Kulturhistorisk museum leier digitalisering av arkeologiske samlingar

Kulturhistorisk museum ved UiO skal leia ei nasjonal satsing på digitalisering av arkeologiske funn. UiO skal også leia eit satsing innanfor partikkelfysikk. Begge prosjekta skal gå over tre år og er finansierte av Forskingsrådets løyving til infrastruktur i forskinga. 

DIGITAL DOKUMENTASJON: I framtida blir det endå meir digital dokumentasjon om dei arkeologiske utgravingane I Noreg. På biletet presenterer professor Dagfinn Skre funna frå Kaupang-utgravingane. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var stor begeistring på Kulturhistorisk museum ved UiO då dei i går ettermiddag fekk vita at Forskingsrådet hadde gitt pengar til prosjektet Archaelogical Digital Excavation Documentation (ADED). 

Med på laget blir både Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetsmuseet i Tromsø og Riksantikvaren.  Prosjektet er eitt av mange prosjekt som ii går  fekk tildelt til saman 1 milliard kroner frå Forskingsrådet  til utbygging av infrastruktur i forsking.

– Kan gjerast ope tilgjengeleg

Seksjonssjef Torunn Klokkernes i Seksjon for samlingsforvaltning ved Kulturhistorisk museum er svært nøgd med tildelinga.

– Gleda er stor over at me no - saman med dei tre andre arkeologiske fagmiljøa i samarbeid med Riksantikvaren kan leggja til rette for at den store mengda med arkeologisk feltdokumentasjon kan gjerast ope tilgjengeleg for både forsking, formidling og for det vanlege publikum. Det er ei stor glede for oss at me kom gjennom med denne søknaden, fortel Torunn Klokkernes til Uniforum. 

Les meir om Kulturhistorisk museum: Frå vikingskipshus til vikingtidsmuseum

Pengane kjem altså frå forskingsprogrammet Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur i Forskingsrådet. Klokkernes fortel at ansvaret som universitetsmusea har for å lagra og gjera tilgjengeleg dokumentasjonen av arkeologiske undersøkingar i Noreg, blir lettare å få til når dette prosjektet er ferdig om tre år. Ho viser til at tidlegare analog dokumentasjon i løpet av dei siste ti åra har vorte erstatta av digital dokumentasjon.

Kulturhistorisk museum, dei andre universitetsmusea og NIKU har tatt i bruk felles løysingar, for dokumentasjon av arkeologiske utgravingar.

– Det mange år lange samarbeidet universitetsmusea har hatt gjennom MUSIT (Universitetsmusea sin IT-organisasjon) har gitt eit godt grunnlag for ei vellykka gjennomføring av prosjektet ADED, trur Torunn Klokkernes.

Les meir om Kulturhistorisk museum: Stråler over pengedryss til Kongsgårdsprosjektet på Avaldsnes

Etter hennar meining vil dette forskingsprosjektet gjera den digitale utgravingsdokumentasjonen tilgjengeleg for forskarar, forvaltning og det vanlege publikummet gjennom gode nettløysingar der alle kan søkja, få oversyn og lasta ned dei data dei er interesserte i.

– Hovudmålet med prosjektet er å gi tilgang til utgravingsdokumentasjon gjennom ein felles infrastruktur. Nye inngangar til eksisterande ressursar vil skapa nye moglege utvegar for mellom anna kvantitativ og kvalitativ forsking, er Torunn Klokkernes viss på.

Forskarane etterspør løysingar på tvers

Det er om lag 150 utgravingar kvart år i Noreg, og i tillegg kjem registreringar og mindre undersøkingar som vert gjennomførte av fylkeskommunane. 

– Forskarane etterspør i aukande grad betre løysingar for å sjå samanhengar på tvers av enkeltundersøkingar, og ein samla tilgang på det arkeologiske materiale, har difor enormt mykje å seia for forskinga, seier Torunn Klokkernes til Uniforum.

Les meir om Kulturhistorisk museum: Kaupang-prosjektet komplett

Kulturhistorisk museum er eitt av to forskingsmiljø ved UiO som skal leia kvar sine  prosjekt som med pengar frå satsinga på infrastruktur i forsking denne gongen. Men fleire fagmiljø ved UiO deltar og samarbeider med andre store infrastrukturprosjekt innanfor dei norske forskingsinstitusjonane også.

- Held trykket oppe

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier seg svært nøgd med å ha gitt denne løyvinga:

– Me held trykket oppe i finansieringa av forskingsinfrastruktur. Dette er avgjerande investeringar for å gi næringslivet eit konkurransefortrinn og for å gjera det mogleg for forskingsmiljøa å hevda seg heilt i toppen internasjonalt, seier Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Også administrerande direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet er glad for å kunna dela ut denne milliarden:

– Me har hatt ein god vekst i utstyrsbudsjettet dei seinare åra Topp moderne dataanlegg, laboratorium og utstyr er avgjerande for å byggja  opp forskingskapasiteten på nasjonalt prioriterte satsingsområde. Den høge søknadssummen til denne utlysinga viser at det framleis er eit  stort udekka  behov for å setja  i gang nye prosjekt, men også for å oppgradera og videreutvikla infrastrukturar som har vist seg å fungera godt, seier Røttingen i ei pressemelding.

Dette er dei 19 fagmiljøa som får tildelt til saman 1 milliard kroner til utbygging av infrastruktur:

Prosjekttittel / infrastruktur

Konsortium som søker
(Vertsinstitusjon i fet)                      

Bioressurser

 

Norwegian Biorefinery Laboratory

Papir og Fiberinstituttet AS,
SINTEF Energi, SINTEF Materialer og kjemi, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og NIBIO 

EMBRC Norway - The Norwegian Node of the European Marine Biolological Resource Center 

Universitetet i Bergen, Havforskningsinstituttet, NTNU, Universitetet i Oslo (UiO), NIVA, Norges arktiske universitetet (UiT), NOFIMA AS

Bioteknologi

 

ELIXIR Norway - a distributed infrastructure for the next generation of life science

Universitetet i Bergen,
UiO, NTNU, UiT, NMBU

E-infrastruktur

 

E-INFRA 2016 - a national e-infrastructure for science

UNINETT Sigma2,
NTNU, UiT, UiB, UiO

NelC-Norway: Norwegian participation in the Nordic e-Infrastructure Collaboration

UNINETT Sigma2,
Danish e-Infrastructure Cooperation (DEIC), Finnish Centre for Scientific Computing (CSC), Icelandic University Research Network (RHnet), Swedish National Infrastructure for Computing (SNIC), UiB, UiO og NORDFORSK.

IKT

 

Experimental Infrastructure for Exploration of Exascale Computing                         

SIMULA Research Laboratory AS,
UiT, UiB, SIRUIS Centre for Scalable Data Access, Big Insight, Center for Cardiological Innovation, UNINETT Sigma2, Dolphin Interconnect Solutions AS, Numascale AS, Fabriscale technologies AS og Oracle Norway.

Fornybar energi

 

National Laboratories for an Energy Efficient Industry (HighEFFLab)

SINTEF Energi
NTNU og Stiftelsen SINTEF

Future distribution and transmission electrical grid components lab - ELPOWERLAB

SINTEF Energi

Petroleumsteknologi

 

Tiller Multiphase Flow Laboratory

SINTEF Petroleum

Grunnleggende naturvitenskap

 

Enabling LHC Physics at Extreme Collision Rates

Universitetet i Oslo,
UiB, Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Sørøst-Norge

Medisin og helse

 

The Norwegian Primary Care Research Network

Universitetet i Bergen,
UiO, UiT, NTNU, UNI Research, Universitetssykehuset i Nord-Norge

Norwegian Molecular Imaging Infrastructure (NORMOLIM)

NTNU
UiB, Universitetssykehuset i Oslo

Humaniora

 

Archaeological Digital Excavation Documentation (ADED)

Kulturhistorisk museum,
Universitetet i Stavanger Arkeologisk museum, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetsmuseet i Tromsø, Riksantikvaren.

Samfunnsvitenskap

 

ACCESS Life Course Database: Upgrade and Expansion

Høgskolen i Oslo og Akershus,
UiO, Universitetet i Agder (UiA), Norsk senter for forskningsdata (NSD), UiB, Erasmus-universitetet Rotterdam, Max Planck-instituttet.  

Klima og miljø

 

Infrastructure for Norwegian Earth System modelling

Uni Research,
Meteorologisk institutt, Norsk Institutt for Luftforskning (NILU), UiB, UiO, Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling (NERSC),

A Norwegian Argo Infrastructure - a contribution to the European and global Argo infrastructure

Havforskningsinstituttet,
UiB, Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling (NERSC), Meteorologisk institutt, Akvaplan NIVA, UNI Klima ved UiB.

Nanoteknologi og avanserte materialer

 

Norwegian Laboratory for Mineral and Materials Characterisation

NTNU,
SINTEF materialer og kjemi, Norges Geologiske Undersøkelse (NGU)

Maritim teknologi

 

The Marine Technology Laboratories - Required Upgrading and Developments (Phase III)

Norsk Marinteknisk Forskningsinstitutt,
NTNU

Annen teknologi

 

Norwegian Manufacturing Research Laboratory

NTNU,
SINTEF Raufoss Manufacturing, Stiftelsen SINTEF

(Kjelde: Forskingsrådet)

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Kulturhistorisk museum, Forskning Av Martin Toft
Publisert 27. juni 2017 01:32 - Sist endra 27. juni 2017 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere