Instituttleiar Pål Kraft: Var skeptisk til å stengja klinikken på psykologi

– I ettertid er eg einig i avgjerda til universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe om å stengja klinikken på Psykologisk institutt. Men då det blei bestemt, syntest eg det var å overreagera. Det vedgår instituttleiar Pål Kraft ved Psykologisk institutt. Håpet er at klinikken kan opnast igjen i neste veke.

TØFT:  Pål Kraft har hatt ein hard tørn som instituttleiar ved Psykologisk institutt dei siste vekene. – Det var ganske tøft til tider. Kona mi er psykolog og sonen min er stipendiat på Psykologisk institutt. Begge fekk høyra ganske negative skildringar av meg. Samtidig fekk eg full oppbakking både på det menneskelege og det faglege plan frå både UiO-leiinga og frå dekan Nils von der Fehr.

Foto: Ola Sæther

Uniforum møter instituttleiar Pål Kraft to dagar etter at Universitetsstyret samrøystes vedtok ein plan for korleis situasjonen ved klinikkdrifta på Psykologisk institutt skulle handterast vidare. Sidan stenginga av klinikken den 10. oktober og fram til vedtaket i Universitetsstyret hadde han munnkorg. Alle kommentarar skulle bli gitt gjennom universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe eller andre i UiO-leiinga. No kan han endeleg uttala seg til Uniforum.

  • Les også: UiO-rektor  Svein Stølen godt nøgd med samrøystes vedtak om klinikkdrifta på Psykologisk institutt

Dette er klinikkane ved Psykologisk institutt:

  1. Barn- og familieklinikken ved Nic Waals institutt på Lovisenberg diakonale sykehus
  2. Klinikk for nevropsykologi (åtte pasientar i året)
  3. Klinikk for dynamisk terapi (rundt 40 pasientari året)
  4. Klinikk for integrativ psykoterapi (rundt 27 pasientar i året).    Til saman har vaksenklinikkane 75 pasientar i året. Barne- og familieklinikken var den einaste som ikkje blei stengt. (Kjelder: Psykologisk institutt, UiOs nettsider)

– Etter at universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe tok avgjerda om å stengja klinikken etter å ha fått rapporten om alle avvika der frå meg som instituttleiar og frå SV-dekan Nils von der Fehr, forstår eg godt at dei ville svara pressa sjølve. Då Gunn-Elin Aa. Bjørneboe bestemte seg for å stengja klinikken gjorde ho det utifrå føre-var-prinsippet. Om UiO hadde fått all denne dokumentasjonen av avvik på bordet utan å gjera noko med det, og så hadde det skjedd noko med ein pasient eller ein student, då kunne Universitetet i Oslo ha kome opp i store problem. Det tok dei ikkje sjansen på. I dag støttar eg den avgjerda, sjølv om eg altså ikkje var overtydd om at det var det rette å gjera akkurat då, seier Pål Kraft til Uniforum.

 • Les også: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt

– Ganske tøft

I dagane etterpå var det protestaksjonar frå psykologistudentane, samtidig som fagleg tilsette gjekk hardt ut mot stenginga i media.

 – Korleis var det for deg å bli brukt som hoggestabbe av dei som var imot stenginga?

– Det var ganske tøft til tider. Kona mi er psykolog og sonen min er stipendiat på Psykologisk institutt. Begge fekk høyra ganske negative skildringar av meg. Samtidig fekk eg full oppbakking både på det menneskelege og det faglege plan frå både UiO-leiinga og frå dekan Nils von der Fehr. Det er eg svært takksam for. Samtidig er det overraskande å sjå kor enormt høg temperatur det blei, og kor mange kommentarar som blei publiserte på Facebook og Twitter, medan det også kom fleire medieutspel, konstaterer han.

 • Les også: - Dramatisk å stengja klinikken

– Ser ikkje bakgrunnen for handlinga

Pål Kraft er professor i helse- og sosialpsykologi, og han analyserer gjerne det som skjedde som ei lita feilslutning.

– Det blei gjort fundamentale attribusjonsfeil. Dei set det å ta ei avgjerd i samanheng med personlege eigenskapar hos ein person. Dei ser for liten grad den situasjonen som den personen står oppe i. Dei ser instituttleiar Pål Kraft som den einaste aktøren bak alle avgjerder, sjølv om eg har med meg både forskingsleiar Tor Endestad og utdanningsleiar Trine Waaktaar i leiargruppa. Og dei såg ikkje den situasjonen me stod oppe i. Me var situasjonalt styrt, ikkje styrt av dei personlege preferansane våre. Med andre ord ser dei ikkje bakgrunnen for handlinga, seier han.

Sjåfør i ukjent område

Pål Kraft drar også fram eit lite døme for å gjera det endå tydelegare:

 – Om eg kjører bil i eit ukjent område, så seinkar eg farten for å finna den gateadressa eg er ute etter. Om det kjem ein annan bil bak meg, så vil han kanskje fløyta på meg og kalla meg for ein idiot. Men det er fordi han ikkje veit at sjåføren er ukjent i det området, forklarar han.

– Dugnadsånd

Det var tre av vaksenklinikkane på Psykologisk institutt som blei stengde den 10. oktober. Den fjerde klinikken, barne- og familieklinikken på Lovisenberg, blei ikkje omfatta av stenginga.

Instituttleiar Pål Kraft gir honnør til alle dei tilsette korleis dei takla avgjerda og meldinga om at det skulle lagast to granskingsrapportar om situasjonen for klinikkdrifta ved Psykologisk instittut.

– Dei stod på dag og natt for å skaffa dokumentasjon både til Kluge Advokatfirma AS og til Internrevisjonen ved UiO, slik at dei kunne ha eit best mogleg grunnlag for rapportane sine. Ja, eg vil seia at dei har vist ei skikkeleg dugnadsånd, synest Pål Kraft.

 • Les også: Internrevisjonen med hard kritikk av klinikkdriften ved Psykologisk institutt

– Rett å stengja

Då stenginga var eit faktum, sette han og dei andre i instituttleiinga ned ei eiga gruppe med representantar både frå klinikarane og frå administrasjonen, som skulle gå gjennom avvika og finna ut korleis dei kunne avhjelpast. Den gruppa har også gjort ein svært god jobb. Difor er håpet at klinikken kan opnast igjen i neste veke. Men då vil den ha vore stengt i tre veker, og det tyder på at det var rett å stengja den, meiner han.

 – Kva har skjedd med pasientane og studentane som skulle ha brukt den i desse vekene?

– Alle pasientar har blitt kontakta og fått tilbod om konsultasjonar eller samtalar i den grad dei har hatt behov for det. Og det har også skjedd, anten berre med psykologspesialist til stades, eller saman med både psykologspesialist og studenten som blir rettleia. Når det gjeld studentane, er det ingen som taper studietid på stenginga av klinikken. Alle vil få avgangspapira i rett tid, og vil ikkje ha behov for meir tid på å bli ferdigutdanna psykologar, garanterer han.

  • Les også:  Mogleg å opna klinikkane igjen, men ikkje enno

– Må ha private konsultasjonar utanfor UiO

Det blir likevel ein god del endringar på gang for dei fagleg tilsette på Psykologisk institutt. Dei åtte psykologane som har drive klinikken og som har fått 100 000 kroner i driftstøtte frå Helse Sørøst for å ta imot konsultasjonar, kan ikkje lenger ha konsultasjonane på kontora sine.

– Nei, frå januar 2018 må dei bruka lokale utanfor Universitetet i Oslo til slike konsultasjonar som me reknar som sidegjeremål. Og me oppfordrar dei tilsette hos oss til å ha slike sidegjeremål, slik at dei også kan praktisera som klinikarar. Men alle var i god tru då dei begynte å ha konsultasjonane på kontora sine, seier han.

RYKK TILBAKE TIL START! – Etter vedtaket i Universitetsstyret har me fått den same meldinga som me ofte får i brettspel: Rykk tilbake til start, seier instituttleiar Pål Kraft på Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo.(Foto: Ola Sæther)

– Rykk tilbake til start!

– Kva vil skje no med klinikkdrifta på Psykologisk institutt?

– Etter vedtaket i Universitetsstyret har me fått den same meldinga som me ofte får i brettspel: Rykk tilbake til start. For oss inneber det at me må gjera det på tre måtar: Me må laga eit system for drifta av klinikken med grunnlag i tilrådingane i rapportane frå Kluge Advokatfirma og Internrevisjonen. Me må oppretta ein forsvarleg kvalitetskontroll og ha gode systemrutinar. Det er eit arbeid som me gjennomfører både på kort og på lang sikt. Me må også tilbake til start når det gjeld ulike modellar for organisering av studentklinikkane. Me skal greia ut ulike modellar.

– Tar sjølvkritikk

– Dessutan har me fått kritikk for manglande involvering av studentane i prosessen som førte til stenging av klinikken. Dei tilsette har vore meir med i diskusjonane. Me har stolt for mykje på at det var nok å informera studentrepresentantane som sit i styret og i rådgjevande. Eg tar sjølvkritikk på at eg skulle ha late dei uformelle diskusjonane gå sin gang, før sakene kom opp til formell handsaming i styret. Med vedtaket i Universitetsstyret har me fått litt vaksenopplæring i korleis dei demokratiske prosessane fungerer på UiO. Først skal med ha ei sak oppe i institutt- og fakultetsstyre, før Universitetsstyret får saka.

– Men det har aldri vore på tale å leggja ned praktikum eller praksisutdanninga for dei som tar profesjonsstudiet i psykologi?

– Nei, det har aldri vore aktuelt. Det er ei misoppfatning som har levd i ulike media gjennom fleire veker. Me ynskjer å styrkja praksiselementet på psykologiutdanninga, understrekar han.

Det var striden mellom legar og psykologar om kven som skulle ta hand om psykiatrien, som var forhistoria til at det blei starta ein klinikk på Psykologisk institutt for 43 år sidan.

– Grunnen var at i norsk psykiatri spelte psykologar inga rolle. Derfor starta dei ein klinikk på eigne premiss. Dessutan ville dei driva forsking på pasienten, og ha eit ankerfeste for psykoterapien i Noreg, fortel Pål Kraft.

 

Emneord: Studentforhold, Psykologi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2017 04:00 - Sist endra 27. okt. 2017 10:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere