Regjeringa vil innføra lovforbod mot ansiktsdekkjande plagg i undervisninga

Det skal vera mogleg å gå med ansiktsdekkjande plagg på universitetsområdet, men regjeringa foreslår forbod i all undervisning. – Det er høyringsfråsegnene frå universiteta som er grunnen til at me snevrar det inn, seier Iselin Nybø som er minister for forsking og høgare utdanning.

SYNLEGE ANSIKT: – Det er avgjerande å kunna sjå ansikta til kvarandre i ein undervisningssituasjon. Det er også grunnen til at me har snevra inn regelverket til å gjelda berre undervisning, seier statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø.

Foto: Ola Sæther

Forbodet skal kun gjelda når undervisninga går føre seg. Forbodet vil gjelda for elevar, studentar og tilsette ved utdanningsstader i privat og offentleg sektor. Døme på det er

skulefritidsordning, leksehjelp og opplæring utanfor lærestadene, som til dømes skuleturar. På universiteta og høgskulane vil ikkje forbodet omfatta sjølvstudium i lesesalen.

Definisjon av ansiktsdekkjande plagg: Det er til dømes finlandshette og nikab. Forbodet gjeld ikkje hovudplagg som hijab og huer. Det blir unntak for plagg som blir brukte av omsyn til pedagogiske, helsemessige, klimatiske, eller tryggingsforhold, som til dømes verneutstyr.(Kjelde:Kunnskapsdepartementet)

Det opphavlege framlegget som blei presentert 12. juni i fjor, gjekk ut på at forbodet skulle gjelda på heile området til utdanningsinstitusjonen, og i heile arbeidstida.  

   • Les i Uniforum:  Regjeringen vil forby ansiktsdekkende plagg

Både finansminister Siv Jensen (FrP), kunnskaps- og intergreringsminister Jan Tore Sanner (H) og statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V) deltok på pressekonferansen i Kunnskapsdepartementet i formiddag der det reviderte lovframlegget frå regjeringa blei lagt fram.

– Må kunna sjå ansikta på kvarandre

Fleire i universitetssektoren har tidlegare tatt til orde for at spørsmålet om å innføra eit forbod mot ansiktsdekkjande plagg som nikab og burka på universiteta og høgskulane, burde bli avgjort av styret for desse utdanningsinstitusjonane i staden for at Stortinget vedtar eit nasjonalt forbod som skal gjelda for alle. Dei meiner at det ikkje samsvarar med den akademiske fridomen. Det er ikkje Iselin Nybø einig i.

– Eg meiner at slik forslaget ligg føre akkurat no, så regulerer det sjølve undervisningssituasjonen. I ein undervisningssituasjon må me kunna sjå kvarandre sine ansikt for å ha ein god interaksjon. Viss ein professor tar det valet på vegner av seg sjølv, at vedkomande ynskjer å bruka burka, så er det ikkje berre på vegner av seg sjølv, for då vil alle studentane som sit der ikkje kunna sjå ansiktet til den professoren. Og me meiner at det ikkje er sånn me skal ha det, slår Iselin Nybø fast overfor Uniforum.

– Det er avgjerande å kunna sjå ansikta til kvarandre i ein undervisningssituasjon. Det er også grunnen til at me har snevra inn regelverket til å gjelda berre undervisning, legg Iselin Nybø til.

– Ikkje stort problem i dag

– Eit argument imot eit slikt lovforbod har vore at det vil hindra kvinner i å ta høgare utdanning. Kva seier du til det argumentet?

– Kvinner er hjarteleg velkomne til alle våre universitet og høgskular. Det vil eg slå fast. Og så har me sett på tilbakemeldingane frå universiteta og høgskulane at dei ikkje opplever dette som eit stort problem i dag.

– Er det Venstre som har klart å snevra inn dette lovforslaget?

– Dette kjem jo frå avtalen på Jeløya, og det var ein avtale som alle dei tre regjeringspartia stod bak. Det er også eit breitt fleirtal i Stortinget som har gått inn for å få eit slikt forbod på plass. No er det altså snevra inn til berre å gjelda undervisningssituasjonen og ikkje på campus generelt, seier Iselin Nybø.

Utdanningsstaden handhevar forbodet

Forslaget inneber at kvar einskild utdanningsstad skal handheva det nasjonale forbodet sjølv, og det vil bli tydelegare kva reaksjonar arbeidsgjevar og utdanningsstad kan nytta. Dialog  med den det gjeld skal alltid prøvast før det vert sett i verk reaksjonar. Den mest alvorlege reaksjonen mot ein student vil vera bortvising.eller utsestenging. For innvandrarar som nyleg har kome til landet, kan det føra til stans i introduksjonsprogrammet eller opplæringa.Tilsette som bryt regelen mange gonger risikerer å mista jobben. 

FELLES FORSLAG: Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H), finansminister Siv Jensen (FrP) og minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø V) la saman fram lovforslaget om å forby ansiktsdekkjande plagg i undervisning.(Foto :Ola Sæther)

Kunnskaps- og intergreringsminister Jan Tore Sanner synest dette er eit fint tidspunkt å leggja fram forslaget på:

– No skjer det ikkje på grunn av ein  konflikt eller ein enkeltsituasjon. I Noreg finst der nokre stader der det allereie er innført eit slikt forbod, seier Sanner.  Han peikar på at Oslo-skulen og skular i Akershus og Østfold som allereie har innført eit slikt lokalt forbod, no kan halda fram med forbodet. – Med  eit nasjonalt forbod blir det klarare og likare reglar for alle. Det krev ei grundig avrekning av omsynet til kvar einskild sin fridom og eit ope læringsmljø, understrekar Sanner. 

– Signalkraft

Finansminister Siv Jensen meiner Noreg viser veg i dette spørsmålet:

– Noreg kan bli det første landet i Norden som får eit nasjonalt forbod mot ansiktsdekkjande hovudplagg som burka og nikab i undervisning. Noreg er eit ope samfunn der me skal sjå ansikta på kvarandre. Derfor er signalkrafta i eit slikt forbod viktig, seier Siv Jensen.

– Uklokt

UiO-rektor Svein Stølen synest ikkje det er naudsynt å innføra eit nasjonalt forbod mot ansiktsdekkjande plagg.

– Det er mange som reagerer på bruken av ansiktsdekkjande plagg. Det gjer også eg. Men me må hugsa at dette kun dreiar seg om ein handfull studentar, sjølv på eit stort universitet som UiO. Då er gjeldande regelverk heilt adekvat. Dette handterer me utan meir detaljstyrande byråkrati.Samtidig meiner me det er uklokt heilt å stengja døra for høgare utdanning for kvinner som nyttar ansiktsdekkjande plagg, seier han.

– Dette handterer me

– Det blir uansett stilt fleire krav til studentane våre. Våre studentar må til dømes identifisera seg ved eksamenar, og me har mange studieløp som er uføreinlege med heildekkjande ansiktsplagg. Men dette handterer me! Det å stengja dørene heilt er uklokt, slår han fast.
 
– Kvifor? Då er det viktig å hugsa at gode universitet vil utfordra  studentane sitt verdsbilete, tankar og sjølvforståing. Me skal bidra til kritisk tenking. Slik sett vil eg forventa at det er færre kvinner som går ut av et universitetsstudium med ansiktsdekkjande plagg, enn det som kjem inn. I ei slik setting er det eit paradoks at regjeringa ser behovet for, og nytten av, eit nasjonalt forbod, synest Svein Stølen.
 

Både protestar og støtte

Då framlegget  om eit nasjonalt forbod først blei lagt fram før sommarferien i fjor, møtte det også motstand frå Norsk studentorganisasjon som i høyringsfråsegna si fryktar at eit forbod mot ansiktsdekkjande plagg ville hindra kvinner å ta utdanning.

I oktober i fjor skreiv derimot 34 professorar frå heile landet under på eit opprop der dei støtta innføring av nikab-forbod på utdanningssinstitusjonane. 

    • Les meir i UniforumUiO-professorer med klar tale: – Forby nikab ved universitetene

Det blei møtt av eit nytt innlegg frå andre professorar som meinte det var heilt unødvendig med eit slikt forbod.

    • Les meir i Uniforum:  Akademikere går imot nikab-forbud

Rektor Svein Stølen har også gått ut og gjort det klart at det ikkje er naudsynt å innføra forbod mot eit ansiktsdekkjande plagg.

    • Les meir i Uniforum: Stølen: – Bør håndheves uten et så sterkt virkemiddel som forbud

Dersom Stortinget vedtar forslaget om å forby ansiktdekkjande plagg i all undervisning i løpet av våren, kan forbodet bli innført frå august.

(Oppdatert kl. 19:44)

 

 
Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Arbeidsforhold, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2018 15:38 - Sist endret 23. mars 2018 19:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere