Glad for at klinikkdrifta på psykologi opnar igjen

– Eg  er svært glad for at me får opna klinikkane. Det seier Karethe Hustad Hansen, som er leiar for fagutvalet til profesjonsstudentane på Psykologisk institutt, i ein kommentar til at klinikkdrifta tar til igjen på måndag.

MISTA TID: – Me har vore veldig klare på at kvaliteten på utdanninga ikkje skal reduserast av stenginga. Det er likevel ikkje til å koma unna at studentane har mista verdifull tid, og at det hadde vore betre om dette var unngått, understrekar Karethe Hustad Hansen, som er leiar for fagutvalet for profesjonsstudentane i psykologi ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Det var den 10. oktober universitetsleiinga bestemte at klinikkane på Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo måtte stengjast straks. Samtidig gav universitetsleiinga Kluge Advokatfirma i oppdrag å laga ei juridisk vurdering av situasjonen på klinikkane og om dei hadde drive i strid med lovverket. Internrevisjonen fekk i oppdrag å laga ein rapport om forholda på klinikkane ved Psykologisk institutt.

  • Les også:  Mogleg å opna klinikkane igjen, men ikkje enno

  • Les også: Internrevisjonen med hard kritikk av klinikkdriften ved Psykologisk institutt

Begge rapportane kom med knusande vurderingar av korleis klinikkane på Psykologisk institutt var blitt drivne. Eit viktig ankepunkt var at det var åtte større eller mindre avvik på ni forskjellige lover og retningslinjer.

Universitetsstyret vedtok for ni dagar sidan at arbeidet med å retta opp avvika måtte haldast fram, men at målet måtte vera at klinikkdrifta kunne opnast igjen, så snart som mogleg.

– Studentane gler seg

Tysdag kom meldinga om at klinikkane skal opnast igjen på måndag.

   • Les også: Klinikkdrifta på psykologi opnar igjen på måndag

To dagar etter at universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe tok  denne avgjerda, får Uniforum ein kommentar frå ei svært nøgd Karethe Hustad Hansen. Ho er leiar for fagutvalet for profesjonsstudentane i psykologi.

– Eg er veldig glad for at me får opna klinikkane, og eg vil av heile mitt hjarte takka arbeidsgruppa som bokstaveleg tala har jobba dag og natt med å retta opp i feila, seier Hustad Hansen til Uniforum. – Det blir veldig bra å få opna klinikken. Det er mange studentar som har vore uroa for korleis dette har påverka klientane, og dei gler seg til å koma i gang med arbeidet igjen, legg ho til.

Karethe Hustad Hansen vedgår at situasjonen har vore veldig vanskeleg for studentane sidan klinikkane blei stengde av UiO-leiinga den 10. oktober.

– Stenginga førte til veldig mykje uvisse og frustrasjon blant studentane, og mange, meg inkludert, stilte spørsmål ved om reaksjonen til avvika var for drastisk. No ser me framover, og fokuserer på dei andre prosessane på instituttet, lovar ho. 

– Har mista verdifull tid

Karethe Hustad Hansen trur ikkje konflikten har gått ut over kvaliteten på utdanninga til studentane.

– Me aksepterer ikkje at dette får andre konsekvensar for studentane  enn at undervisninga blir skuva på og blir komprimert. Me har vore veldig klare på at kvaliteten på utdanninga ikkje skal reduserast av stenginga. Det er likevel ikkje til å koma unna at studentane har mista verdifull tid, og at det hadde vore betre om dette var unngått, understrekar ho.

Innskjerpinga av reglane for klinikkdrifta på Psykologisk institutt kjem til å få praktiske konsekvensar. 

– Me jobbar no med å tilpassa undervisninga til dei nye krava, til dømes at me ikkje kan bruka film på same måte som me har gjort. Eg har full tru på arbeidsgruppa si evne til å finna gode mellombelse løysingar, seier ho. Vedtaket frå Universitetsstyret er ho også godt nøgd med. 

  • Les også:  UiO-rektor Svein Stølen godt nøgd med samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt

– Forsiktig optimistisk

Om nivået på konflikten ved instituttet vil gå ned, trur ho vil vera avhengig av korleis det vidare arbeidet blir utført.

– Konfliktnivået var relativt høgt også før stenginga, nettopp fordi det var mange som ikkje følte seg høyrt og representert. Det er mange ulike interesser på instituttet, og det er naturleg at alle ikkje alltid er einige. Det er derfor viktig med gode prosessar slik at ein skjønar kvifor og korleis avgjerdene blir tatt. Signala frå  studentrepresentantane gir meg grunn til å vera forsiktig optimistisk til at konfliktnivået vil vera ganske mykje lågare framover, trur leiar for fagutvalet, Karethe Hustad Hansen.

Bent Høie sender ut rundskriv om universitetsklinikkar

Tidlegare i dag blei det kjent gjennom nettavisa Khrono at helseminister Bent Høie vil senda ut eit rundskriv for å gjera det tydeleg kva regelverk som gjeld dersom utdanningsinstitusjonar yter helse- og omsorgstenester som ein integrert del av utdanninga. Det skjedde då han svarte på eit spørsmål frå AUF-leiar Mani Husseini.

Etter Bent Høies oppfatning bør nyutdanna psykologar derfor ha kompetanse og kjennskap til heile spekteret av ulike teneste- og behandlingstilbod. «Jeg legger til grunn at utdanningsinstitusjonene, herunder Universitetet i Oslo, tar hensyn til dette – og også i framtiden utdanner psykologer som innehar nødvendig breddekompetanse til at de kan jobbe i ulike deler av helse- og omsorgstjenestene.» skriv Bent Høie i svaret til AUF-leiar Mani Husseini, ifylgje Khrono.

Måndag 6. november blir altså dagen både dei tilsette og studentane har venta på i nesten ein månad. For då vil klinikkane på Psykologisk institutt opna igjen. 

Emneord: Psykologi, Universitetspolitikk, Studentforhold, Psykologisk insitutt Av Martin Toft
Publisert 2. nov. 2017 17:19 - Sist endra 3. nov. 2017 14:13

Jeg har fått respons fra psykologistudenter som reagerer på min uttalelse her, så for å klargjøre: Jeg mener på ingen måte at dette ikke har påvirket utdanningen til studentene som jobber i klinikken. Jeg beklager at jeg ikke var klar nok i uttalelsen, usikkerhet rundt hvorvidt jeg støtter studentene er en ekstra påkjenning de ikke trenger. Jeg har aldri sagt at jeg ikke tror konflikten har gått ut over kvaliteten på utdanningen, og jeg mener som sagt heller ikke det. Jeg fikk spørsmålet "Kva konsekvensar har stenginga fått for studentane?". Mitt poeng er at vi ikke vil akseptere at kvaliteten på utdanningen reduseres, og at instituttet SKAL komme med tiltak som kompenserer for det studentene i praktikum har tapt. Det ble også tatt opp at det å bli hørt ikke er det samme som å kunne påvirke, og at det er påvirkningsmulighet som er viktig, ikke konfliktnivået på instituttet. Jeg er helt enig. Igjen svarte jeg på et konkret spørsmål om "konflikten nå er over" noe jeg ikke synes kommer frem i artikkelen. Det er nettopp fordi jeg har fokus på prosess og at dette var problematisk også forut for stengingen at jeg valgte å inkludere prosess i mitt svar. Jeg har alltid ment at det ikke er nok at studentene informeres. Jeg mener likevel at prosessen (i den grad det kan kalles en prosess i det hele tatt) burde vært mer gjennomsiktig, fordi jeg opplever at det var mye vanskeligere enn det burde vært å sloss mot beslutningene fordi grunnlaget for dem var så skjult. Hadde det vært kjent hvor dårlig informasjonsgrunnlaget var hadde det vært lettere for oss å motarbeide prosessen tidligere. Dette utsagnet står jeg derfor ved, men det kunne vært klarere hva jeg svarer på. Igjen, beklager jeg ikke formidlet alvoret i situasjonen. Jeg er enig i at det har vært alvorlig for deres utdanning og forstår at det har gått ut over også andre fag når situasjonen er så uavklart og usikker, og hvor stressende dette har vært. Jeg vet hvor mye det har påvirket meg, og jeg har ikke klienter å bekymre meg for i tillegg til alt annet. Min intensjon var å legge press på at alle tap skal kompenseres for, og å få frem at jeg regner med at instituttet gjør det som trengs. Koste hva det koste vil.

karetheh@uio.no - 10. nov. 2017 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere