Framifrå UiO-senter gjer det knallgodt

Dei fem nyaste sentra for framifrå forsking ved UiO får alle framifrå karakterar i den internasjonale midtvegsevalueringa, og alle held fram i fem år til. – Alle får mykje ros, og det viser at suksessen er tydeleg, seier Olav Gjelsvik, som er dagleg leiar for Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN).

EKSTRA FLOTT:– For oss er det ekstra flott at to senter frå humaniora og samfunnsfag gjer det så godt i denne midtvegsevaluringa, seier filosofiprofessor Olav Gjelsvik, som er dagleg leiar av CSMN om konklusjonen i evalueringa av dei nyaste sentra for framifrå forsking.

Foto: Ola Sæther

To av dei sentra ved UiO som får flott vurdering, er Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN) ved Det humanistiske fakultetet og Centre for the study of equality, social organization and performance (ESOP) ved SV-fakultetet. Det sistnemnde senteret får karakteren “Very good to exceptionally good” medan CSMN kan smykka seg med den aller beste karakteren “Exceptionally good”.

– For oss er det ekstra flott at to senter frå humaniora og samfunnsfag gjer det så godt i denne midtvegsevaluringa. Sjølve har me fått masse skryt og oppbakking frå dei naturvitskaplege og medisinske miljøa, kanskje mindre frå dei humanistiske miljøa, synest filosofiprofessor Olav Gjelsvik, som er dagleg leiar for CSMN.

Også dei nyaste SFF-ane innanfor naturvitskap og medisin, Centre for Immune Regulation, Centre for Cancer Biomedicine og Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES) får alle den aller beste karakteren og det aller beste skussmålet frå den internasjonale evalueringskomiteen, som har vore leidd av medisinprofessoren Sten Grillner ved Karolinska institutet i Sverige. Det får også Centre for Theoretical and Computational Chemistry (CTCC), som er eit samarbeid mellom kjemiprofessor Trygve Helgaker ved UiO og forskarkollegaene hans ved Universitetet i Tromsø.

– Kan slå seg på brystet

– Universitetet i Oslo har absolutt grunn til å slå seg på brystet og vera stolte av det som desse sentra har klart å få til. Når ein samtidig er klar over at dei som blei plukka ut i den siste utpeikinga av senter for framifrå forsking, berre blei peika ut på grunnlag av forskingskvaliteten, er det endå større grunn til å ta til seg denne suksessen, meiner Gjelsvik. Evalueringskomiteen trekkjer fram kor tverrfagleg senteret CSMN er blitt med forskarar både frå filosofi og språkvitskap, som alle jobbar tett saman innanfor område som rasjonell handling, språk og moral. Samtidig blir vertsinstitusjonen UiO beden om å leggja forholda til rette for at forskingsområda til alle desse sentra kan halda fram etter at den ti år lange levetida til sentra er over. Evalueringskomiteen meiner at både forskinga og Universitetet i Oslo i det lange løp vil tena på det.

 – Færre emne og færre mellombelse stillingar

– Lærdomen vår er at me vil konsentrera oss om færre emne, men alle dei fast tilsette forskarane som er djupt involverte i senteret, vil halda fram som før. Me kan regulera det gjennom å ha færre personar i professor II-stillingar og ha færre mellombelse forskarstillingar, seier Gjelsvik. Medan nokre av sentra kan visa til årsbudsjett på opptil 150 millionar kroner takka vere store eksterne inntekter, må CSMN stort sett klara seg med dei pengane det får frå Forskingsrådet, konstaterer han.

Dette er sentra som er  vurderte:

Senter ved UiO:                                                 

Centre for Immune Regulation (CIR) ”Exceptionally good”

Centre for Cancer Biomedicine (CCB)  "Exceptionally good”

Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES) “Exceptionally good"                                       

Center for the study of equality, social organization, and performance (ESOP)        “Very good to exceptionally good”

Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN) “Exceptionally good”

Felles senter for UiO og UiT:

Centre for Theoretical and Computational Chemistry (CTCC) “Exceptionally good”

Simula saman med UiO, NTNU, Forsvarets forskingsinstitutt m.fl:

Centre for Biomedical Computing (CBC5)   

“ Exceptionally good”

Senter ved UiB:

Centre for Geobiology 

“Exceptionally good”      

 

– Vårt årsbudsjett er på 25 millionar kroner, så det gir oss ikkje noko særleg romsleg økonomisk armslag. For desse pengane får UiO mykje positivt omdømme og brei omtale innanfor internasjonal forsking.

Sjølv vil eg gi masse honnør både til Forskingsrådet og til den internasjonale evalueringskomiteen for den jobben dei har gjort, seier Gjelsvik.

Alle held fram som SFF

Også dei tre andre SFF-ane fekk gode skussmål av den internasjonale evalueringskomiteen. Det har Forskingsrådet tatt konsekvensen av og bestemt at alle dei åtte nyaste SFF-ane skal halda som senter for framifrå forsking og få finansiering for fem nye år. I ein generell kommentar skriv evalueringskomiteen at alle sentra har utvikla interessante og produktive forskingsprogram og har styrkt forskingsområda sine

 ganske kraftig. Samtidig har dei gjort forskinga meir synleg både nasjonalt og internasjonalt. Eit av dei viktigaste forslaga frå komiteen er at alle sentra skal påleggjast å etablera ein internasjonalt samansett, rådgjevande komité. Forskingsrådet seier at det kjem til å fylgja opp den tilrådinga. Evalueringa er gjort gjennom å vurdera vitskapleg kvalitet og forskingsresultat, forskingsstrategi for dei neste fem åra og organisering og leiing av senteret. 

Dei mest suksessrike sentra er kjenneteikna av tydeleg visjon og strategisk fokus, sterk og dynamisk leiarskap, ambisjonar om å definera nye, tverrfaglege forskingsområde og klare mål om å involvera dei beste forskarane frå heile verda på alle nivåa i drifta av sentra for framifrå forsking, står det i rapporten.

– Meir langsiktig og generøs finansiering

Forskingsrådets administrerande direktør Arvid Hallén er særs nøgd med konklusjonane til komiteen.

– Dette er svært interessante vurderingar og gir støtte til ideen om at ei meir langsiktig og generøs finansiering kombinert med tydelege mål og sterk leiarskap, gir svært

Desse sat i evalueringskomiteen:

Sten Grillner, Karolinska institutet

Paul Madden, Queens College, Oxford

Marja Makarow, European Science Foundation, Strasbourg, Frankrike

Barbara Romanowicz, Berkeley Seismological Laboratory, UC Berkeley

Yvonne Rydin, Bartleg School of Planning, University College London

Matti Sintonen, Filosofisk institutt, Helsingfors universitet

gode resultat, seier han i ei pressemelding.

           

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: SFF - Senter for fremragende forskning, Forskningspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2011 16:38 - Sist endra 23. aug. 2011 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere