– Manifestet til terroristen må analyserast

– Forskarar må analysera manifestet til den norske terroristen som stod bak terroråtaka i Oslo og på Utøya. Dei må ikkje vera redde for å bli konfronterte med ideane hans. Det sa forskar Anders Romarheim då han innleidde forelesingsserien ”Etter 22. juli” i Gamle festsal laurdag ettermiddag.

PROBLEM: – Viss ideologien til den norske terroristen har brei appell hos oss, vil det vera eit stor problem for Noreg. Om den ikkje har appell, er den ufarleg, slo forskar Anders Romarheim fast i det første foredraget i forelesingsserien ”Etter 22. juli”.

Foto: Ola Sæther

Det var forskar Anders Romarheim ved Institutt for forsvarsstudiar som fekk æra av å vera først ute av dei som Universitetet i Oslo har invitert til å halda foredrag i forelesingsserien ”Etter 22. juli”. Alle forelesingane skal gå føre seg i Gamle festsal i Urbygningen i sentrum kvar laurdag kl. 14.00 fram til jul.

Rektor Ole Petter Ottersen opna den første forelesinga med å understreka at det ikkje var Universitetet i Oslos oppgåve å analysera det som skjedde den 22. juli.

– Bidraget vårt blir å gi kunnskapsbasert og meir nyansert informasjon om dei temaene som den 22. juli aktualiserte, understreka Ottersen overfor dei rundt 100 tilhøyrarane.

Forskar Anders Romarheim tok utgangspunkt i terroråtaket mot Regjeringskvartalet og massakren på Utøya, som blei planlagde og utførde av den norske terroristen Anders Behring Breivik, og Romarheim forsøkte å setja dei inn i ein breiare, internasjonal kontekst gjennom å samanlikna dei med andre terroraksjonar i andre delar av verda. Heile tida unngjekk han å bruka namnet til mannen bak dei to terroraksjonane.

– Utøya-massakren liknar på Beslan

–Terroråtaket mot Regjeringskvartalet skil seg ikkje særleg ut i høve til andre terroraksjonar der målet er å råka den politiske makta. Massakren av 70 personar, i hovudsak tenåringar på Utøya, der fleire blir skotne opptil fleire gonger, er derimot både heilt ufatteleg og heilt uforståeleg, også innanfor definisjonen av terrorisme. Den massakren kan berre samanliknast med nedslaktinga av skulebarn i Beslan i den russiske delrepublikken Nord-Ossetsia i Nord-Kaukasus i 2008, konstaterte Romarheim.

Må gå gjennom manifestet

Han meinte at den beste måten å kunna finna meir ut om kvifor det kunne skje, er å gå gjennom manifestet til den norske terroristen.

– Eg har gått gjennom det i eit makroperspektiv der han ser på Europa som eit område som held på å bli overtatt av muslimar, og at det no er naudsynt å slå tilbake. Han ynskjer alle muslimar ut av Europa, og då er alle metodar tillatne, det nærmar seg også folkemord.  

– Det gjer meg vondt å lesa manifestet, men eg synest det er viktig for oss forskarar å gjera det for å kunna analysera det som skjedde. Om vanlege folk vel ikkje å lesa det, har eg stor forståing for det, men me som forskarar har ei plikt til å gå gjennom innhaldet og våga å bli konfronterte med ideane hans, insisterte han på. Romarheim hadde altså lese manifestet frå eit makroperspektiv, men hadde også gjort seg ein del tankar om terroristen frå eit mikroperspektiv.

 – Var det galningen som fann ein ideologi?

– Spørsmål som det er naudsynt å stilla, er om det var galningen som fann seg ein ideologi, eller ideologien som fann ein galning? I intervjuet med seg sjølv får me masse opplysningar om oppveksten hans. Han framstår som ein usikker gut med ein kald og fråverande far. Under oppveksten levde han i frykt for utanlandske gjengar. Samtidig avslører han seg som ein person som er kald og innovervendt i relasjon til andre personar. Men han viser også at han er opptatt av prestisje, status og utsjånad. Heile manifestet handlar i stor grad om han sjølv. Difor meiner eg at det også er viktig å analysera manifestet frå eit mikroperspektiv. Det får andre enn eg gjera.

– Det som er sikkert er at om ein berre les det frå det eine eller det andre perspektivet, er det lett å bli einøygd. No gjeld det å gå gjennom det og sjå på hans personlege historie i høve til hans, etter mi oppfatning, heilt ville teoriar om utviklinga i Europa, meinte Romarheim.  – Viss ideologien hans har brei appell hos oss, vil det vera eit stor problem for Noreg. Om den ikkje har appell, er den ufarleg, slo han fast.

Symbiosen mellom media og terroristen

I ein generell kommentar sa han at media og terroristen levde i ein symbiose og var gjensidig avhengige av kvarandre.

– Demokratiet var ein føresetnad for terrorismen i Noreg. Ei fri presse ville nemleg syta for at aksjonane blei kjende. I eit autoritært regime utan ei fri presse, ville difor ikkje ein terroraksjon ha den same effekten. Det ville likevel vera heilt umogleg for ein nyhenderedaksjon å bestemma seg for at dei ikkje skulle dekkja ein terroraksjon fordi dei risikerte å skapa merksemd rundt terroristen eller terrorgruppa, peika han på.

– Oppnådde målet 11. september 2001

Romarheim trekte også fram Al Qaidas terroraksjon i New York og i Washington den 11. september 2001 som eit vendepunkt i forholdet mellom terrororganisasjonen og USA.

– Allereie i 1996 hadde Al Qaida erklært krig mot USA, medan USA hadde vågd ikkje å svara med ei liknande krigserklæring dei første fem åra etterpå. Det tok brått slutt med terroraksjonanane 11. september 2001, då president George W. Bush straks erklærte krig mot terror, serskild retta mot Al Qaida. Dermed var eitt av måla til terrorgruppa oppnådd. Men amerikanske terrorekspertar meiner at ingen president ville ha vågd å handla annleis, viste han til.

Gerilja vs. terrorgrupper

Terrorisme-eksperten frå Institutt for forsvarsstudiar drog også eit skilje mellom geriljaorganisasjonar og terrorgrupper.

– Ei geriljagruppe som FARC i Colombia kontrollerer eit geografisk område og er i krig med den colombianske regjeringa. Den står rett nok bak kidnappingar og drap på sivile, men likevel vil eg definera det som ei geriljagruppe og ikkje som ei terrorgruppe. ETA og IRA må definerast som terrorgrupper fordi aksjonane deira også råkar sivile. Likevel er det mange som deler dei politiske måla deira om at Spania må ut av Baskarland og Storbritannia ut av Nord-Irland.

– Når det gjeld Midtausten, står eg fast på at Hamas er ei gruppe som står bak terroraksjonar, men samtidig er det eit politisk parti som har politisk makt i Gaza. Samtidig er det også fullt mogleg å kalla Taliban i Afghanistan for geriljasoldatar eller opprørar der dei kontrollerer landområde. Tidlegare blei dei berre kalla for terroristar av USA, forklarte han.

Definerte terrorisme

Med bidrag frå terrorismeforskarar som Bruce Hoffman, Alex Schmid og Paul Wilkinson, kom han fram til ein lang definisjon av kva terrorisme er:

 – Terrorisme er bruk av vald eller trugsmål om vald mot sivile eller ikkje-stridande med mål om å spreia frykt, skaffa merksemd om ei politisk sak og å påverka også andre enn dei som blir dei direkte offera for åtaket, var konklusjonen hans.

– Noreg må få ei velfundert terrorlovgjeving som ikkje er basert på frykt, var rådet han ville gi styresmaktene. Heile foredraget til Anders Romarheim vil bli sendt på Kunnskapskanalen i NRK 2, laurdag 3. september klokka 16.30.

Det neste foredraget i forelesingsserien ”Etter 22. juli” blir laurdag 10. september. Foredraget skal haldast av professor i sosialantropologi, Thomas Hylland Eriksen.  Laurdag 3. september blir det ingen foredrag på grunn av jubileumshelga til Universitetet i Oslo.

 

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Statsvitenskap, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 28. aug. 2011 14:19 - Sist endra 31. aug. 2011 00:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere