Rektorkandidat Hans Petter Graver vil delta i March for Science

– Teamet mitt støttar fullt ut dette initiativet, og me vil sjølve delta i det, opplyser rektorkandidat Hans Petter Graver til Uniforum. Graver støttar derimot ikkje appellen frå rektorkandidat Svein Stølen om at UiO som institusjon skal delta i March for Science.

SOLIDARITET:  – Me bør stilla opp i solidaritet med USA, sjølv om me ikkje opplever at det er behov for denne typen verkemiddel i Noreg slik situasjonen er her, seier rektorkandidat Hans Petter Graver. Han tar med seg heile rektorteamet i March for Science 22. april.

Foto: Ola Sæther

Rektorkandidat Hans Petter Graver manar samtidig til å vera på vakt mot at slike mobiliseringar kan bidra til å politisera vitskapen og å framstilla vitskapen som ei

Dette er the March for Science:

Initiativ tatt av forskarar i USA tre dagar etter at Donald Trump blei innsett som president for å forsvara vitskaplege funn.

800 000 forskarar over heile verda støttar initiativet.

Utgangspunktet for aksjonen var at den nyvalde presidenten Donald Trump stilte seg tvilande til det vitskaplege grunnlaget for å slå fast at klimaendringane er reelle.

Den 22. april vil forskarar over heile verda gå ut i gatene for å demonstrera til forsvar for vitskapen.

Også i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø vil det bli arrangert vitskapsmarsjar.

(Kjelder: March for Science og Science)

interessegruppe på linje med andre interessegrupper i samfunnet. – Me må vera medvitne om at folkeleg mobilisering er kontrapunktet til den vitskaplege rasjonaliteten basert på fakta. Derfor meiner me at dei vitskaplege institusjonane våre bør vera tilbakehaldne med å involvera seg som institusjonar, så lenge deira eigen integritet og eige sjølvstyre ikkje er under direkte åtak, uttaler Hans Petter Graver til Uniforum.

 

Stølen meiner UiO som institusjon bør delta

Motkandidaten hans som rektorkandidat ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen kom for nokre dagar sidan med ein appell om at UiO som institusjon også burde delta i denne marsjen som skal haldast over heile verda den 22. april.

 

I eit lesarinnlegg i Uniforum skriv han at « i en tid hvor vi opplever sterkere tilbakeslag på vitenskapens vegne enn på lenge, kreves det at akademikere står opp for hverandre, for kolleger i andre land, og for samfunnets utvikling. Derfor tar vitenskapens kvinner og menn over hele verden til gatene i March for Science.» Stølen viser til at dei samarbeider både med Høgskulen i Oslo og Akershus og Oslo universitetssykehus. Og han avsluttar med fylgjande oppfordring: «UiO bør også engasjere seg som institusjon.»

 

Så langt vil altså ikkje rektorkandidat Hans Petter Graver gå.

 

– Eg synest at det er et flott med ei verdsomspennande mobilisering for ideen om vitskap om kunnskap bygd på metodisk og systematisk undring, basert på verifiserbare data og fornuft. Det er flott at dette mobiliserer folk både innanfor og utanfor akademia, verda over. Dette er jo ein type marsj i ein ikkje-valdeleg tradisjon (Gandhi etc), slår han fast.

Allereie den 13. februar oppfordra Uniforum-skribent jussprofessor Beate Sjåfjell i ein kronikk forskarar til å delta i denne mobiliseringa for vitskapen.

 

HiOA-rektor gir klar støtte

Rektor Curt Rice ved Høgskulen i Oslo og Akershus er den av dagens rektorar ved norske universitet og høgskular som har gått klarast ut med støtte til marsjen. – Det skulle berre mangla. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt å seia ifrå når me opplever akademia som truga, seier Curt Rice til Khrono.

 

Samtidig er NTNU-rektor Gunnar Bovim den som åtvarar sterkast mot å politisera vitskapen. – Eg synest ikkje at universitetet som institusjon skal stilla seg i brodden for politisk aksjonisme, uttaler han i eit intervju med Khrono. UiO-rektor Ole Petter Ottersen vil ikkje kommentera spørsmålet i det heile tatt, ifylgje Khrono, fordi han fryktar at det vil bli tolka som støtte til rektorkandidat Stølens utspel. Samtidig viser han til tidlegare kommentarar han har kome med om politikken til USAs president Donald Trump.

 

– Solidaritet med USA

Rektorkandidat Hans Petter Graver oppmodar også norske akademikarar til å stilla opp, sjølv om det er forhold i USA som er bakgrunnen for initiativet.

 

– Utspringet for denne demonstrasjonen er den spesielle utviklinga i USA, men me bør stilla opp i solidaritet med USA, sjølv om me ikkje opplever at det er behov for denne typen verkemiddel i Noreg slik situasjonen er her. Demokrati føreset aktiv deltaking frå folk, understrekar han.

 

Graver synest også det er veldig bra at universitetet organiserer førelesingsrekkjer og andre markeringar som både i innhald og form er i samsvar med den vitskaplege tradisjonen, og støttar denne linja fullt ut. – Dei som er komfortable med å gå i marsjen, bør få full støtte for dette. Andre bør oppfordrast til å støtta opp om ideala våre på andre måtar, gjennom solid fagleg arbeid, formidling og organisering av debattar, konferansar og liknande, meiner han.

 

Forståing for andre syn

Hans Petter Graver understrekar at hans team også vil ha respekt for dei som har eit anna syn på den saka.

– Dei som meiner at vitskapen ikkje bør politiserast, sjølv i ein situasjon som den noverande, bør få full forståing og respekt for eit slikt syn, sjølv om me for vår del ikkje deler det på våre eigne vegner, presiserer Hans Petter Graver.

 

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2017 12:37 - Sist endra 27. feb. 2017 11:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere