Skal gi råd om flytting av vikingskipa

– Det er viktig å få ei vurdering av risiko frå ei internasjonal og uavhengig ekspertgruppe før regjeringa avgjer ei mogleg flytting av vikingskipa. Med desse orda presenterte forskingsminister Tora Aasland den internasjonale arbeidsgruppa før den skulle ha sitt første møte i formiddag.

EKSPERTGRUPPE: Denne ekspertgruppa skal gi forskingsminister Tora Aasland og regjeringa råd om risikoen ved å flytta vikingskipa frå Bygdøy til Bjørvika. F.v. May Cassar, Ronald Bockius, utvalsleiar Jesper Stub Johnsen, statsråd Tora Aasland og David Saunders.

Foto: Ola Sæther

Målet er at den internasjonale arbeidsgruppa skal ha si vurdering av risikoen ved flytting av vikingskipa frå Vikingskipshuset på  Bygdøy til Bjørvika klar i løpet av 2011. Utvalsmedlem May Cassar, frå University College London, kunne ikkje lova at dei ville klara å få det til så raskt.

To av fire har besøkt Vikinskipshuset tidlegare

– Det kan vera at me har behov for å innhenta nye opplysningar og be om nye undersøkingar som vil føra til at det vil ta lengre tid, meinte ho.

May Cassar hadde sjølv besøkt Vikingskipshuset for mellom ti og tolv år sidan. – For meg blir det spennande å sjå kva tilstand vikingskipa er i no, sa ho. Utvalsleiar Jesper Stub Johnsen hadde besøkt Vikingskipshuset som spelar i fotballturneringa Norway Cup for svært mange år sidan. For dei to andre, Ronald Bockius, frå Museum für Antike Schiffahrt, Mainz, i Tyskland og David Saunders frå The British Museum, London, ville dagens besøk på Vikingskipshuset vera det aller første.

Vil skaffa seg oversikt

– Først vil me diskutera mandatet vårt, og så vil me jobba svært hardt med oppgåva som statsråd Tora Aasland har gitt oss, sa utvalsleiar Jesper Stub Johnsen på eit pressemøte rett før arbeidsgruppa skulle samtala vidare med forskingsministeren.

– Vil de setja i gang eigne undersøkingar eller bruka tidlegare undersøkingar og rapportar om flytting og tilstanden til vikingskipa og dei andre gjenstandane i Vikingskipshuset?

Dette er medlemane i arbeidsgruppa:

Jesper Stub Johnsen,utvalsleiar, bevaringssjef, Nationalmuseet i København.

May Cassar,  Professor of Sustainable Heritage og Director of the Centre for Historic Buildings, Collections and Sites, University College of London.

 Ronald Bockius, hovudkonservator og forskingsleiar ved Römisch-Germanisches Zentralmuseum, Museum für 

Antike Schiffahrt, Mainz, Tyskland.

 David Saunders, konservator, Department of Conservation and Scientific Research,The British Museum, London.

 

 

– Det kan me ikkje seia akkurat no. Me vil først prøva å få ei oversikt over om det er noko som manglar i det datagrunnlaget me skal gå gjennom, sa Stub Johnsen.  

Ikkje umogleg med flytting

Alle medlemane var einige i at dei hadde tatt imot ei stor utfordring, men dei såg det ikkje som ei umogleg oppgåve å flytta på gjenstandar berre fordi dei var over tusen år.

– Historiske gjenstandar frå Egypt på mellom 3000 og 4000 år er blitt flytta utan problem. Det som gjer det vanskeleg i dette tilfellet, er lengda på skipa, ikkje alderen, sa Ronald Bockius.

 Tora Aasland vedgjekk at Kunnskaspdepartementet  hadde brukt lang tid på å setja saman ei ekspertgruppe.

– Det er sant. For oss var det viktig å finna dei rette personane, og samtidig var det veldig vanskeleg å finna ein møtedag som passa for alle fire. Det gjekk altså fint å få det til i dag. Så får me sjå korleis dei vel å møta kvarandre i tida framover. Det

finst mange måtar å ha møte på no, slo ho fast.  

Ho viste også til at Universitetet i Oslo som eigar av Kulturhistorisk museum hadde vedtatt å flytta vikingskipa frå Bygdøy til eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika. 

– Likevel er det staten som eigar av Universitetet i Oslo som skal ha siste ordet i slike saker. Det er grunnen til at Kunnskapsdepartementet har sett ned fleire utval som har levert rapportar både om risikoen ved flytting av vikingskipa og trafikkforholda på Bygdøy, peika ho på.

– Gir oss vedtaksgrunnlaget

 Statsråden understreka også sterkt at det for henne var utruleg viktig å få ei internasjonal og uavhengig gruppe til å vurdera risikoen ved ei mogleg flytting av vikingskipa.

– Dei kan gi oss dei råda  og det grunnlaget me treng før regjeringa gjer eit endeleg vedtak både om kvar eit nytt kulturhistorisk museum skal byggjast og om vikingskipa kan flyttast, sa Aasland.  

May Cassar var opptatt av at vikingskipa ikkje berre var ein norsk kulturskatt.

 – Vikingskipa tilhøyrer heile verdas kulturarv. Difor føler også me ein eigarskap til dei, sa ho.

 

 

 

Emneord: Museene, Vikingskipshuset, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2011 12:37 - Sist endra 22. juni 2011 13:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere