Kan løysa temperaturgåta på sola

UiO-astronom Mats Carlsson får 21 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) for å prøva å finna svaret på korleis oppvarminga av sola skjer og kvifor det er så store temperaturskilnader der.

SOLA SITT INDRE: Det er ein temperatur på fleire millionar grader i sola sin korona. Men ved den synlege overflata er det berre 6000 grader. Eit forskingsprosjekt ved UiO skal finna ut kvifor. Biletet syner sola sitt indre.

Foto: SDO/NASA

Det var først då han fekk ein e-post om at resultatet av evalueringa var tilgjengeleg gjennom innlogging på ei nettside, at astronomiprofessor Mats Carlsson forstod at det kunne liggja noko stort bak den kryptiske meldinga.

SOLGÅTE: Astronomiprofessor Mats Carlsson får 21 millionar kroner for å finna svaret på temperatursskilnadene på dei ytre laga av sola. (Foto: UiO)

– Minutta frå den beskjeden kom til eg fekk lese resultatet, var veldig nervepirrande og gleda endå større då resultatet var positivt. Eg var på eit vitskapleg møte i Boston saman med fleire frå forskingsgruppa og internasjonale samarbeidspartnarar, så det var mogleg å dela den euforiske kjensla med ein gong, skriv Mats Carlsson i ein e-post frå USA.

 Vil avsløra temperatursvingingane på sola

Pengane vil gjera det mogleg å prøva å finna ut kva som er grunnen til at temperaturen i solas indre og ytre lag svingar frå mange millionar grader til 6000 grader.

– Forskingsprosjektet går ut på å skjøna kva som skjer i ein del av solas ytre lag, som blir kalla for kromosfæren. Energien i sola blir danna ved kjernereaksjonar i det indre, der temperaturen er 15 millionar grader. Frå det indre fell temperaturen til om lag 6000 grader ved den synlege overflata, men så aukar temperaturen igjen i det me kallar kromosfæren, for å enda opp i fleire millionar grader i sola sin korona - ein del av sola som me kan sjå ved totale solformørkingar. Korleis denne oppvarminga går føre seg er framleis eit uløyst problem etter meir enn 70 år med forsking, fortel Carslson.

Likevel har forskarane skaffa seg ein del kunnskap om energien.

– Me veit at energien kjem frå gassrørsler nær overflata og at den blir transportert ved hjelp av magnetfelt, men ikkje heilt på kva måte og heller ikkje korleis den magnetiske energien blir til varme i koronaen, forklarar Carlsson.

 Fram til no har også forskarane møtt ei anna stor utfordring.

– Eit hovudproblem er at det er mogleg å observera magnetfelta ved overflata og den varme gassen i koronaen, men korleis dei heng saman, er vanskeleg å skjøna, fordi det mellomliggjande laget, kromosfæren, er vanskeleg å observera og vanskeleg å modellera. Det er her forskingsprosjektet vårt, "Physics of the Solar Chromosphere", kjem inn. Me skal laga modellar av denne delen av sola ved hjelp av superdatamaskiner og samanlikna med observasjonar, spesielt med observasjonar frå ein ny solsatellitt, IRIS, som skal skytast opp av NASA i desember 2012. Gjennom dette håpar me på endeleg å forstå kva som skjer i sola sin kromosfære.

 – Kor mange vil delta i prosjektet?

– Me er fire fast tilsette ved Institutt for teoretisk astrofysikk og ein postdoktor som kjem til å delta. Gjennom prosjektmidlar skal me tilsetja fem nye postdoktorar, og i tillegg vil det bli ein del fleire doktorgradsprosjekt, opplyser Carlsson.

 – Svært gode med spennande prosjekt

Han er ikkje i tvil om kvifor forskargruppa hans fekk denne tildelinga.

– Enkelt sagt: fordi me er svært gode og har eit svært spennande og godt forskingsprosjekt. Tildelingar baserer seg på tidlegare resultat, spesielt dei siste ti åra, og den vitskaplege kvaliteten til prosjektet. Det vil seia at det er mange faktorar som spelar inn – ikkje minst høvet til å fylgja opp idear gjennom ein forskingskarriere. Det har vore avgjerande at Institutt for teoretisk astrofysikk alltid har hatt ambisjonar om å ha forskingsaktivitet i den internasjonale forskingsfronten, og har tatt konsekvensane av dette gjennom prioriteringar av ressursane, understrekar han.

 – Verdsleiande i solmodellering

Carlsson er svært nøgd med satsinga på solforsking.

– Me har gjennom det siste tiåret bygt opp ei gruppe som er verdsleiande i modellering av sola sine ytre lag. Dette har vore mogleg gjennom støtte frå instituttet, fakultetet og Noregs forskingsråd sine strategiske universitetsprogram og store tildelingar av reknetid i det nasjonale programmet for tungrekning, NOTUR , slår han fast.

 .

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Realfag, Forskning, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2011 15:13 - Sist endra 14. nov. 2011 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere