Studentleiar krev at førelesarane får betre kursing i IKT
Universiteta og høgskulane er for dårlege på digitalisering i undervisninga. - Førelesarane må kursast betre, krev leiar Mats J. Beldo i Norsk studentorganisasjon.

MEIR KURSING: – Her må leiinga ved landets universitet og høgskular kursa førelesarane i korleis digitale ressursar kan og bør brukast pedagogisk for best mogleg læring, meiner leiar Mats J. Beldo i Norsk studentorganisasjon (Arkivfoto)
Tilstandsrapporten for høgare utdanning viser at universitet og høgskular er for dårlege på pedagogisk bruk av IKT. Rapporten viser at 42 % av studentane i liten grad brukar digital teknologi i undervisninga. Det er ein av konklusjonane i tilstandsrapporten for 2018 som blei lagt av forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i dag.
– Urovekkjande
Eit prioritert område for regjeringa er informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Talet på studentar aukar på både bachelor- og masternivå, medan talet på ph.d.-studentar står stille.
– Det er veldig bra at fleire vel IKT. Men det er særleg to ting me må ta tak i. Det eine er at innsatsen på langsiktig, grunnleggjande IKT-forsking ikkje har auika på dei siste ti åra. Det andre er den låge kvinnedelen i IKT-faga. Når me veit hvor viktig desse faga vil bli i framtida, er det urovekkjande at me ikkje klarer å rekruttera breiare, seier Iselin Nybø i ei pressemelding.
Temakapittelet i årets Tilstandsrapport ser nærare på korleis IKT vert brukt i utdanningane. Rapporten viser at norske universitet og høgkular blant anna er langt framme når det gjeld digitale administrative løysingar. Derimot viser rapporten at sektoren har kome relativt kort i å utnytta det pedagogiske potensialet som ligg i digital teknologi.
– Trengst meir enn fine ord
Leiar Mats J. Beldo i Norsk studentorganisasjon meiner at læringa til studentane vert svekka av for lite pedagogisk bruk av digital teknologi.
– Det trengst meir enn fine ord i strategiar. Her må leiinga ved landets universitet og høgskular kursa førelesarane i korleis digitale ressursar kan og bør brukast pedagogisk for best mogleg læring. Det er eit stort potensial for læring som er uutnytta på grunn av at me ikkje tar i bruk ressursar til beste for studentane, seier Mats J. Beldo i ei pressemelding.
Både tilstandsrapporten og forskingsbarometeret viser at norsk høgarere utdanning og forsking er i stadig utvikling, med positive resultat på mange område,, men også nokre klare utfordringar. Dei gir eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare politikkutforming i departementet og strategisk arbeid ved institusjonane, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Fordel for studentane med digital læring
I 2018 ser tilstandsrapporten altså særleg på digitalisering i høgare utdanning, medan forskingsbarometeret ser spesielt på forskinga i dei prioriterte områda i langtidsplanen for forskaing og høgare utdanning. Tilstandsrapporten for høgare utdanning viser også at 70 prosent av studentane deltar meir aktivt i undervisninga når førelesarane brukar digitale læremiddel.
– No ser me at 70 prosent av studentane kunne ha oppnådd betre resultat i studia sine dersom førelesaren hadde brukt digitale læringsressurser. No må institusjonene gjera drastiske endringar i korleis undervisninga skjer. Dagens situasjon er ikkje bra nok, meiner Beldo.
(Oppdatert kl. 16:32)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere