– Det er solide lærarutdanningsmiljø som inngår i det nye senteret. Dei har dokumentert høg kvalitet i noverande utdanning og har gode planar for vidareutvikling og innovasjon i utdanninga i tett samarbeid med partnarskular. Eg ventar meg mykje av denne etableringa, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland.
Det er styret for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), som på grunnlag av innstillinga frå ein ekspertkomité, har gitt status som Senter for framifrå utdanning til Centre for Professional Learning in Teacher Education (ProTEd) ved Universitetet i Oslo, i samarbeid med Universitetet i Tromsø.
Regjeringa har oppretta ordninga med Senter for framifrå utdanning (SFU) for å stimulera til utvikling av framifrå kvalitet i høgare utdanning og synleggjering av at undervisning og forsking er likestilte oppgåver for universitet og høgskular. I pilotfasen blir ein modell utprøvd for eit senter innanfor lærarutdanning, som får 4 millionar kroner pr år i 5 år, med høve til forlenging i ti år. Ordninga blir administrert av NOKUT.
– Det er gjort eit grundig arbeid med å utarbeida ein modell for SFU-ordninga som no skal prøvast ut med det nye senteret. Eg er nøgd med at det er vist stor interesse blant universitet og høgskular for ordninga og at det var sterke søkjarar i konkurransen. Eg vil arbeida for at ei utvida og permanent ordning kan kunngjerast så raskt som mogleg, seier statsråd Tora Aasland.
Logg inn for å kommentere