Ho skal losa klinikkdrifta på psykologi inn i trygt farvatn

No opnar klinikkdrifta på Psykologisk institutt igjen. – Både studentar og klientar vil merka nokre endringar, seier overordna klinikkleiar, Margrethe Seeger Halvorsen.

SKAL SAMLA KLINIKKANE; – Jobben min blir å samla klinikkane, setja i verk nye rutinar og få dei gjennomførte over tid, seier førsteamanuensis Margrethe Seeger Halvorsen. Ho  blir overordna klinikkleiar  på Psykologisk institutt når klinikkane opnar igjen måndag 6. november.

Foto: Ola Sæther

Måndag 6. november vil klinikkdrifta på Psykologisk institutt ta til igjen. Då vil klinikkane ha vore stengde i nesten ein månad. Førsteamanuensis Margrethe Seeger Halvorsen har leidd arbeidsgruppa som har arbeidt for å retta opp alle dei avvika som først Kluge-rapporten og deretter rapporten frå Internrevisjonen, påviste. No blir ho overordna systemansvarleg klinikkleiar. 

 – Jobben min blir å samla klinikkane, setja i verk nye rutinar og få dei gjennomførte over tid. Dei fleste avvika er retta opp, men det må etablerast eit system for internkontroll som kan fungera over tid, seier ho. 

Uniforum møter henne i eitt av romma som blir brukt til samtalar mellom ein psykologistudent og ein klient under nøye oppsikt av ein rettleiar.

– Kvifor takka du ja til den jobben?

– Eg vil gjerne presisera at dette er ein mellombels jobb, som eg vil ha berre fram til sommarferien. Me har behov for å samla og koordinera drifta av klinikkane. Sidan eg leidde arbeidsgruppa og har god kjennskap til dei endringane som er gjort, synest eg det er greitt at eg held fram i den stillinga ei tid, men etterpå må andre overta stafettpinnen, meiner ho.

• Les også: Klinikkdrifta på psykologi opnar igjen på måndag

Etter hennar oppfatning vil truleg studentane merka ein viss skilnad på klinikkane når dei opnar igjen på måndag.

– Studentane vil merka det når det gjeld rutinar rundt journalføring, tidspunkt for terapiar, og mogelegheita til å nå vakthavande psykologspesialist på telefon. Me er i ferd med å innføra eit elektronisk journalsystem. Før det kjem i drift, vil journalarbeidet bli utført manuelt, presiserer ho. Det er i samsvar med lovverket.

– Må henta inn nye samtykkeerklæringar

Men ikkje berre studentane vil merka at det er innført nye rutinar. Det vil også klientane gjera.

– Me må henta inn nye samtykkeerklæringar frå alle klientane våre. Rettleiarane må dessutan gjera ei ny diagnostisk vurdering. Så alle desse nye rutinane vil dei truleg merka, slår ho fast.

Seeger Halvorsen trur at den største endringa blir at dei ikkje kan bruka videoopptak i undervisning og rettleiing. Tidlegare brukte rettleiarane videoopptak som hjelpemiddel i undervisninga. Det er det i første omgang ikkje mogeleg å halda fram med.

– Me kan førebels ikkje ta opp video av samtalane som psykologistudentane har med klientane sine. Grunnen er at me må avklara med Datatilsynet om konsesjon er naudsynt, eller om det er tilstrekkeleg med eit  samtykke frå klientane. Truleg må me søkja konsesjon. Eg meiner at videoopptak er ein stor fordel for utdanninga, både for studenten og for klienten. Det er ei kvalitetssikring av terapiane. På den måten har me som rettleiarar oversikt over gjennomføringa av terapien, og me kan gå gjennom samtalane og finna ut kva som var bra, kva som var mindre bra, og korleis me kan arbeida for å korrigera kursen, understrekar ho.

– Like god behandling, men med betre system

– Trur du at studentane og klinikkleiarane vil venda tilbake til betre klinikkar på måndag?

– Eg trur ikkje behandlinga blir betre, men systema blir det. Me har hatt problem med systemrutinar, men me har aldri hatt problem med dårleg behandling. No håpar eg ikkje at innføringa av systema går utover behandlinga. Og eg vil gjerne presisera at behandlinga alltid har blitt vurdert til å vera svært god. Ingen har heller kritisert behandlinga, konstaterer ho.

Ikkje vill vest

Margrethe Seeger Halvorsen er også svært klar på kva ho meiner om stenginga av klinikken den 10. oktober. – Den var ikkje eit naudsynt tiltak. Problema kunne ha blitt løyste på ein heilt annan måte, er ho overtydd om. – Det er ingen tvil om at me har hatt sviktande rutinar og regelbrot som det var heilt naudsynt å retta opp i. Men biletet som er teikna av en klinikk der det nærmast har vore vill vest er heilt feil, og me kunne ha lukka desse avvika utan så mykje dramatikk.

– Håpar å ha lært av denne saka

Konflikten på Psykologisk institutt starta eigentleg med forslaget om å flytta heile praktikum til Lovisenberg Diakonale Sykehus. Både mange av dei tilsette og studentane meiner at instituttleiar Pål Kraft avgjorde dette utan å involvera fagtilsette og studentar. Då protesterte studentane. – Sjølv håpar eg at heile klinikkdrifta blir verande på Psykologisk institutt under Universitetet i Oslo. Det er mange gode grunnar til å organisera drifta internt. Eg håper og trur at me har lært av denne saka. No er me inne i ein god og konstruktiv prosess, som eg håpar me kan byggje vidare på i behandlinga av saka om vidare organisering av klinikkdrifta.

– Sveineprøve for studentane

Halvorsen er glad for Universitetsstyrets vedtak om at saka først må opp i instituttstyret, så i fakultetsstyret før den kjem på bordet til Universitetsstyret.

   • Les også:  UiO-rektor Svein Stølen godt nøgd med samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt

Ho er også svært nøgd med at studentane har stått så hardt på i heile denne prosessen.

– Eg vil gjerna takka studentane for deira engasjement. Mange studentar gler seg no til denne opninga. Arbeidet med klientar i klinikkane er på mange måtar deira sveineprøve. Mange har opplevd stenginga som krevjande. Nokon har vore urolege for klientane sine og for sitt eige studieløp. Me er visse på at klientane no vil komme inn i gode behandlingsløp igjen.

INGEN VILL VEST:– Det er ingen tvil om at me har hatt sviktande rutinar og regelbrot som det var heilt naudsynt å retta opp i. Men biletet som er teikna av en klinikk der det nærmast har vore vill vest er heilt feil, og me kunne ha lukka desse avvika utan så mykje dramatikk, er overordna klinikkleiar Margrethe Seeger Halvorsen ved Psykologisk institutt heilt overtydd om. (Foto: Ola Sæther)

– Og lat meg understreka at dei klientane som kjem hit, er nøye utvalde. Dei har lettare psykiske plager, til dømes problem knyta til sjølvkjensla, eigen identitet, mildare depressive plagar eller angstproblematikk, livskrise, eller relasjonelle vanskar. Dette er allmenne menneskelege problem, som ein ved å tilby tidleg hjelp kan forhindra at blir meir omfattande og alvorlege. Dei som søker seg til oss veit at dei får eit gratis tilbod, og dei veit at dei får behandling av ein vidarekomen student under rettleiing av psykologspesialist, seier Seeger Halvorsen.

For henne og kollegaene hennar er det viktig av både klientane og studentane er nøgde.  

– Me er opptekne av at klientane skal få god behandling og at studentane skal få ei meistringsoppleving som terapeut. Så vidt eg veit, har ingen studentar nokon gong vore i fare på grunn av klientane våre på dei 42 åra me har drive klinikken. Heilt unntaksvis har det vore behandlingstimar på kveldstid, og då har det vore etter ei vurdering av om det er forsvarleg gjort i samråd med rettleiar, slår ho fast.

Kvart år behandlar klinikkane på Psykologisk institutt om lag 75 klientar. Klientane blir rekrutterte via annonse på nettsida til Psykologisk institutt, og søknaden blir vurdert av klinikkleiarane.

Video gir tryggleik

– Kva synest dei om at samtalane med dei tidlegare blei tatt opp på video?

– Dei gav sitt  samtykke til det. Samtykke til bruk av video har vore ein føresetnad for å ta imot terapi ved klinikkane. Eg vil tru at mange opplever det som ein tryggleik å vita at ein psykologspesialist ser opptaket og kan rettleia studentane på kva dei gjorde bra og kva dei kunne gjera betre. Då har me også dokumentasjon frå både psykologistudenten og klienten på kva som er blitt sagt. For oss er det eit viktig verktøy for å gjera psykologiutdanninga best mogleg. Me håpar derfor at me får løyve til å bruka det igjen snart, seier Margrethe Seeger Halvorsen.

Frå måndag kan ho ynskja studentar og klientar tilbake til klinikkane på Psykologisk institutt.

Les meir om dramaet på psykologi i Uniforum:

Glad for at klinikkdrifta på psykologi opnar igjen

En ansvarsfraskrivelse av instituttleder Pål Kraft

Instituttleiar Pål Kraft: Var skeptisk til å stengja klinikken

Internrevisjonen med hard kritikk av klinikkdriften ved Psykologisk institutt

Mogleg å opna klinikkane igjen, men ikkje enno

- Dramatisk å stengja klinikken

UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt

 

Emneord: Psykologi, Psykologisk institutt, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2017 15:18 - Sist endra 5. nov. 2017 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere