– Primo tilbyr søk i vitskaplege artiklar og e-bøker, der ein søker i fulltekst og har gode moglegheiter for å avgrense søk ved å legge inn ulike filter som dato, kjelde, emneord og liknande. På den måten kan ein gjere spesialiserte søk og få meir relevante treff, seier hovudbibliotekar Tone Christine Bøgh.
Vanskeleg søk avgrensar bruken
Etter kvart som den digitale tidsalderen har nådd biblioteka, er det utvikla ei rekkje digitale søketenester med ulike bruksområde. Men det har synt seg at tenestene ikkje alltid er intuitive for brukarane. I dag abonnerer UB på om lag 12 500 elektroniske tidsskrift, og talet på e-bøker ligg på rundt 200 000 og er i rask vekst. I tillegg kjem alle elektroniske ressursar som er ope tilgjengeleg. Gode søkefunksjonar er avgjerande for at alle desse ressursane skal kome studentar og tilsette til gode.
Det er fleire grunnar til at bibliotekløysingar for elektroniske ressursar så langt ikkje har vore den suksessen ein kunne håpe på. Ein av grunnane er tekniske problem, som at søket tek lang tid, og at det kan vere vanskeleg å avgrense søket. Slikt imponerer ikkje brukarar som er vande med Google.
– Fram til no har vi ikkje heilt lukkast i å tilby eit godt artikkelsøk. Google er sjølvsagt systemutviklarane sin største konkurrent, og då har ein litt å strekke seg mot. Det er først no vi byrjar bli i stand til å konkurrere med dei, seier leiar ved avdelinga for digitale tenester, Håvard Kolle Riis.
På veg mot nytt biblioteksystem
Søketenesta Primo ligg no som ei eigen fane i søkeboksen på biblioteket si nettside. Tenesta er framleis under utvikling. Førebels er det ein betaversjon som ligg ute, og biblioteket ønskjer seg tilbakemeldingar frå brukarane for å kunne spele inn ønskje til fullversjonen.
– I fullversjonen vil vi kunne gjere eigne tilpassingar og mellom anna integrere bibliotekkatalogen, slik at søket kan gje informasjon om kvar ein kan finne trykte kjelder, med tingingsskjema og kartreferansar og liknande. Her er det mange moglegheiter når det gjeld funksjonalitet, seier Bøgh.
Overgangen frå trykte til elektroniske kjelder er komen lengst for tidsskrift. E-bøker er på veg, men her avventar ein utviklinga av slikt som betre betalingsmodellar. Det blir også arbeidd med å finne gode system for digitalt pensum. Førebels er det store skilnader i korleis studentar og tilsette nyttar digitale kjelder. Innanfor realfag og særleg medisin er elektroniske løysingar godt utvikla og mykje brukt, medan det i mange andre fag framleis går mest i trykte bøker. Likevel er det ingen tvil om at elektroniske ressursar utgjer ein større og større del av kjeldebruken.
Det tek biblioteka konsekvensen av, og i 2013 skal Bibsys bytast ut med eit heilt nytt biblioteksystem som no er under utvikling hos leverandøren. Då vil ein få samla alle bibliotekfunksjonar i eitt grensesnitt, noko som vil bli langt enklare å handtere for brukarane. I denne utviklinga er Primo eit steg på vegen. I tida som kjem, vil det difor bli viktig å hente inn tilbakemeldingar.
– Vi vil gjerne at brukarane tek kontakt gjennom tilbakemeldingsskjemaet på nettsidene, og seier frå om korleis søketenesta fungerer, oppmodar Bøgh.
Logg inn for å kommentere