Statsministeren ber universitet og høgskular ta ansvar for etterutdanning

– Det er viktig at universitet og høgskular også tar ansvar for etter- og vidareutdanning og ikkje berre konsentrerer seg om ungdomar i 19-20-årsalderen. Det sa statsminister Erna Solberg til Uniforum etter å ha lagt fram ein nasjonal kompetansepolitisk strategi .

TRENG PÅFYLL: – Alt går raskare og me opplever stadig store teknologiskift. Derfor treng vaksne menneske påfyll for at dei skal kunne hengja med i arbeidslivet. Det sa statsminister Erna Solberg etter at ho i formiddag hadde skrive under på ein nasjonal kompetansepolitisk strategi.

Foto: Ola Sæther

Det var i formiddag statsminister Erna Solberg saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i fellesskap presenterte ein nasjonal kompetansepolitisk strategi. Saman

Nasjonal kompetansepolitisk strategi:

- er underteikna av fem departement, Sametinget, fleire arbeidsgjevarforeiningar og arbeidstakarorganisasjonar som Akademikarane, LO, Unio og YS. I tillegg er også Vaksenopplæringsforbundet (VOFO) med.

- gjeld frå 2017 til 2021.

Strategipartane er einige om å:

- styrkja samarbeidet mellom arbeidslivet og universitet, høgskular og fagskular for å laga nye tilbod om vidareutdanning for dei som allereie er i jobb.

- gjera det enklare få dokumentert kompetanse frå arbeidslivet.

- gi flest mogleg vaksne høve til å ta vidaregåande opplæring m.m.

med alle partane i arbeidslivet, Sametinget og Vaksenopplæringsforbundet skreiv dei under på ein strategi som skal sikra god kompetanse i arbeidslivet i Noreg også i framtida.

Må bli flinkare til å bruka utanlandsk utdanning

Etter statsminister Erna Solbergs meining er det mange personar som kjem til Noreg med god utdanning frå heimlandet, men som ikkje får den godkjent her i landet. – Universiteta og høgskulane må bli flinkare til å ta i bruk den utdanninga dei har med seg. Det er altfor mange av dei som må begynna heilt på nytt igjen, tykte ho. Ho viste til eit døme frå Universitetet i Bergen for ei tid tilbake. – Der var det fleire som hadde tannlegeutdanning frå heimlandet sitt som fekk tilbod om eitt år langt tannlegekurs. Det kvalifiserte dei for å arbeida som tannlegar i Noreg, peika Erna Solberg på.

– Vaksne treng påfyll

For henne er det viktig at heile landet ser framover og omstiller seg.

– Noreg er i stadig forandring. Dei som har meir akademiske jobbar får stadig påfyll av meir kunnskap gjennom jobben, men mange i vanlege jobbar får ikkje den sjansen. Det må me gi dei, syntest ho.

– Er det nokre jobbar me har i dag som me ikkje lenger har bruk for?

– Det er heilt sikkert mange jobbar som kjem til å bli automatiserte bort. Nokon har sagt at den einaste sikre jobben er frisøryrket, sa Erna Solberg med eit glimt auget.

Samarbeidsavtalen om den nasjonale kompetansepolitiske strategien er historisk. Dette er første gong styresmaktene og partane i arbeidslivet er einige om ein strategi som skal hjelpa til med å sikra arbeidslivet den kompetansen det har behov for. – Den største verdien me har, er kompetansen som sit i hovuda og hendene til folk, sa statsminister Erna Solberg i talen før avtalen blei underskriven.

Avtalen vidarefører trepartssamarbeidet

Strategien skal gjelda for perioden 2017-2021, og partane forpliktar seg til å jobba for å nå dei overordna måla, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. – Me skal jobba saman for å hindra at folk fell utanfor arbeidslivet, og syrgja for at Noreg er eitt av verdas beste land å leva i – også i framtida, sa Solberg. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la i talen sin vekt på at denne avtalen vidarefører trepartssamarbeidet. – Det er noko andre land er interesserte i og misunner oss for. Me må ha med oss strategien i det daglege arbeidet. Det skal regjeringa ha, og det veit eg at dei andre strategipartane også vil, sa Torbjørn Røe Isaksen.

Opprettar eige utval

Regjeringa lovar også å oppretta eit eige kompetansebehovsutval. Det skal gi betre kunnskap om kva kompetanse Noreg treng framover. – Arbeidslivet skal samarbeida tettare med universitet og høgskular for å laga nye tilbod om vidareutdanning for dei som allereie er i jobb. I tillegg samarbeider partane no om ein metode som vil gjera det lettare for folk utan formell utdanning å få dokumentert den verdifulle kompetansen dei har fått i arbeidslivet, opplyste Torbjørn Røe Isaksen.

SKREIV UNDER AVTALE: Regjeringa, Sametinget, partane i arbeidslivet og Vaksenopplæringsforbundet skreiv under på Nasjonal kompetansepolitisk strategi i dag. (Foto: Ola Sæther)

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2017 16:12 - Sist endra 27. okt. 2017 12:53

Logg inn for å kommentere