Internt handlingsrom fekk toppkarakter av styret

Alle dei fem prioriterte tiltaka i Internt handlingsrom blei vedtekne av Universitetsstyret i dag. Dermed kan det vidare arbeidet med gjennomføringa setjast i gang etter sommarferien.

PÅ FOLKEMØTE: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er på folkemøte  i april for å fortelja om prosjektet Internt handlinsrom. Universitetsstyret vedtok i dag samrøystes dei fem høgast prioriterte tiltaka i prosjektet.

Foto: Ola Sæther

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fekk tilslutnad frå heile Universitetsstyret då ho la fram dei fem høgast prioriterte tiltaka i prosjektet Internt handlingsrom. Universitetsstyret gav henne fullmakt til å gjennomføra arbeidet med internt handlingsrom.

Dei styrerepresentantane som tok ordet, meinte at arbeidet med Internt handlingsrom hadde vore vellukka og at det var rett å prioritera den økonomisk handteringa av eksternt finansierte aktivitetar på topp over dei tiltaka som det var viktigast å gjera noko med. Representant for dei vitskaplege tilsette, Hanne Haavind var mellom dei mest positive:

– I mi tid som universitetstilsett har eg sett fleire forskjellige forsøk på målstyring. Eg har aldri vore i nærleiken av å ha ei så positiv haldning til dei, som eg har til prosjekt Internt handlingsrom. Som styremedlem er det irriterande å få papir som er prega av mistru. Dette er ikkje universitetsdirektøren sitt prosjekt, men eit prosjekt som blei sett i gang av Universitetsstyret. Eg er glad for at dei andre fagforeiningane ikkje har slutta seg til kritikken frå NTL, sa ho.

 – Kom lite ut av Effektiviseringsprosjektet

Den andre representanten for dei vitskaplege tilsette, Dag O. Hessen meinte at grunnen til at fleire universitetstilsette var mistenksame til prosjektet, hadde historiske årsaker.

– På 1990-talet sette UiO i gang Effektiviseringsprosjektet. Og det kom det mildt sagt svært lite ut av. Dette prosjektet ser derimot ut til å vera heilt annleis, konstaterte han. 

Ekstern representant Grete Berget var også full av lovord for prosjektet:

– Dette blir banebrytande om me får det til, Det er både ei spennande oppgåve og heilt naudsynt, meinte ho.

Den eksterne representanten Karianne Bjellås Giljesyntest det var viktig at Universitetsstyret også lytta til dei kritiske røystene.

– Prosjektet er svært viktig og særleg det faktum at det blir lagt vekt på å bruka interne ressursar er sentralt for at ein skal lykkast. Open kommunikasjon og diskusjon om metodeval er også viktig, meinte ho, og markerte motstand mot den eksterne konsulenten som styret fekk lagt føre seg på møtet.

 Avdramatiserte LEAN

 Bruken av den japanske styringsmodellen LEAN kom også opp i diskusjonen. Viserektor Ragnhild Hennum avdramatiserte bruke av det japanske metoden LEAN.

 – LEAN er eit reint kartleggingsverktøy der ein ser på enkelte delar. Me har brukt det som analyseverktøy, det vil seia at me har stort sett brukt gråpapir og gule lappar, slo ho fast.

 Dermed blei prosjekt Internt handlingsrom samrøystes vedtatt av Universitetsstyret med dei fem prioriterte tiltaka som var foreslått av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i nært samarbeid med viserektor Ragnhild Hennum:

  • betre verktøy for økonomihandtering av eksternt finansierte aktivitetar
  • ein full gjennomgang av dei administrative IT-systema    
  • standardisering av arbeidet med bilagslønn
  • betring av arbeidet med studentmobilitet og lokalt opptak til studieprogram
  • ei grundig vurdering av roller og ansvar mellom institutt, fakultet og sentraladministrasjon

 

 

 

 

 

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Administrasjon, IHR Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2011 16:36 - Sist endra 22. mars 2013 12:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere