– Dramatisk å stengja klinikken

– Det er dramatisk over natta å stengja ein klinikk der over 40 pasientar for tida går til behandling. Fleire pasientar  har vendt seg til meg i dag, og er urolege over det som skjer, seier klinikkleiar og professor Siri Erika Gullestad ved Psykologisk institutt på UiO til Uniforum.

BEKLAGELEG: – Eg meiner det er sterkt beklageleg at UiO har gått til stenging av klinikken. Det har ikkje vore noka alvorleg hending der, seier klinikksjef og professor Siri Erika Gullestad ved Psykologisk institutt på UiO.

Foto: Ola Sæther

Det var tysdag ettermiddag universitetsleiinga bestemte seg for å stengja klinikken ved Psykologisk institutt. Grunngjevinga var at ting tyder på at drifta ikkje er i samsvar med gjeldande lovverk. Dette kom fram i samband med arbeidet med å innleia eit samarbeid med Lovisenberg diakonale sykehus om klinikkdrift, heiter det i ei pressemelding frå Universitetet i Oslo.

      •  Les også: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt

Derfor har universitetsleiinga bede om ei grundig juridisk vurdering av alle sider av klinikkdrifta ved Psykologisk institutt, og internrevisjonen ved UiO er også varsla om saka, heiter det i pressemeldinga.

– Inga alvorleg hending

Klinikkleiar og professor Siri Erika  Gullestad ved Psykologisk institutt ristar på hovudet over avgjerda til universitetsleiinga.

– Eg meiner det er sterkt beklageleg at UiO har gått til stenging av klinikken. Det har ikkje vore noka alvorleg hending der. Det er dramatisk over natta å stengja ein klinikk der over 40 pasientar for tida går til behandling. Fleire pasientar  har vendt seg til meg i dag, og er urolege over det som skjer. Det einaste som har skjedd, er at det er nokre systemrutinar som ikkje er formaliserte,  seier klinikkleiar og professor Siri Erika Gullestad.

Ho er den første av dei vitskaplege tilsette på Psykologisk institutt utanfor instituttstyret som uttaler seg til pressa om denne saka. Tidlegare har ho også vore instituttleiar ved Psykologisk institutt.

Det var tysdag denne veka universitetsleiinga avgjorde å stengja klinikken inntil vidare.

Fryktar stenginga går utover pasientane

Etter Gullestads oppfatning er det ein overreaksjon å stengja klinikken.

– Statens helsetilsyn har rutinekontrollar i klinikkverksemder og då endar det ikkje sjeldan med ei sjekkliste som klinikken får beskjed om å utbetra i løpet av ei bestemt tid. Men dei gir ikkje beskjed om å stengja klinikken med ein einaste gong slik som UiO-leiinga gjorde i dette tilfellet – med mindre det er fare for liv og helse,  seier Gullestad. Ho fryktar at stenginga vil gå hardast utover pasientane.

– Utgangspunktet for kvalitetskontroll av helsetilbod er omsynet til pasientane. Det skal mykje til å stengja pasientane ute frå eit behandlingsløp som dei er inne i.

Ho peikar på at eit avvik i systemrutinar til dømes kan vera at nokon har gjort klinikkleiaren merksam på at døra til eit studentarbeidsrom stod ope.

– I slike tilfelle syter me for at avviket blir handtert. Men me har mangla ei systematisk loggføring av slike avvik.  Me arbeider no på høggir i nær dialog med institutt- og universitetsleiinga for å få på plass dei systemrutinane som har vore mangelfulle, opplyser ho.  Klinikken er delt i to med to ulike tilbod: Klinikk for integrativ psykoterapi og Klinikk for dynamisk terapi.

– Har ikkje vore alvorlege hendingar

I over 40 år har Psykologisk institutt drive behandling av pasientar på klinikken.

– Og i løpet av dei åra har det ikkje vore alvorlege hendingar eller klager på verksemda, understrekar ho.

– Både tilbodet og praksisen til psykologistudentane på klinikken har fått gode evalueringar. Eg har ikkje kjennskap til at det frå noko hald er blitt reist tvil om behandlinga er fagleg forsvarleg, legg ho til.

No er Gullestad uroleg for både kva som skal skje med pasientane og praksisen til studentane den tida klinikken er stengt.

– Studentane får ei intensiv rettleiing. Behandlingstimane deira blir tatt opp på video. Så god oppfølging som me har av dei på klinikken, vil dei knapt få seinare i karrieren sin, er ho viss på. 

– Høgt verdsett

Det var onsdag morgon klinikken blei stengt, men klinikken har fått beskjed om at me kan rekna med  at den vil kunna opna igjen måndag 23. oktober. 

– Eg er uroleg både for pasientane som er avhengige av å ha faste timeavtalar og for studentane i 11. og 12. semester som er avhengige av å få den naudsynte praksisen. Så reint fagleg-etisk burde konsekvensane av ei slik stenging vore betre greidde ut på førehand. Tilbodet me gir til pasientane våre blir høgt verdsett, slår ho fast.

– Alvorleg

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kom tysdag med fylgjande forklaring på kvifor UiO hadde bestemt seg for å stengja klinikken:

–  Universitetet i Oslo ser alvorleg på denne saka. Det skal ikkje vera nokon tvil om at all verksemd ved UiO er i samsvar med gjeldande lovverk, går det fram av ei pressemelding.  Der står det også at UiO skal fylgja opp saka i nært samarbeid med leiinga ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Psykologisk institutt. 

Studentar demonstrerte

Uroa på Psykologisk institutt starta då instituttleiinga med instituttleiar Pål Kraft i brodden foreslo at klinikken skulle flyttast ut av instituttet. I september demonstrerte studentane like før styret skulle gjera eit endeleg vedtak. Derfor blei avrøystinga utsett.

Studentavisa Universitas kontakta instituttleiar Pål Kraft i går, men då ville han ikkje kommentera saka. Studentane ved instituttet viste derimot misnøya si tydeleg i går ettermiddag ved å møta opp på eit allmøte om praksis med Helse Sør-Øst med munnen teipa igjen. Då møtet hadde begynt, fjerna dei teipen, og nokre av dei ropte «Vi blir ikke hørt!», ifølgje Universitas.  

Emneord: Psykologi, Universitetspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2017 01:21 - Sist endra 12. okt. 2017 01:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere