Tannlegestudentane brukar mest tid på studia

Odontologistudentane brukar 50 timar i veka på studia, medan gjennomsnittsstudenten brukar 35,5 timar. Samtidig er studentane på odontologi mellom dei som er minst nøgde med undervisninga, men mest nøgde med praksis, viser Studiebarometeret frå NOKUT.

IKKJE NØGDE MED ALT: Odontologistudentane er svært nøgde med praksis, men ikkje med undervisninga. Likevel er det dei som brukar mest tid på studia.

Foto: Ola Sæther

Dei aller fleste studentane i Noreg er likevel strålande nøgde med kvaliteten på studieprogramma dei går på. Nesten 8 av 10 studentar er tilfredse eller svært tilfredse med studiet

Fakta om Studiebarometeret: Gjennomført for fjerde gong i 2016 av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT).

  • 29 000 studentar svarte på spørjeskjemaet.

  • Undersøkinga dekkjer mest alle norske høgskular og universitet.

  • Til saman er 800 studieprogram omfatta av undersøkinga.

  • Hovudfunn: 77 prosent av studentane er tilfredse eller svært tilfredse med studieprogrammet sitt. (Kjelde: Studiebarometeret frå NOKUT)

sitt. Sjølv om gjennomsnittsstudenten brukar 35,5 timar i veka på studia, har kvar student i gjennomsnitt 7,2 timar med lønna arbeid ved sida av. Dei jobbar likevel 1 time mindre enn i 2015. Så totalt viser det seg likevel at studentane jobbar meir enn den gjennomsnittlege arbeidstakaren i Noreg.

Dei som brukar minst tid på studia er studentar i sosiologi, antropologi, pedagogikk, språk og andre humanistiske fag. Dei brukar mellom 25 og 29 timar på studiet.

85 prosent nøgde med arbeidsrelevansen

Gjennomgåande er politistudentane mellom dei mest nøgde innanfor alle kategoriar frå undervisning og rettleiing til praksis. Heile 85 prosent av studentane er nøgde med arbeidsrelevansen for det studiet dei har valt å ta. Dei som skårar høgast på dette er studentane i medisin, sjukepleie, barnehage, farmasi og odontologi. Dei som trur minst på arbeidsrelevansen i det faget dei studerer, er studentane som tar sosiologi, antropologi, samfunnsfag, HF-fag og samfunnsøkonomi.

Minst tilfredse med undervisning og medverknad

Studentane er minst nøgde med medverknad og undervisning og rettleiing. Dette har ikkje endra seg samanlikna med tidlegare år. Studentane opplever også at dei fagleg tilsette stiller store forventingar til dei, og reknar med at dei førebur seg og deltar aktivt i studiet. Berre 12 prosent av studentane meiner at dei som underviser ikkje har høge ambisjonar for dei, medan over halvparten meiner at dei absolutt har det.

Den mest vanlege undervisningsforma er framleis førelesinga. Ifylgje Studiebarometeret aukar førelesinga sitt bidrag til læring når undervisningsformer blir brukte i stor utstrekning. Og når andre undervisningsformer blir brukte, skårar dei høgt på læring når dei blir brukte saman med førelesing.

Mest variasjon på Politihøgskulen

Det er Politihøgskulen som har størst variasjon i bruk av undervisnings- og arbeidsformer. På universiteta er det farmasi som gjer det best på dette området. Universitetsfag som samfunnsøkonomi, matematikk-statistikk, antropologi, språk, rettsvitskap, HF-fag og statsvitskap har minst variasjon i bruk av undervisningsformer. Samtidig er studentar på både rettsvitskap, antropologi, medisin og fysikk saman med politistudentane dei som er mest tilfredse med studieprogrammets evne til å inspirera. Dei som tar sosiologi, ingeniørfag og lektorstudiet, er minst nøgde med dette, viser Studiebarometeret.

Digitale verktøy ikkje nok til å motivera

Fleirtalet av dei som har svart, meiner at digitale verktøy er ein viktig reiskap, som gjer samarbeid lettare, gir dei fridom til å studera der dei vil når dei vil og gir dei nye måtar å læra på. Men det er langt mindre semje om at dette fører til meir motivasjon og innsats og samtidig gir eit strukturert og kreativt arbeid. Dei ser det heller ikkje som opplagt at digitale verktøy vil hjelpa til med å auka kvaliteten på utdanninga.

For lite internasjonalisering

Eit anna viktig funn i undersøkinga er at det er lite omfang av internasjonalisering på studia deira. Mange opplyser at dei ikkje er blitt godt informerte om tilboda om internasjonal studentutveksling. På dette punktet er det store variasjonar mellom studia. På universiteta er det geologi og geografi som har høgast grad av internasjonalisering. Elles kjem arkitektur høgt opp på dette området. Lengst nede hamnar politi, grunnskulelærar, sjukepleie, yrkesfaglærar og barnehagelærar. I hovudsak er dette fag retta mot den norske arbeidsmarknaden, der norsk er arbeidsspråket.

– Godt samspel

Direktør Terje Mørland i Nokut meiner at det no er på høg tid at studentar og undervisarar sluttar å peika på kvarandre som årsaka til problemet med å få god nok kvalitet på utdanninga.

– God utdanning er avhengig av eit godt samspel mellom studentar og lærarar. Det er rundt to veker sidan Noreg fekk ei eiga stortingsmelding som peilar ut kursen for norsk høgare utdanning. No er det på tide at studentar og undervisarar legg vekt på samarbeid for at me skal nå måla i kvalitetsmeldinga. Både Undervisarundersøkinga og Studiebarometeret er viktige reiskapar som bør brukast i dette arbeidet, gav Terje Mørland uttrykk for  i ei pressemelding.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen peika på at kvalitetsmeldinga nyleg er lagt fram.

– I 2003 blei Kvalitetsreforma innført. Mykje av det som skulle føra til, er blitt levert: Men lovnaden om tett oppfylging og rettleiing er ikkje blitt oppfylt. No er det eit felles ansvar for fagmiljøa å få opp kvaliteten på undervisninga. Alt i alt viser Studiebarometeret at studentane er nøgde med kvaliteten på høgare utdanning, konstaterte Torbjørn Røe Isaksen.

Vil ha fleire studentar ut

Leiar Marianne Andenæs i Norsk studentorganisasjon tok tak i det dårlege resultatet på internasjonalisering.

– No håpar me at Stortinget går inn for å vedta forslaget vårt om at målet må vera at 30 prosent av studentane skal på utveksling til utlandet. Det er også svært viktig at det blir innført ei meriteringsordning for god undervisning, understreka Marianne Andenæs.

Last ned heile Studiebarometeret.

 

 

 

Emneord: Undervisning, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2017 15:39 - Sist endra 6. feb. 2017 16:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere