Mot ei moderne grunnlov

Bør menneskerettane få eit sterkare vern gjennom Grunnlova, og i så fall: Korleis skal det gjerast? Eit seminar på Litteraturhuset nyleg avdekte mange ulike syn på desse spørsmåla.

SNEVERT: – Det er ein fare for at vi juristar ser Grunnlova i eit litt snevert perspektiv, meinte jussprofessor Jan Fridthjof Bernt. I bakgrunnen regjeringsadvokat Sven Ole Fagernes og forskingsdirektør Siri Gloppen ved Christian Michelsens institutt.

Foto: Ola Sæther

– Korleis kan vi sikre at desse gode verdiane ikkje berre blir brukte i festtalar, men blir opphøgde til å gjelde dei politiske institusjonane våre og dei generasjonane som kjem etter oss? sa leiar for Norsk senter for menneskerettar, Nils A. Butenschøn, då han opna seminaret på Litteraturhuset.

Seminaret vart arrangert 15. september i samband med lanseringa av SMR si Årbok om menneskerettar i Norge 2010. I salen sat mellom andre medlemmane i det stortingsoppnemnde utvalet som skal føreslå endringar i Grunnlova for å styrke menneskerettsvernet. Arbeidet er ein del av førebuingane til 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Utvalet leverer innstillinga si til Stortinget sin presidentskap i januar neste år, og seminaret gav utvalsmedlemmane høve til å høyre ulike synspunkt på arbeidet dei har lagt ned så langt.

 Vil sikre allmenne prinsipp

Høgsterettsdommar og utvalsmedlem Hilde Indreberg innleia med å gjere greie for korleis utvalet har tenkt om arbeidet sitt.

– Meininga med grunnlovsendringane er å sikre allmenngyldige prinsipp, ikkje å liste opp rettar som høyrer meir naturleg heime i ordinært lovverk, presiserte ho.

Mellom dei konkrete rettane som utvalet har vurdert å innlemme i Grunnlova, nemnde ho retten til ikkje å bli diskriminert som ein av dei mest utfordrande, men samstundes ein av dei som høyrer heime i ei moderne grunnlov. Diskrimineringsvernet har ført til diskusjonar internt i utvalet, der eit fleirtal ønskjer eit vern mot diskriminering frå styresmaktene si side, medan eit mindretal vil påleggje styresmaktene å sikre at ingen blir utsette for diskriminering av noko slag. Det har også vore diskutert om Grunnlova berre skal verne politiske og sivile rettar, eller om såkalla ØSK-rettar (økonomiske, sosiale og kulturelle) også skal vernast gjennom Grunnlova.

 Fryktar A- og B-lag

Medlem av menneskerettsutvalet til Advokatforeininga, Frode Elgesem, hevda at ei slik utveljing vil føre til eit A-lag og eit B-lag av menneskerettar.

– Med det sender vi eit signal om at det er somme ting vi vel ikkje å verne, påpeikte han.

Advokatforeininga har også uttrykt uro over at ein norsk menneskerettskatalog kan bli eit kompliserande element ved domstolane, og foreininga har difor i staden føreslått eit generelt forbod mot å innskrenke dei internasjonale menneskerettane ved lov eller i anna form.

Henriette Sinding Aasen, professor i rettsvitskap ved UiB, hevda at norske domstolar allereie lever godt med parallelle system på området, og meinte at eit nasjonalt prosjekt som denne grunnlovsrevisjonen er viktig for å skape eigarskap til det norske systemet. Ho fekk støtte frå fleire i dette synet.

– Å berre vise til internasjonale rettar tek ikkje demokratiet på alvor, sa ho.

 – Diskrimineringsvern kjem først

Sinding Aasen meinte også at Grunnlova må innehalde meir enn berre dei sivile og politiske menneskerettane.

– Dei var viktige i 1814, men i dag er situasjonen annleis. Grunnlova bør ikkje stadfeste den kalde krigens dikotomi mellom sivile og politiske rettar på den eine sida, og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar på den andre. Tida er overmoden for å vise at menneskerettane er ein heilskap. Sosiale rettar er dessutan svært synlege i lovverket elles, og det vil vere påfallande om Grunnlova, som er vårt verdimessige og rettslege andlet mot verda, ikkje skulle reflektere det.

Likestillingsombod Sunniva Ørstavik var oppteken av at Grunnlova må innehalde eit vern mot diskriminering.

– Det er ein føresetnad for heile prosjektet, fordi menneskerettane nettopp skal gjelde alle. Utan eit ikkje-diskrimineringsprinsipp har dei andre rettane ingen meining, hevda ho.

Ørstavik påpeikte at fordi det i praksis er majoriteten si oppgåve å verne om minoritetane, er eit slikt prinsipp spesielt viktig, men vedgjekk at det nettopp difor lett oppstår usemje om kva diskriminering er.

Symbol eller realitet?

Siste del av seminaret tok opp kva funksjon ei grunnlovsfesting av menneskerettane bør ha. Skal dei vere politiske symbol, eller rettar som kan handhevast av domstolane?

– Det er ein fare for at vi juristar ser Grunnlova i eit litt snevert perspektiv. Ein skal ikkje gløyme at ho også er eit politisk dokument, og at paragrafar som ikkje kan handhevast direkte, likevel gjev viktige signal om tolkinga av andre lover, sa professor i rettsvitskap ved UiB, Jan Fridthjof Bernt.

– Eg meiner det viktigaste utvalet kan gjere, er å tydeleggjere nokre verdiar i samfunnet vårt som ikkje er blitt klart formidla tidlegare, til dømes retten til å velje livssyn. Slike verdiar vil ikkje gje mat for domstolane, men vil signalisere ein verdi til borgarane. Dei vil vere ei fane som vaiar over visse rettsområde og fortel kva vi prinsipielt ventar oss. Denne reforma er heilt naudsynt om vi ikkje vil sjå Grunnlova visne vekk og bli eit politisk uinteressant dokument, sa han.

Politikarar bør utvikle jussen

Regjeringsadvokat Sven Ole Fagernæs påtok seg etter eiga utsegn rolla som djevelens advokat og åtvara mot å supplere Grunnlova med handhevbare reglar som overfører makt frå politiske organ til domstolane.

– Dersom alle grupper skal ha eigne rettar, kvar står då dei allmenne omsyna? Det er lovgjevar som sender framlegg til høyring for å finne den løysinga som er best for alle partar. Domstolane får berre høyre synet til partane i saka, og grunnlaget deira for å ta ei avgjerd kan vere dårlegare enn lovgjevaren sitt. Av og til spriker tidlegare dommar i ulike retningar, og då er det vanskeleg å vite kva som eigentleg er jussens status. Vi risikerer at domstolane blir eit instrument for dei ressurssterke. Det politiske systemet er meir elastisk, det kan angre og omgjere avgjerdene sine, og er betre eigna til å utvikle jussen enn domstolane er, sa han.

Fagernæs frykta at dersom vi får generelle rettar som skal tolkast av domstolane, vil vi snart få meir politiske dommarutnemningar i Noreg.

 Vil ha nasjonal dugnad

Forskingsdirektør ved Chr. Michelsens institutt, Siri Gloppen, minte om at å realisere menneskerettane ikkje berre er eit spørsmål om juss versus politikk, det er også ein sosial prosess. Ho kom med døme frå så ulike land som Island, Sør-Afrika og Argentina, der konstitusjonen av ulike årsaker har vore gjenstand for ein større debatt.

– Eg trur vi har eit sjeldant høve til å skape eit såkalla “constitutional moment” no, til å gje folk moglegheit til å tenkje over kva som er grunnlaget for samfunnet vårt. Men då må samtalen nå utanfor dette rommet, sa ho.

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar, Jus Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 21. sep. 2011 12:48 - Sist endra 21. sep. 2011 13:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere