Heile foajeen i Georg Sverdrups hus såg ut som eit fuglefjell med folk, då Black Debbath stilte opp for å syngja black metal med norske tekstar i formiddag. Berre pianisten Leif Ove Andsnes og fiolinisten Arve Tellefsen har klart å trekkja like fullt hus til Lunsj med kultur tidlegare.
Repertoaret spente frå ei åtvaring mot skulpturpark i Ekebergskogen til ei nidvise om FAFO. Også bandmedlemane Lars Lønning, Egil Hegelberg, Ole Petter Andreassen og Aslag Guttormsgaard såg ut til å ha det gøy under showet.Og det kan bli meir black metal, lova koordinator for Lunsj med kultur, Gjøril Songvoll.
- Om nokre av dykk veit om liknande band som kan tenkja seg å stilla opp på Lunsj med kultur, må de berre ta kontakt med meg.
Logg inn for å kommentere