Universitetet i Oslo mest synleg på nett i Norden

UiO er på førsteplass i Norden over dei mest synlege universiteta på nettet. Deretter fylgjer Københavns universitet og Helsingfors universitet.– Plasseringa på Webometrics er ein honnør til forskarane våre og til alle dei som arbeider med nettsidene våre, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.

PÅ TOPP I NORDEN: Studentane ved Universitetet i Oslo kan gleda seg over at dei går på det universitetet som er mest synleg på nett i Norden.

Foto: Julia Loge

Det er den siste rangeringa til Webometrics som viser dette. Den blei offentleggjort heilt i slutten av januar.UiO gjer det også bra i Europa. Der hamnar universitetet på tolvteplass, medan det blir nummer 83 i verda. Det er fem plassar opp samanlikna med plasseringa frå augustmålinga i fjor. På Europa-lista har UiO gått ned frå ellevte- til tolvteplass. Webometrics viser kva universitet som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar tilgjengelege.

Karolinska på åttandeplass i Norden

Rangeringa viser at Universitetet i Oslo altså held stillinga som det mest synlege universitetet i Norden, tett fylgd av Københavns Universitet og Helsingfors universitet. Det beste svenske universitetet, Uppsala universitet tar fjerdeplassen. På dette oversynet kjem det mykje omtalte Karolinska Institutet på ein åttandeplass i Norden. Det gir det berre ein femteplass mellom dei svenske universiteta.

Harvard best i verda

Øvst i verdas meisterliga tronar ikkje uventa Harvard-universitetet, fylgd av Stanford-universitetet og Massachusetts Institute of Technology. Det beste ikkje-amerikanske universitetet er Oxford, som kjem på åttandeplass. Det tar med den plasseringa sjølvsagt også ein klar tetposisjon i Europa, der nabouniversitet i Cambridge kjem på andreplass og University College London på tredje. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege sfæren er ETH Zürich frå Sveits. Det blir nummer fire i Europa og 30 i verda.

NTNU og UiB mellom dei ti beste i Norden

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) blir nummer 59 i Europa, medan Universitetet i Bergen kjem like bak som nummer 60. I Norden blir dei nummer ni og ti.

– Må vera kritiske

Sjølv om Universitetet i Oslo nok ein gong gjer det bra på denne rangeringa, tar rektor Ole Petter Ottersen også eit atterhald.

–Kvar gong eg blir spurt om å kommentera universitetsrangeringar, så seier eg det same: Me må vera kritiske til slike rangeringar sidan det er store problem knytte til fortolking og metodar. Desse problema peikar eg på uansett om me går oppover eller nedover på listene, understrekar Ottersen.

– Me har lykkast

Han ser likevel positivt på UiOs plassering på den siste rangeringa til Webometrics.

– Men i mangel av ein betre målestokk kan me ikkje ignorera desse rangeringane, og det er sjølvsagt hyggeleg at UiO er på førsteplass i Norden over dei mest synlege universiteta på nettet. Eg vil seia det endå sterkare.
Med atterhald om metodeproblema er denne plasseringa ei stadfesting på at me har lykkast i det som har vore eit av de viktigste måla for den sitjande leiinga: Å gjera UiO til et "opnare" universitet som bringer forskinga ut i samfunnet, synest Ottersen.

– Plasseringa på Webometrics er ein honnør til forskarane våre og til alle dei som arbeider med nettsidene våre. Det er svært viktig at UiO opnar seg mot samfunnet - gjennom nettsidene, gjennom formidling og vitenutveksling, og gjennom deltaking i samfunnsdebatten. Denne rangeringa viser at me gjer nettopp dette, konstaterer UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Dei mest synlege universiteta på nett i Europa

Dei mest synlege universiteta på nett i verda

(Oppdatert kl. 08:43)

Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2017 04:00 - Sist endra 2. feb. 2017 08:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere