervisning, Universitetssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 29. aug. 2018 15:24 - Sist endra 30. aug. 2018 12:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere