Kan mista retten til forskingstermin

Dei vitskaplege tilsette som først blei tilsette som universitetslektorar kan mista retten til forskingstermin. Det går fram av eit framlegg som leiinga ved Det humanistiske fakultetet kjem med til fakultetsstyret denne veka. – Sjokkerande og frykteleg dårleg for arbeidsmiljøet, meiner filosofiprofessorane Tove Pettersen og Øyvind Rabbås.

FORTVILAR: – Kvaliteten på søknadene, ikkje stillingskategori, må vera det avgjerande ved tildeling av forskingstermin, seier filosofiprofessorane Øyvind Rabbås ogTove Pettersen. Dei er fortvila over at dei som blei tilsette som universitetslektorar, ikkje lenger skal få rett til å søkja om forskingstermin.

Foto: Ola Sæther

I over 20 år har dei vitskaplege tilsette som først blei tilsette som universitetslektorar ved Det humanistiske fakultetet, nytt godt av høvet til å søkja om og få forskingstermin etter å ha jobba frå fire til åtte år på universitetet. Det gir dei ein eitt år lang forskingstermin etter åtte år eller eitt semester etter fire år. Mange av dei har brukt forskingsterminen til å skriva vitskaplege artiklar eller bøker og har på den måten kvalifisert seg til ei førstestilling, det vil seia ei stilling som førsteamanuensis eller professor.

Filosofiprofessorane Tove Pettersen og Øyvind Rabbås har begge fått professorkompetanse på den måten. Dei blei begge tilsette som universitetslektorar på 1990-talet, og med stillinga fylgde det 75 prosent undervisningsplikt. Etter at dei blei utnemnde til professorar, fylgde den opphavlege undervisningsplikta med. For dei som er tilsette direkte i stillingar som førsteamanuensis eller professor fylgjer det med ei undervisningsplikt på 47 prosent.

Førstkomande fredag skal fakultetsstyret ved HF handsama eit forslag frå fakultetsleiinga som vil ta retten til forskingstermin frå alle dei vitskaplege tilsette som først blei tilsette som universitetslektorar. Forskingsterminen skal berre bli eit tilbod til dei vitskaplege tilsette som blei tilsette direkte i førstestilling, altså som førsteamanuensis eller professor. Dessutan skal også tilgangen til å søkja om forskingstermin bli endå nærare knytt til forskingsresultat i fagfellevurderte publikasjonar enn tidlegare.

– A-og B-lag av forskarar

Forslaget frå fakultetsleiinga får direkte fylgjer både for Tove Pettersen og Øyvind Rabbås og seks andre av dei vitskaplege tilsette ved Institutt for filosofi, idéhistorie, kunsthistorie og klassiske fag (IFIKK).

– Dette viser at me sit i pariastillingar, og det vil bli totalt øydeleggjande for heile arbeidsmiljøet om me får eit A- og B-lag av forskarar, der berre A-laget får rett til å søkja om forskingstermin. Å skjerpa kravet om forskingsresultat i fagfellevurderte publikasjonar er me einige i, men det bør då gjelda for begge grupper, ikkje berre dei som først blei tilsette som universitetslektorar, meiner Øyvind Rabbås. Sjølv er han professor i Platons og Aristoteles’ filosofi, medan Tove Pettersen er professor i feministisk filosofi.

– UiO vil tapa publikasjonspoeng og pengar

– Me har begge kvalifisert oss som professorar gjennom å skriva vitskaplege artiklar og gi ut bøker i dei forskingsterminane me har fått tildelt. Dei som no er universitetslektorar får ikkje sjansen til å kvalifisera seg for førstestillingar gjennom å skriva vitskaplege artiklar i fritida eller i løpet av ein forskingstermin. Det vil faktisk Universitetet i Oslo tapa mange publikasjonspoeng og mykje kompetanse på, understrekar Pettersen.

– Kvaliteten på søknadene, ikkje stillingskategori, må vera det avgjerande ved tildeling av forskingstermin, legg ho til.

Eitt institutt imot, eitt i tvil og to for

Instituttstyret for IFIKK har gått imot framlegget frå fakultetsleiinga, medan styret for Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ber fakultetsleiinga om å koma med ein breiare gjennomgang av arbeidssituasjonen til universitetslektorane. Styra for Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) og Institutt for musikkvitskap stiller seg bak forslaget til endring i føreskriftene for å gi forskingstermin. Styra for Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN), Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) og Institutt for medium og kommunikasjon (IMK) har enno ikkje handsama saka.

Tove Pettersen og Øyvind Rabbås fortvilar over at det blir brukt økonomiske argument for å fjerna ei ordning som også var ein del av arbeidsavtalen deira då dei blei tilsette ved Det humanistiske fakultetet i 1995 og 1997.

– No hindrar HF studentar i å få forskingsbasert undervisning, noko som er heilt imot den strategiske planen til Universitetet i Oslo. Dessutan hindrar fakultetet dei som er tilsette i universitetslektorstillingar i å kvalifisera seg for førstestillingar. Det er også imot intensjonane i den strategiske planen til UiO. Det ser ut som om dei vil at universitetslektorar skal vera nøgde med å bli tilsette som det, og deretter skal dei ikkje få sjansen til å oppdatera seg og vidareutvikla seg fagleg. I lengda vil universitetet altså tapa både kompetanse, publikasjonspoeng og pengar på det. Det er utruleg og skuffande at HF går i bresjen for å fjerna ei slik ordning, seier Pettersen.

Får støtte frå fagmiljøet

Kollega Øyvind Rabbås trekkjer fram at kritikken deira har brei oppslutnad frå eige fagmiljø.

– Styret for instituttet vårt støttar oss, medan HF er heilt ute og kjører i denne saka. Forslaget frå HF er ei svært dårleg forvalting av personalressursane, meiner Rabbås. Dei ser heller at kravet om gjennomsnittleg publikasjonspoeng på 0,7 skal vera det einaste avgjerande for om dei vitskaplege tilsette kan søkja om forskingstermin.

– Det må gjelda for alle grupper av vitskaplege tilsette, anten dei blei tilsette som universitetslektorar eller direkte i førstestillingar. Då vil alle som kan visa til stor vitskapleg produksjon, stilla likt, og ingen vil bli nekta å søkja berre fordi dei blei tilsette i ein annan stillingskategori enn dei andre. Me håpar også medlemane i fakultetsstyret ser kor urettferdig ei slik endring i søknadsføreskriftene kan bli, understrekar Pettersen og Rabbås.

 Forskarforbundet ved UiO sluttar seg til kritikken mot forslaget, og har gitt universitetslektorane full støtte i arbeidet for å hindra at det blir vedtatt, opplyser leiar Eivind Balsvik til Uniforum.

– Det vil slå uheldig ut for mange av medlemane våre, konstaterer han.

– Ingen rett til å søkja om forskingstermin

HF-dekan Trine Syvertsen meiner at innskjerpinga av føreskriftene for kven som kan søkja om forskingstermin er i samsvar med regelverket.

– Diskusjonen om lektorstillingar og forskingstermin kjem opp med jamne mellomrom. Dei nye retningslinjene inneber derimot inga endring på dette punktet. Tilsette i lektorstillingar har ikkje forskingsplikt og dermed heller ikkje rett til å søkja forskingstermin. Dette er i samsvar med UiOs regelverk og HFs noverande reglar.

 

 – Kan ikkje dette føra til eit A- og B-lag av forskarar på dei institutta det gjeld?

– Tilsette i lektorstillingar har som sagt ikkje forskingsplikt, og det er difor vanskeleg å snakka om A- og B-lag. Me har ei relativt stor lektorgruppe på HF og tilset fleire for å redusera bruken av tidsavgrensa jobbar i undervisningstillingar. Eg er klar over at enkelte lektorar har fått godkjent forskingstermin, men dette er altså ikkje ein rett som står i regelverket.

– De viser til at de kan koma til å spara vikarutgifter på dette. Men kan de ikkje også risikera at de taper publikasjonspoeng og dermed store inntekter på den måten. Då kan vinninga gå opp i spinninga?

– Argumentet om vikarutgifter gjeld ikkje spesifikt for lektorar. Lokale leiarar vil derimot alltid kunna gjera ei individuell vurdering av korleis arbeidsplikta til enkelte tilsette bør nyttast til beste for instituttet.

– Strir ikkje dette mot UiOs strategiske plan som vil at dei tilsette skal kunne oppdatera seg og vidareutdanna seg innanfor faget sitt, slik at dei kan gi studentane best mogleg, forskingsbasert undervisning?

– Lektorgruppa på HF er fagleg sterk, men innbyrdes svært forskjellig. No når me tilset fleire lektorar, er det heilt klart at me bør sjå meir heilskapleg på situasjonen til lektorane, og korleis behova deira for faglig oppdatering skal takast vare på. Det er ein annan diskusjon enn diskusjonen om forskingstermin, seier HF-dekan Trine Syvertsen (biletet).

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Filosofi, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2011 15:05 - Sist endra 27. sep. 2011 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere