UiO sparer 70 millionar kroner på momsfritak på museumsbygning

UiO skal renovera  Brøggers hus i Naturhistorisk museum og søkjer om å få momsfritak. Det gir ei innsparing på 70 millionar kroner.

MOMSFRITAK: UiO vil be om momsfritak for renoveringa av Waldemar C. Brøggers hus, lengst framme  på biletet. Pengane skal brukast til å oppgradera andre bygningar, opplyser eigedomsdirektør John Skogen ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Det var tysdag 21. juni Universitetsstyret bak stengde dører bestemte at Waldemar C. Brøggers hus i Naturhistorisk museum på Tøyen skal renoverast med fullt momsfritak. Dermed må det sendast inn ein søknad om det til skattestyresmaktene. Arbeidet var kalkulert til 350 millionar kroner, men vil med momsfritak bli 70 millionar kroner billegare.

Tre alternativ

I styret var det oppe tre ulike alternativ. Det første alternativet gjekk på at UiO ikkje ville søkja om momsfritak. Det andre gjekk på at UiO ville søkja om delvis momsfritak, medan det tredje alternativet handla om å søkja om fullt momsfritak. Det var det siste alternativet som blei vedtatt.

Vilkåra for å få momsfritak er at bygningen berre skal brukast til utstillingar, bibliotek, kontor for dei utstillingsansvarlege og bibliotekstilsette og magasin for utstillingar dei første ti åra etter at renoveringsarbeidet er fullført. Laboratorium, lesesalar for eigne studentar og kontor for forskarar kan derimot ikkje vera i bygningen.

- Får oppgradert bygningar

Eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo er godt nøgd med avgjerda.

– Poenget med dette er at me får oppgradert delar av andre bygningar; Lieds hus, Collets hus og låven til arbeidsplassar for dei som arbeider med forsking og undervisning. Me brukar då av dei midlane me «sparar» på mva. (meirverdigavgift) til dette og får dermed gjort mykje meir med andre slitne bygningar på Tøyen for midlane som er avsette til Brøggers hus, seier John Skogen til Uniforum.

Alle vil ha det

Etter hans oppfatning er dette eit resultat som er ynskt av både dei tilsette ved Naturhistorisk museum og av styret for museet.

– Dette fører til at dei ulike forskingsmiljøa og liknande får andre lokalitetar på Tøyen, men me vil så langt som mogleg samla dei ulike gruppene/miljøa. Denne løysinga er ynskt både av styret NHM (Naturhistorisk museum) og tenestemannsorganisasjonane og dei tilsette, understrekar han.

SØKJER OM MOMSFRITAK: Universitetet i Oslo søkjer om momsfritak for renoveringa av Waldemar C. Brøggers hus på Tøyen. Det gir ei innsparing på 70 millionar kroner.

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Museene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. juni 2016 17:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere