Psykologisk institutt vil ha alle vaksenklinikkane på huset

Alle dei tre vaksenklinikkane på Psykologisk institutt skal vera på instituttet. Barneklinikken bestemmer sjølv om den skal ha intern eller ekstern organisering. Det vedtok eit samrøystes instituttstyre i ettermiddag.

ALLMØTET PÅ PSYKOLOGI: No vil Psykologisk institutt ha dei tre vaksenklinikkane på huset, medan barneklinikken sjølv får avgjera om den skal vera organisert internt eller eksternt i framtida. Det vedtok eit samrøystes instituttstyre i ettermiddag med støtte frå instituttleiar Pål Kraft, som her deltar på allmøtet på Psykologisk institutt i oktober i fjor.  

Foto: Ola Sæther

Instituttstyret stiller seg dermed bak tilrådinga frå arbeidsgruppa som har greidd ut ny organisering av studentklinikkane på Psykologisk institutt.  Dermed blir altså dei tre studentklinikkane for vaksne framleis på huset.  Barne- og familieklinikken skal halda fram med å driva som før i samarbeid med Nic Waals Institutt fram til det er gjennomført ei nærare organisering av denne klinikken.

Klinikkverksemda skal organiserast i ei eiga eining som skal leiast av ein klinikkleiar. I vedtaket blir det også understreka at utgreiinga av framtidig klinikkdrift er eit nyttig grunnlag for programrådet sitt vidare arbeid med den kliniske opplæringa på profesjonsprogrammet.  Instituttstyret meiner likevel at det arbeidet ikkje bør setjast i gang før ei ny organisering av internklinikken er på plass. 

Tidlegare i dag blei det klart at instituttleiar Pål Kraft også går inn for tilrådinga frå arbeidsgruppa. I fjor haust gjekk han inn for å lata alle klinikkane vera organisert eksternt. utanfor Psykologisk institutt. Då forslaget første gong kom på bordet i haust, skapte det mykje bråk på instituttet. 

Universitetsleiinga med universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i brodden såg seg nøydd til å stengja klinikkane på dagen den 11. oktober i fjor etter at det hadde blitt avdekt at dei ikkje blei drivne i samsvar med det juridiske regelverket.

      • Les også i Uniforum: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt

                                             - Dramatisk å stengja klinikken

                                            Internrevisjonen med hard kritikk av klinikikdriften ved Psykologisk institutt

Det skapte store protestar både frå studentar og tilsette, og dei blei halde fleire allmøte der det blei informert om situasjonen på klinikkane. Det blei også sett  i gang både ei ekstern og ei intern evaluering av klinikkane. Etter at det blei vedtatt å setja ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på den framtidige organiseringa, samtidig som feil og manglar i journalføringa og i det juridiske regelverket blei retta opp, kunne klinikkane opna igjen etter at dei hadde vore stengde i rundt ein månad.

Saka kom også opp i universitetsstyret som til slutt kom med eit samrøystes vedtak om korleis det skulle vera mogleg å få gjennomført den framtidige organiseringa av klinikkane på Psykologisk institutt.

        • Les også i UniforumUiO-rektor godt nøgd med eit samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt

                                                Ho skal losa klinikkdrifta på psykologi inn i trygt farvatn

Der gjekk det fram at endeleg vedtak av modell vil gjerast av universitetsstyret etter ein prosess som sikrar involvering av studentar og tilsette sin medverknad. Dette inneber handsaming i styra ved Psykologisk institutt og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Styret ber dessutan internrevisor om å gå gjennom rutinar for internkontroll knytt til klinikkdrift ved UiO, står det i det endelege vedtaket. I ettermiddag var saka altså oppe i styret for Psykologisk institutt som gjorde fylgjande vedtak:

1.      Instituttstyret stiller seg bak anbefalingen til arbeidsgruppen som har utredet organisering av studentklinikkene ved Psykologisk institutt, og vedtar en intern organisering av de eksisterende studentklinikkene for voksne.

2.      Barne- og familieklinikken fortsetter å driftes som før i samarbeid med Nic Waals Institutt frem til man har gjennomført en nærmere utredning av organiseringen av denne klinikken.

3.      Instituttstyret støtter at klinikkvirksomheten ved PSI legges til en egen organisatorisk enhet som ledes av en klinikkleder. Instituttstyret ber instituttleder fremme en egen sak om organisasjonsendringer på møtet i mars eller april.

4.      Instituttstyret støtter at det opprettes en stilling som klinikkleder med et ansvar for drift av klinikkene og systemene rundt denne virksomheten. Stillingen som klinikkleder utlyses etter at et eventuelt vedtak om intern klinikk er fattet av universitetsstyret. Instituttstyret ber instituttleder fremme en egen sak vedrørende stillingsbeskrivelse og utlysning av klinikklederstillingen på møtet i mars eller april.

5.      I tråd med programrådets høringssvar, mener instituttstyret at utredningen av fremtidig klinikkdrift er et nyttig grunnlag for programrådets videre arbeid med den kliniske opplæringen på profesjonsprogrammet. Dette arbeidet bør imidlertid ikke starte før ny organisering av internklinikk er på plass.
 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Psykologisk institutt, Psykologi, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2018 17:03 - Sist endra 30. jan. 2018 17:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere