Bigbang med venner opnar jubileumskonserten

Forgrunnsfiguren i rockegruppa Bigbang, Øystein Greni tar med seg bandet og inviterer gode musikarvenner til den store jubileumskonserten på Frederikkeplassen på Blindern 2. september kl. 17.30. – Øystein Greni har sjølv vore UiO-student, fortel prosjektleiar Torbjørn Heitmann Valum i UiO:200 til Uniforum.

DRAR I GANG FESTEN: Øystein Greni med gruppa Bigbang drar i gang den store jubileumskonserten på Frederikkeplassen fredag 2. september kl. 17.30.

Foto: Rashid Akrim, NRK P3, Flickr

– Me trur at både studentar og tilsette vil koma hit og delta på jubiileiumskonserten med Bigbang og venner. Det er ei gruppe som vil ha appell hos fleire generasjonar av universitetsfamilien, meiner jubileumsgeneral Inger Stray Lien.

Prosjektleiar Torbjørn Heitmann Valum i jubileumssekretariatet fylgjer opp.

– Bigbang er eit av Noregs beste band, og me er veldig stolte av at dei vil gi oss ei heilt spesiell oppleving i fødselsdagsgåve. Det blir svært spennande å sjå kva andre artistar Øystein Greni inviterer med seg. Rektor Ole Petter Ottersen skal opna konserten. Me ynskjer at alle tar turen til jubileumskonserten etter at dei har begynt festen med lokale vorspiel, slår han fast.

Det vil vera fullt program heile jubileumshelga.

I veterantrikk til Blindern-fest

Stray Lien synest også at planlegginga av vorspiela er godt i gang. Jubileumssekretariatet og Kultur- og velferdsutvalet spanderer drikke og jubileumskake på alle desse lokale festane, og mange av arrangørane spanderer på underhaldning og mat. – Eg vil gjerne trekkja fram Naturhistorisk museum som startar klokka sju om morgonen og vil halda ope hus for alle tilsette i alle musea på Tøyen, før dei tar ein veterantrikk frå Lakkegata som skal ta dei opp til jubileumskonserten på Blindern. Det medisinske fakultetet skal marsjere samla ned til festen på Blindern, med Medisinsk paradeorkester i front. Det er sjølvsagt ein fare for at desse lokale festane blir så koselege at folk ikkje vil gå derifrå,  seier ho med eit smil.

Håpar på 8000 deltakarar

Til saman vil det vera 13 småfestar med rundt omkring på heile Universitetet i Oslo der studentar og tilsette skal festa saman.

– Det er viktig for oss å markera at både studentar og tilsette er ein del av universitetet og kan feira 200-årsjubileet i lag. Ved NTNU hadde dei fest berre for dei tilsette under 100-årsfesten i fjor haust. Det blei ein stor suksess med over 2000 personar på arrangementet, men me vil gjerne inkludera alle studentane på alle festane også. Målet vårt er at rundt 8000 personar skal delta på festane, understrekar Stray Lien og Heitmann Valum.

Festar for klassikarar og rockarar

Etter konserten med Bigbang held bursdagsfesten fram i Ole-Johan Dahls hus og i Georg Sverdrups hus.

– Me har organisert to festar med ulikt innhald. I Ole Johan Dahls hus blir det  fest i tre etasjar med Noregs lengste bar og med rocka musikk. I Georg Sverdrups hus blir det klassisk klubb med mellom andre Arve Tellefsen, Håvard Gimse og Elisabeth Norberg-Schultz, fortel Inger Stray-Lien. Dessutan deltar Engegård-kvartetten og dei unge musikarane Joachim Kwetzinski og Johannes Martens med cellosonaten til Markus Paus. Det gjer også Unikor, Schola Cantorum, Vox Humana og Universitetets symfoniorkester. Og når desse festane er slutt, blir det festfinale med eit stort nachspiel i Chateau Neuf. – Sjølvsagt håpar me at  flest mogleg blir med på vidare. Jubileumsfesten tar ikkje slutt før langt ut på natta, lovar Heitmann Valum.

Ope hus i sentrumsbygningane

Både han og Stray Lien vil stå på vidare allereie dagen etter.

– Då er det ope hus for alle i universitetsbygningane i sentrum. Det blir den første sjansen Oslos innbyggjarar får til å sjå den nyrestaurerte Aulaen, peikar Stray Lien på.

Ute på Universitetsplassen vil det samtidig vera ei utstilling av  universitetet sine første hundre år frå 1811 til 1911.

– Bileta vil vera henta frå jubileumsboka til UiO, opplyser Heitmann Valum. På Tøyen vil Munch-museet opna utstillinga Munchs laboratorium – Veien til Aulaen. Den skal stå heile hausten.

Kronprinsen kjem på jubileumsgudsteneste

Helga blir avslutta med jubileumsgudsteneste i Slottskapellet sundag 4. september klokka 11.00. Då vil kronprins Haakon vera til stades medan teologidekan Trygve Wyller vil leia gudstenesta.

– Slottskapellet har vore fast gudstenesteplass for studentkyrkjelyden gjennom 100 år,og då var det naturleg å leggja ei slik jubileumsgudsteneste dit,seier Stray Lien.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetshistorie, UiOs 200-årsjubileum, Kultur Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2011 14:05 - Sist endra 12. aug. 2011 01:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere