– Utdanning som motvekt mot hat og fordommar

– Kunnskap, kritisk refleksjon, kjeldekritikk, vitskapleg metode og meiningsbryting er kjerneverdiane i høgare utdanning og forsking. Desse verdiane skaper også motvekt mot fordommar og kunnskapsløyse som kan enda opp i frykt og hat, sa høgare utdanningsminister Tora Aasland på ein pressekonferanse hos Høgskolen i Oslo og Akershus i dag.

IDEOLOGIFORSKING: – Det er no viktig også å konsentrera forskinga om diskusjonen rundt ulike ideologiske retningar.Forskingsrådet må difor leggja til rette for at det skjer, meiner statsråd Tora Aasland.

Foto: Martin Toft

No ynskjer ho å satsa endå sterkare på desse grunnverdiane ved universiteta og høgskulane.

– Høgare utdanning er ein modningsprosess der studentane får tilgang til og tileignar seg forskingsbasert kunnskap.  Dette blir utvikla i utdanningsmiljø der argument blir prøvde mot kvarandre, og slik får studentane opplæring i å forstå forskjellige perspektiv og ståstader, understreka Aasland. 

– Må styrkja velferdstilboda

På grunn av terroraksjonane på Utøya og i Regjeringskvartalet oppfordrar ho alle lærestadene til å styrkja og støtta opp om velferdstilboda, slik at dei er godt rusta til å ta imot studentar som er blitt direkte eller indirekte råka av desse tragediane.  

Kunnskapsdepartementet har også oppretta ein eigen kontakttelefon for ungdom som var på Utøya og som treng bistand i samband med skule- eller studiestart. Kontakttelefonen er allereie formidla til dei som har behov for denne tenesta, opplyser ekspedisjonssjef Toril Johansson i Universitets- og høgskuleavdelinga i Kunnskapsdepartementet til Uniforum.  Etter det Kunnskapsdepartementet kjenner til, opplever mange at dei ikkje klarte å svara på studietilbod eller så føler dei at det er vanskeleg å studera eller gå på skule langt frå familie og venner etter det forferdelege dei har opplevd.

– Vil vera fleksible

– Me ynskjer å vera fleksible i møtet med Utøya-ungdommen. Difor er me i tett samarbeid med Samordna opptak, Lånekassen, utdanningsinstitusjonane og fylkeskommunane. Dei har alle vist stor vilje til å koma ungdommane i møte på ein god måte. Det felles målet me har, er å forvissa oss om at dei som var på Utøya ikkje blir fråtekne den framtida dei hadde planlagt for seg sjølve då dei drog på sommarleiren, garanterte Aasland.

Før studiestart sender Kunnskapsdepartementet ut eit felles opplegg til alle universitet og høgskular om korleis dei best kan fylgja opp desse ungdommane som blei direkte råka av tragedien på Utøya.

– Universitetet i Oslo har laga eit svært bra opplegg som me brukar som modell for alle dei andre universiteta og høgskulane, fortalde statsråden. 

Vil ha meiningsbryting i opne forum

Tidlegare denne veka oppfordra professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen alle akademikarar til å delta i nettdebattar i langt større grad enn dei gjer i dag. Statsråd Tora Aasland er langt på veg einig med han i det. – Det er viktig å diskutera ideologiske spørsmål og andre tema også med dei som ein er dødsens ueinig med. Men meiningsbrytinga må skje i opne fora, anten på nettet, i media eller på offentlege møte, meinte ho.

– Som ansvarleg statsråd er det viktig for meg å understreka at utdanningsinstitusjonane må læra studentane noko om fellesskap, demokrati, mangfald og solidaritet. Heldigvis har me i Noreg eit godt utvikla studentdemokrati. Eg vil difor sitera orda til leiaren for Norsk studentorganisasjon,   Kim O. Kantardjiev  "Vår oppgåve som studentar er å ikkje vita alt heilt sikkert”. Den største tragedien i Noreg etter den andre verdskrigen har skjedd og det kan me ikkje gjera noko med. Det me kan gjera noko me, er kva me vil velja at den skal tyda for oss i åra framover, slo ho fast.

Samtidig viste ho til kva andre fylgjer dette bør få for utdannings- og forskingssektoren.

– Det er no viktig også å konsentrera forskinga om diskusjonen rundt ulike ideologiske retningar. Forskingsrådet må difor leggja til rette for at det skjer.

5141 ventar på studieplass

Fire dagar før studiestart er det enno 5141 personar som er kvalifiserte til minst eit studium som dei står på venteliste til, og som enno ikkje har fått tilbod om studieplass.  Alt håp er likevel ikkje ute for dei. Det blir kjørt nye, sentrale etterfyllingsopptak to til tre gonger i veka fram til og med 8. september. Etter den datoen vil framleis enkelte studentar kunna takast opp lokalt. I dag er det framleis 390 studium som har ledige studieplassar på Restetorget, opplyser Kunnskapsdepartementet. Til saman blei det sendt ut 74 500 studieplasstilbod i juli.

 

 

Emneord: Studentsaker, Forskningspolitikk, Studentforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2011 12:53 - Sist endra 11. aug. 2011 13:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere