Noreg kan påverka EUs forskingspolitikk

– Det er viktig at norske institusjonar har vore  på bana og kome med innspel til kva EUs neste rammeprogram for forsking bør innehalda før EU-kommisjonen i november presenterer sitt forslag til nytt forskingsprogram for EU for perioden etter 2013. Det understrekar forskingsråd Erik Yssen ved Den norske EU-delegasjonen i Brussel. 

LYTTEPOSTAR: Utdanningsråd Ingveig Koht Astad og forskingsråd Erik Yssen er lyttepostar for Kunnskaps-Noreg i Brussel. I bygningen til venstre held EU-rådet til, medan EU-kommisjonen held hus i Berlaymont-bygningen til høgre.

Foto: Martin Toft

Akkurat no er forskingspolitikken til EU for åra 2013 og framover i støypeskeia. Ingenting blir avgjort før Kommisjonen sitt framlegg til  nytt forskingsprogram  er drøfta og vedtatt av EU-rådet og EU-parlamentet. Kommisjonen legg også fram sitt forslag til nytt langtidsbudsjett  for EU  den29. juni. Dette skal og drøftast i EU-institusjonane og vil gi ei viktig ramme for den vidare satsinga på forsking i EU etter 2013. Forskingsråd Erik Yssen meiner det er viktig at norske styresmakter og norske forskingsinstitusjonar deltar aktivt med gode idear og forslag til kva forskingsområde det nye programmet bør satsa på. 

– Dei klare signala som Kommisjonen har gitt, er at dei vil knyta forsking og innovasjon mykje nærare til kvarandre. Dei vil forsikra seg om at fleire resultat av forskinga kjem ut på ein marknad. Det skal mellom anna satsast mykje på ikkje berre forsking, men også innovasjon som skal møta dei store samfunnsutfordringane som til dømes klimaendringane, energiproduksjon og eldrebylgja. Eit anna element er at dei ynskjer ei langt sterkare deltaking frå små og mellomstore bedrifter. Mange meiner at eit styrka samarbeid mellom forsking og nyskapande næringsliv er naudsynt for å møta dei store utfordringane og få  EU ut av den økonomiske krisa og på offensiven igjen, seier Erik Yssen.  

– Vil forenkla søkjeprosessen

Yssen  meiner departementet har lytta mykje til kritikken om at det ofte er ein altfor byråkratisk prosess å søkja om EU-støtte til forskingsprosjekt. – Kommisjonen har sagt at det er mykje som er rett i den kritikken, men EU sette i fjor i gang eit forslag til ei utgreiing der det er blitt vurdert korleis søkjeprosessen kan forenklast. Det er ikkje berre Noreg som ynskjer forenkling, det gjer også EU-landa. Også EU-kommisjonen er for det, men dei treng støtte i Rådet og EU-parlamentet for å få dette på plass.  Alle meiner at det vil gjera det lettare å få forskarar, forskingsinstitusjonar og små og mellomstore bedrifter til å delta. Utfordringa er at eit slik forslag til forenkling av reglane for rammeprogrammet krev forenkling i dei overordna reglane i EU, og dei blir handsama av heilt andre komitear enn komiteane for forskingssaker, understrekar han.

– 22 prosent av EU-søknadene blir godkjende

Samtidig synest Erik Yssen at det er viktig ikkje å overdriva vanskane som er knytte til regelverket. – Dei som har deltatt i eit EU-prosjekt veit korleis det skal gjerast og kan kanskje hjelpa andre på vegen. Og rundt 22 prosent av alle EU-søknadene blir godkjende. Søknader med norsk deltaking har dessutan ein høgare suksessfaktor enn dette gjennomsnittet for søknader til programmet, framhevar han.

– Men er det ikkje eit prov på at det står dårleg til med norsk forsking, når Noreg gir meir pengar til EUs forskingsprogram enn det norske forskarar får tilbake i form av økonomisk støtte?

– Ei evaluering av norsk deltaking i rammeprogrammet som er utført av NIFU, syner at det har oppstått eit lite sprik mellom det me gir og det me får igjen. Tilfanget av forsking og innovasjon er samtidig av langt større verdi enn det me betaler i kontingent for å delta.  Me skal likevel ikkje undervurdera utfordringa som ligg i at Noregs kontingentbidrag aukar år for år i det sjuande rammeprogrammet.  Det skuldast profilen til budsjettet til programmet som inneber ein vekst på 75 prosent gjennom heile perioden 207-2013. Dei største utlysingane står framleis att i det sjuande rammeprogrammet. I hovudsak gjer norske forskarar det svært bra når det gjeld søknader til rammeprogrammet, men det er endå meir å henta frå EUs forskingsprogram dei nærmaste åra. Dei auka tildelingane frå Det europeiske grunnforskingsrådet til norske universitetsforskarar er positivt, og her har det vore ei fin utvikling for forskarar frå Universitetet i Oslo, konstaterer han,

– Sjekkar konsekvensar av EU-signal

Utdanningsråd Ingveig Koht Astad er i ein lyttepost for Kunnskapsdepartementet ved EU-hovudkvarteret i Brussel.  EU har ikkje nokon felles utdanningspolitikk. Det er kvart land som har ansvar for innhaldet og organiseringa av sine eigne utdanningssystem

–  EU tar initiativ til at det blir gjort utgreiingar og utarbeidd forslag til tiltak for  både grunnutdanning, vidaregåande utdanning og høgare utdanning i EU- og EØS-landa. I mange tilfelle ser landa i Europa at dei har felles problem og felles utfordringar og at europeisk samarbeid har stor nytteverdi. Utgreiingar og forslag, ofte basert på omfattande erfaringsutveksling mellom landa, blir lagde fram av EU-kommisjonen til handsaming i EU-parlamentet og i EU-rådet.  Resultatet etter dette kan bli vedtak som gir tilrådingar til medlemslanda om kva som kan vera gode tiltak å gjennomføra. Slike tilrådingar kan også Noreg velja å ta opp. På utdanningsområdet kan altså ikkje EU vedta lover eller direktiv som EU kan påleggja medlemslanda og EØS-landa å fylgja,  fortel Ingveig Koht Astad.  Ho er no inne i sitt siste år av dei totalt fire åra det er mogleg å jobba som utdanningsråd i Brussel. Tidlegare har ho mellom anna arbeidd ved Senter for internasjonalisering av høgare studium i Bergen (SIU). – Det er viktig for Kunnskapsdepartementet å ha folk her fordi me kan undersøkja og sjekka om det finst signal, forslag eller tiltak frå EU som kan ha konsekvensar for Noregs politikk innanfor utdanningssektoren, meiner ho.  

200 000 studentar på utveksling

På slutten av 1980-talet starta Noreg opp større utdanningsprogram for å støtta samarbeid mellom europeiske lærestader. Eit av programma var om studentutveksling.

– Erasmus-programmet gir årleg 200 000 europeiske studentar høve til å ta delar av studiet i eit anna europeisk land. I fjor trur eg 1500 norske studentar nytta seg av tilbodet. I tillegg har me Leonardo da Vinci-programmet som støttar samarbeid om fag- og yrkesutdanning. Dessutan finst sektorprogrammet Comenius for barnehage, grunnskule og vidaregåande skule og Grundtvig-programmet for vaksenopplæring. No er alle desse fire sektorprogramma hamna inn i ein stor fellespott under merkelappen livslang læring. Frå 2007 til 2013 skal det brukast 7 milliardar euro til utveksling og prosjektsamarbeid i dette programmet, slår ho fast.

Tar imot besøk

Den norske EU-delegasjonen tar gjerne imot besøk frå norske kommunar, organisasjonar og utdanningsinstitusjonar.

– Me kan hjelpa til med å leggja opp eit program for ein studietur og gi ei innføring i kva utdanningssaker EU held på med for tida, lovar utdanningsråd Ingveig Koht Astad.

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, EU, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2011 13:17 - Sist endra 15. juni 2011 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere