Eva Wiberg blir ny rektor ved Göteborgs universitet

Etter å ha tenkt seg om i ein dag, har Eva Wiberg takka ja til å bli ny rektor ved Göteborgs universitet. Det skjer etter at universitetet har trekt forslaget om å tilsetja Ole Petter Ottersen i stillinga.

NY REKTOR: Eva Wiberg har takka ja til å bli ny rektor ved Göteborgs universitet etter at Ole Petter Ottersen ikkje lenger var aktuell. Wiberg er i dag prorektor ved Lunds universitet.

Foto: Lunds universitet

– Eg er stolt og æra over å bli spurt om å bli Göteborgs universitets neste rektor, seier Eva Wiberg i ei pressemelding frå universitetet.

- Spennande

Ho gler seg til jobben.

– Det skal bli spennande å få vidareutvikla lærestaden dei komande åra saman med medarbeidarar og studentar, legg ho til.

Eva Wiberg er i dag prorektor ved Lunds universitet i Sverige. Ho meiner at ho ser mange sjansar for å styrkja varemerket til Göteborgs universitet både internasjonalt, nasjonalt og regionalt. Dessutan ser ho fram til å treffa tilsette og studentar og diskutera framtidas utfordringar med dei.

Trekte forslaget om Ottersen

Det var på eit ekstraordinært styremøte måndag 30. januar at Universitetsstyret ved Göteborgs universitet tok avgjerda om å trekkja tilbake forslaget til regjeringa om å tilsetja UiO-rektor Ole Petter Ottersen som ny rektor frå 1. juli. Grunnen var at dei fekk vita at Ottersen framleis var med i løpet om å bli ny rektor ved Karolinska Institutet. Det var ikkje kjent for styret, står det i pressemeldinga frå Göteborgs universitet.

Eva Wiberg vil altså begynna i jobben som rektor frå 1. juli i år.

 

Emneord: Norden, Sverige, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2017 13:00

Logg inn for å kommentere