Kalle Moene får Forskingsrådets formidlingspris

– Dei forskarane som ikkje nyttar høvet til å formidla, snyter seg sjølve for ei stor glede. Det meiner økonomiprofessor Kalle Moene ved Universitetet i Oslo. I dag får han tildelt Forskingsrådets pris for framifrå formidling på 250 000 kroner.

MÅ SKAPA DEBATT: – Eg likar svært godt å driva med forsking, men den er eigentleg ikkje fullført før den kan skapa litt debatt og merksemd rundt dei funna som er gjorde, seier Kalle Moene til Uniforum.  Teikninga i bakgrunnen har dottera hans teikna, og det er eit portrett av faren.

Foto: Ola Sæther

Kalle Moene har sidan 2007 vore leiar for det einaste senteret for framifrå forsking ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, ESOP. Der har dei mellom anna forska på korleis den nordiske velferdsstatsmodellen både skaper sosial tryggleik, lita arbeidsløyse og økonomisk vekst. Og Kalle Moene har fortalt om forskinga både til utanlandske statsoverhovud, statsministrar, politikarar frå Høgre til SV, og til representantar for NHO og LO. No er han æra med Forskingsrådets pris for framifrå formidling.

– Eg synest det er kjempehyggeleg. For av og til tvilar eg på om nokon les det me held på med. Eg likar svært godt å driva med forsking, men den er eigentleg ikkje fullført før den kan skapa litt debatt og merksemd rundt dei funna som er gjorde, seier Moene til Uniforum.  

– Kva vil du bruka premiesummen på 250 000 kroner til?

– Om eg får lov, vil eg gjerne gi heile summen til Leger uten grenser, seier Moene utan å nøla.

– Glede over å fortelja

Kalle Moene har aldri tenkt på seg sjølv som formidlar.

– Nei, eg identifiserer meg som ein som jobbar med forsking og har glede av å fortelja om det til eit breitt publikum. Det har eg drive med lenge før ESOP kom i gang i 2007. I mange år skreiv eg fast i både Klassekampen og i Dagens Næringsliv. På den tida var det svært vanskeleg for oss økonomar å sleppa til i Aftenposten. Oss imellom sa me at det var lettare å få ein vitskapleg artikkel i eit internasjonalt topptidsskrift enn å få inn ein liten notis i Aftenposten. No har dette endra seg, og i dag er det langt lettare å få plass til våre innlegg i Aftenposten også, konstaterer Moene.

”Gniar-indeksen” vekte mest oppsikt

Økonomiprofessoren hugsar godt kva sak som har vekt mest oppsikt av dei han har formidla.

– Det er utan tvil den gongen eg publiserte ei sak om ”Gniar-indeksen”. Den viste kva land som gav minst pengar til sine fattige. Eg skreiv først om den i den faste laurdagsspalta mi i Dagens Næringsliv, men interessa var så stor at eg til slutt saman med Jo Thori Lind skreiv en vitskapleg artikkel som blei publisert i eit av dei mest prestisjetunge tidsskrifta for utviklingsforsking, minnest han.

Til dagleg forskar han altså på den nordiske velferdsmodellen. Mange tradisjonelle økonomar kallar den for ein ”makroøkonomisk katastrofe”, med kjenneteikn som stor offentleg sektor, sterke fagforeiningar, små lønnsskilnader, sjenerøse velferdsordningar og høge skattar.

I eit tidlegare intervju med Uniforum peikar Moene på at den nordiske velferdsmodellen tvert imot har vore ein kjempesuksess, med sterkt vekst i økonomien over mange år.

– Erfaringane frå Norden stiller økonomisk teori på ein prøve den ikkje består, meinte Moene då, noko han meiner framleis.  

Skapte interesse for den nordiske velferdsstatsmodellen

Han ser heller ikkje bort frå at senteret hans har vore med på å auka interessa for den nordiske velferdsstatsmodellen.

– Ja, det trur eg heilt sikkert. Det er svært mange delegasjonar frå heile verda som har bede meg om å halda foredrag om den nordiske velferdsstatsmodellen for dei. Den eine gongen var det statsministeren i Nepal som kom saman med ein dyktig økonom. Ein annan gong var det ein topptung delegasjon frå Brasil, og ein tredje gong kom i største løyndom ein delegasjon frå Movement for Democratic Change, det vil seia frå opposisjonen i Zimbabwe. På senteret har me også forska på korleis den nordiske velferdsstatsmodellen kan tilpassast land som Sør-Afrika og Brasil, fortel han.

– Inga motsetning mellom forsking og formidling

Moene har sterke meiningar om formidling.

– For meg er det inga motsetning mellom forsking og formidling. Det må vera viktig å ha noko å formidla frå, og difor er det viktig at den som formidlar kan koma med funn frå eiga eller andre si forsking. Når eg formidlar, så lærer eg masse sjølv. Eg er svært glad i å undervisa og formidla forsking til studentar. Dei gongene eg held foredrag når eg fram til folk som eg ikkje treffer elles, folk som ikkje er kollegaer. Då får eg ei heilt anna tilbakemelding på foredraga mine, enn dei eg held på universitetet. Det er dessutan langt lettare å finna ut kva dei forstår og kva dei ikkje forstår uti frå reaksjonane deira på det eg formidlar. Me kan difor seia at formidling er tovegskommunikasjon og ikkje einvegskommunikasjon, som forsking ofte er, konstaterer Moene, som gjerne kjem med eit spark til dei som blandar personlege meiningar inn når dei fortel om forskinga si.

– Me som arbeider ved Universitetet i Oslo, har ikkje interessante meiningar, men interessante argument. Difor må formidlinga vera knytt til forskinga, slår han fast.  

I mange fagmiljø er det ikkje alltid like lett å stikka nasa fram i aviser og kringkasting utan å bli stempla som PR-kåt. Moene har aldri opplevd det.

– Både på Økonomisk institutt og ved senteret er alle kollegaene mine svært rause. Det er heilt i orden om eg eller andre spissformulerer oss eller tabbar oss ut innimellom.

Klokka 12 i formiddag får økonomiprofessor Kalle Moene utdelt Forskingsrådets pris for framifrå forsking av forskingsminister Tora Aasland på Forskingstorget på Universitetsplassen.

– Det gler eg meg til. Eg håpar verkeleg at det er litt folk til stades.

Dette er ESOP:

Senter for framifrå forsking ved Økonomisk institutt, UiO

Senteret sitt fulle namn: ”Equality, Social Organization and Performance- Confronting theory with the Nordic lessons”

 

 

 

Emneord: Priser, Forskningsformidling, SFF - Senter for fremragende forskning, Økonomisk institutt Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2011 00:05 - Sist endra 26. sep. 2011 12:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere