Frå vikingskipshus til vikingtidsmuseum

Ein gong før 2025 opnar verdas beste og viktigaste vikingstidsmuseum på Bygdøy. Men før den tid, er det mange ting som må på plass.

VIKINGTIDSMUSEUM: Skissa viser ein modell av det nye Vikingtidsmuseet per november 2016. Det kan bli endringar i det endelege skisseprosjektet. (Illustrasjon: Arkitektfirmaet AART)

Inne i Vikingskipshuset ved baugen av Osebergskipet står avdelingsdirektør og prosjektkoordinator Karsten Aase-Nilsen, seksjonssjef Torunn Klokkernes i Seksjon for samlingsforvaltning og Ellen Marie Næss, museumslektor og delprosjektansvarleg for Nye utstillingar. Dei diskuterer alle kva nye, moglege utsikter som opnar seg når det nye Vikingstidsmuseet står ferdig.

– Dette er realiseringa av ein draum. Når det nye museet opnar kan me lova verdas viktigaste, mest spektakulære og beste, om ikkje største, utstilling om vikingane, seier Ellen Marie Næss. Karsten Aase-Nilsen har også store vyar for Vikingstidsmuseet.

– Det skal bli mogleg for dei besøkjande å vera her heile dagen, få med seg alle vikingskipa, læra masse historie om vikingtida og kunna ta seg ein matbit eller eit glas i restauranten. Ja, dette blir statens gåve både til folk i Oslo, til nasjonen Noreg og til verda, trur han.

Skipa skal flyttast når bygningen er ferdig

Aase-Nilsen likar svært godt det siste utkastet til den nye museumsbygningen frå arkitektfirmaet AART frå Århus i Danmark. Der går det fram at kvart av dei tre skipa i Vikingskipshuset på Bygdøy vil bli plasserte i kvar si fordjuping rundt 50-60 meter frå den plassen dei står på i dag. Gjenstandane som blei funne saman med skipet skal stå like ved.

– Planen er at skipa skal sikrast mot vibrasjonar og bli ståande på noverande plass til det nye bygget er ferdig, og så skal dei flyttast til dei nye posisjonane i nybygget. Når ein er ferdig med dette, byrjar rehabiliteringa av den gamle bygningen, fortel Karsten Aase-Nilsen.

Skal finna vekta på Osebergskipet

Men det er mange spørsmål ein må arbeida vidare med. For sikrings- og bevaringsansvarleg Torunn Klokkernes understrekar at dei framleis arbeider for å finna den beste løysinga på korleis flyttinga skal kunne gjennomførast.

– Difor har fagfolka i Statsbyggs «Sikringsprosjekt» i samarbeid med KHM sitt eige «Saving Oseberg»-prosjekt plassert sensorar på skipa og på golvet rundt vikingskipa for å måla kva for vibrasjonar gjenstandane vert utsette for. Støttene som held oppe skipa, er frå den tida då skipa vart plasserte i Vikingskipshuset, så difor må me òg arbeida for å koma fram til nye støttemetodar, fortel ho. Men det er ikkje det einaste spørsmålet dei gjerne vil finna svar på.

– Akkurat no arbeider me mykje med å finna ut kor mykje Osebergskipet veg. Det har ingen prøvt tidlegare, slår ho fast.

– Enno ingen sikker modell for flytting

– Oppgåva til Sikringsprosjektet i samarbeid med oss er å utvikla ein modell for å kunna flytta på skipa inne i bygningen. Men dette tek tid – og førebels har me ikkje kome fram til ein god og sikker modell. Men ekspertar på mange ulike fagfelt innanfor sikring og bevaring jobbar både med skipa og på redningsprosjektet «Saving Oseberg». Håpet vårt er at me skal ha klart å koma fram til ein god og trygg modell på slutten av 2017 eller kanskje ikkje før i 2018. Me arbeider ut frå ein føresetnad om at me skal lukkast i dette, understrekar Torunn Klokkernes.

– Verdas flottaste vikingstidsmuseum

Det likar prosjektkoordinator Karsten Aase-Nilsen å høyra.

– No har me fått flotte, oppdaterte teikningar av vikingtidsmuseet frå arkitektfirmaet AART . Dei har heile tida vore flinke til å ta omsyn til innspel frå oss i Kulturhistorisk museum, og frå prosjektleiinga i Eigedomsavdelinga til UiO. Når museet opnar, vil Noreg få verdas flottaste og viktigaste museum om vikingtida, er han viss på.

– Ikkje noko museum er i nærleiken av å ha slike funn som me har, korkje i Skandinavia eller andre stader i verda, seier Aase-Nilsen.

Det er likevel eit godt stykke fram. No held dei på med å avslutta arbeidet med skisseprosjektet, så kjem forprosjektet og til slutt skal prosjektet utgreiast i ein såkalla KS-2-prosess.

– Om det går gjennom der, vonar me at det ikkje går lenge før regjeringa legg fram forslag om byggeløyving over statsbudsjettet. Normalt vil det gå om lag fire år frå ei byggjeløyving ligg føre til bygget kan stå ferdig. Me som arbeider ved museet har sjølvsagt ei von om at det nye museet skal kunne opnast for publikum så raskt som mogleg, men me veit aldri, det kan sjølvsagt komme forseinkingar og ein er uansett avhengig av at regjeringa finn rom for å prioritera prosjektet, understrekar Aase-Nilsen.

Han peikar også på at i det nye museet vil ein stille ut både sjølve vikingskipa og vikingskipsfunna, men også mykje meir enn i dag av dei mange andre gjenstandane som er funne frå vikingtida i Noreg.

Nye utstillingar

– Den største oppgåva utanom bygginga av sjølve museet, vil difor vera å utvikla heilt nye utstillingar. Dette vil verta den største utstillinga me nokosinne har bygd, og kostnaden vil heilt sikkert ligge på ein tresifra millionsum. For å få finansiert dette, må me både skaffa oss eksterne sponsorar, og arbeida med å få øyremerkte løyvingar frå styresmaktene. I første omgang vil me i løpet av denne månaden tilsetja ein prosjektleiar som skal leia arbeidet med utviklinga av dei nye utstillingane, opplyser han til Uniforum.

Ellen Marie Næss er i dag ansvarleg for omvisinga av skuleklassane og for utstillingane i Vikingskipshuset. Ho ser føre seg heilt andre utstillingar i framtida.

– Det er viktig å ta omsyn til barna som kjem på besøk. Difor må alt vera lett tilgjengeleg for barna, og utstillinga må handla om noko meir enn når vikingtida begynte og når den tok slutt. Den må også handla om kva vikingtida kan læra moderne menneske. Det som er heilt sikkert er at vikingane var opptekne av å skaffa seg impulsar frå land svært langt frå Noreg. Det viser dei gjenstandane me har funne i skipsgravene frå vikingtida, seier ho.

– Dei besøkjande vil også få høve til å ta ein titt bak i kulissane der arkeologane og konservatorane jobbar med gjenstandane. På den måten vil me syna fram det arbeidet som går føre seg, før gjenstandane blir viste fram i museet. Dessutan vil me leggja til rette for uteaktivitetar i parken rundt bygningen, fortel ho.

– Får endeleg den presentasjonen dei fortener

Karsten Aase-Nilsen trur at det endelege resultatet blir svært bra.

– Vikingskipa og gjenstandane frå vikingtida vil endeleg få den presentasjonen som dei fortener som ein viktig del av verdas kulturarv. Det er også ein av grunnane til at den kjende vikingtidsforskaren Gareth Williams frå British Museum har takka ja til å sitja i Kulturhistorisk museums styringsgruppe for det nye museet. Det var han som var hovudkurator for den store utstillinga «The Vikings» som kom til både København, Berlin og London, men var for stor til å bli sett opp i Oslo, fortel han.

I år har over 500 000 besøkt Vikingskipshuset på Bygdøy. Det gjer det til Noregs best besøkte enkeltmuseum.

– Målet er at ein skal auka besøkstalet med 75 prosent, men det kan godt enda opp med ei dobling, altså ein million besøkjande i året. Me håpar og trur at dei fleste av dei vil koma med buss, båt eller sykkel. Og så får me håpa at Oslo kommune og Ruter etter kvart kan få på plass ei betre rutegåande transportløysing sjøvegen. I framtida vil det nemleg bli langt færre parkeringsplassar her enn i dag, understrekar han.

– Ingen fleire skjer i sjøen

Etter at planane om å byggja eit stort nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika blei lagde bort, og det vart endeleg vedteke å byggja eit nytt vikingtidsmuseum knytt til Vikingskipshuset på Bygdøy, har prosessen, etter Karsten Aase-Nilsens meining, gått raskt framover.

– No trur eg ikkje det vil koma fleire skjer i sjøen. Også på Kulturhistorisk museum er det god stemning og haldninga er at dette skal me klara å få til, seier Karsten Aase-Nilsen til Uniforum.

– Og me skal sjølvsagt vera i full jobb fram til Vikingstidsmuseet står ferdig, garanterer Ellen Marie Næss, Torunn Klokkernes og Karsten Aase-Nilsen smilande.

ENTUSIASTISKE: Dei er alle svært entusiastiske for planane for det framtidige vikingtidsmuseet på Bygdøy. F. v. sikringsansvarleg Torunn Klokkernes, utstillingsansvarleg Ellen Marie Næss og prosjektkoordinator Karsten Aase-Nilsen (Foto: Ola Sæther)

Fakta om byggjeprosessen for det nye Vikingtidsmuseet på Bygdøy:

2016: Arkitektkontoret AART frå Århus vann plan- og designkonkurransen med forslaget «Naust».

2016-2017: Statsbygg utarbeider skisseprosjekt.

2017-2018: Arbeid med forprosjektet som grunnlag for den politiske handsaminga; etter dette vil ein vera avhengig av startløyving frå Stortinget.

Når startløyving ligg føre, vil det ta inntil fire år før bygget er ferdig til opning.

År 1-4 etter startløyving. Detaljprosjektering og byggjeperiode.

Samstundes med prosjektering og byggjeperiode: KHM arbeider med å utvikla utstillingane i det nye museet.

Gruppene som planlegg det nye museet i dag:

Prosjektrådet – prosjektet sitt høgste organ, med representantar frå Kunnskapsdepartementet, UiO v/Eigedomsavdelinga og KHM, Kommunal og moderniseringsdepartementet og Statsbygg .

Prosjektleiing i Statsbygg, sjefsingeniør Lasse Kwetzinsky.

UiOs styrings- og koordineringsgruppe - representantar frå universitetsleiinga, Eigedomsavdelinga og Kulturhistorisk museum.

Prosjektleiing ved Eigedomsavdelinga, UiO, seniorarkitekt Trine Faye-Lund.

KHM si Styringsgruppe, leidd av museumsdirektør Håkon Glørstad.

Avdelingsdirektør og prosjektkoordinator Karsten Aase-Nilsen er sekretær for styringsgruppa og bindeleddet mellom alle gruppene som deltek i prosjektet frå KHM si side.

Styret ved Kulturhistorisk museum

Universitetsstyret

 

 

.

Emneord: Vikingskipene, Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 15. des. 2016 13:00 - Sist endra 15. des. 2016 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere