Anthony Giddens: – Klimaendringane må stansast av oss

– Vår sivilisasjon er den første sivilisasjonen som står overfor eit problem som me ikkje kan læra av historia for å løysa. Svaret på korleis me skal takla dei menneskeskapte klimaendringane, må me finna ut på eiga hand. Det sa sosiologiprofessor Anthony Giddens frå London School of Economics (LSE) då han talte på Mangfaldsfestivalen på UiO laurdag 18. juni.

600: 600 personar kom inn på møtet med sosiologiprofessor Anthony Giddens.Dei som ikkje kom inn, kunne sjå fjernsynsoverføringa i Georg Sverdrups hus.

Foto: Ola Sæther

Over 600 personar stod ein halv time i kø for å koma inn på det populærvitskaplege foredraget til Anthony Giddens som hadde fått tittelen ”The Inderdependent World”. Giddens viste til at verda var blitt heilt annleis enn det filosofane spådde den skulle bli.

– Dess meir me veit om verda, om oss sjølve og om historia, dess mindre veit me om korleis framtida til verda vil bli. Ingen annan sivilisasjon har stått overfor eit slikt trugsmål som me står overfor når det gjeld klimaendringane. Difor kan ikkje me gå tilbake til fortida for å finna ei løysing på dette, me må vera nyskapande og sjølve finna ut korleis klimaendringane kan bli minst mogleg skadelege for oss, meinte Giddens.  

– Mister kontrollen over naturen

Han teikna også opp eit bilete der menneskeslekta i hovudsak har hatt kontroll over naturen.

– Ingen andre generasjonar har hatt så stor kontroll over naturen som vår generasjon. Me har alltid hatt eit slags inntrykk av at me har makt over naturen. Klimaendringane gjer at me får eit nytt syn på naturen. Dei er i ferd med å skapa ei verd som me er i ferd med å mista kontrollen over, tykte Giddens.  

Kommunikasjonsrevolusjon

Han viste også til at mobiltelefon og Internett hadde ført til ei total endring av måtane folk kommuniserte på. – I dag kan eg ringja opp ein venn på eit annan kontinent med mobiltelefonen min. Det var ikkje mogleg berre for 16 år sidan. Det er ei positiv nyskaping. Likevel har me klart å utvikla menneskeskapte klimaendringar på grunn av den livsstilen me har ført. Det blir interessant å fylgja med på om menneskeslekta klarer å finna ei løysing på desse problema,  konstaterte han. 

Fleire typar globalisering

Anthony Giddens hadde også gått grundig lei av at globalisering berre blir tolka på ein måte.

 – Globalisering er ikkje berre økonomisk globalisering. Både Facebook, mobiltelefonen og internett er ein del av globaliseringa. Og Facebook var eit viktig element i den demokratiske utviklinga under den arabiske våren i Midtausten og Nord-Afrika. Kvar gong du slår på eller av mobiltelefonen deltar du i globaliseringa. Den industrielle og økonomiske globaliseringa fører til store framsteg i land som Brasil, Kina og India. Men den skaper også problem som forureining, konfliktar og terrorisme.

– Optimistane og pessimistane

– Diskusjonen om framtida til vår generasjon går mellom pessimistane og optimistane, meinte han, og viste til den britiske forskaren Martin Rees frå Cambridge University som eit døme på ein pessimist. – I boka ”Our Final Hour ”skriv han mellom anna at menneskeslekta berre har ein sjanse på 50 prosent til å overleva dei store klimaendringane. Han meiner også at me ikkje veit noko om dei negative fylgjene av nanoteknologi og bioteknologi. Det kan vera som med røyking, som blei tilrådd av legar som sunt og helsebringande, då tobakken først blei tatt i bruk.

– På den andre sida viser optimisten Matt Ridley i boka ”The Rational Optimist.How Prosperity Evolves” at dei siste 200 åra har verda heile tida blitt betre. Forfattaren og journalisten Ridley nemner mobiltelefonen og internett som gode døme på oppfinningar som har gjort livet betre for folk flest. Dessutan trur han det vil vera mogleg å redusera fattigdommen og han utropar Afrika til det neste kontinentet der det vil skje ein sterk økonomisk vekst. Han tykkjer heller ikkje me skal uroa oss for mykje over klimaendringane, hadde Giddens registrert.

– 95 prosent sikkert

Sjølv kalla han seg sjølv ein person som både var ein rasjonell pessimist og ein rasjonell optimist når det gjeld å klara å stansa dei menneskeskapte klimaendringane.  

– Det går ikkje an å nedgradera dei store effektane av klimaendringane. Det er heller ingen tvil om at dei utgjer eit ekstremt trugsmål for menneskeslekta. Ved hjelp av satellittovervakinga kan me vera 95 prosent sikre på at det skjer klimaendringar. Det er umogleg å avvisa det. Me lever i ein sivilisasjon som kan øydeleggja seg sjølv. Berre gjennom samarbeid over landegrensene og kontinenta er det mogleg å koma fram til løysingar på dei problema dette skaper. Det er det eg kallar for ei verd der både folk og land er avhengige av eit samarbeid på kryss og tvers over landegrenser og over hav og luft, ei ”interdependent ” verd, slo Anthony Giddens fast.

TURBANISERING: Mange av dei frammøtte nytta seg av sjansen til å prøva ein turban hos organisasjonen  Unge sikher.

Mangfaldsfestivalen hadde også debattar om mangfald i arbeidslivet, om Oslo om 100 år, og om statskyrkja kan halda fram som statskyrkje i eit land med fleire religionar.  Tilbodet frå unge sikhar om å prøva ein turban, var det mange som nytta seg av. Og det har vel aldri vore så mange som har gått med turban på Blindern som på Mangfaldsfestivalen 18. juni. Humoristisk nok hadde sikhane sjølve kalla dette for ei form for turbanisering. 

Denne gongen hadde  til saman rundt 3300 personar tatt turen til Blindern  på dagtid og deltatt på semifinalen i Forskar-Grand Prix i Chateau Neuf om kvelden.

 3400: Rundt 3400 personar deltok på Mangfaldsfestivalen laurdag 18. juni.

 

Emneord: Sosiologi, Internasjonalisering, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 20. juni 2011 17:30 - Sist endra 20. juni 2011 18:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere