Apejenta Idas liv i revy

Apejenta Idas korte og dramatiske liv er blitt rekonstruert i ei ny utstilling i Naturhistorisk museum. – Me veit at apejenta Ida gjennom formidlinga til Jørn Hurum har stor appell. Difor håpar me både vaksne og barn i alle aldrar og ikkje minst jenter, tar turen hit, sa prorektor Inga Bostad då ho opna utstillinga i formiddag.

STRID: Den nederlandske illustratøren Esther van Hulsen har prøvt å skildra dragkampen mellom forskarane som meiner Ida er ei av forgjengarane til lemurane, og dei som meiner ho er forgjengaren til apene.  

Foto: Ola Sæther

Det er like bak hovudinngangen i Zoologisk museum apejenta Ida har fått si eiga utstilling. Den vil truleg stå i eitt år, og deretter skal den ut på vandring til museum i Noreg og utlandet. – Eg er strålande nøgd med at me har klart å få ei eiga utstilling om apejenta Ida. Det fortener ho. Grunnen til at den er blitt så bra er kombinasjonen av ei god historie, flotte teikningar og utruleg levande og fantastiske dyrefigurar. Det er skrekkfuglen Gastornis det beste dømet på. Den er laga av Pjotr Sapegin og Kristin Gûnther, som også står bak figurane i utstillinga om Doktor Proktor i 3. etasje i Zoologisk museum, fortel Anne Finnanger til Uniforum.

 – Fantastisk formidlingsarbeid

Det var prorektor Inga Bostad som opna utstillinga.

PÅ FLUKT: Ida og mora flyktar unna den livsfarlege skrekkfuglen Gastornis.

– Eg er stolt over at Universitetet i Oslo har ein så verdskjent forskar som Jørn Hurum mellom sine tilsette. Med kjøpet og forskinga på Ida har han klart å setja både Naturhistorisk museum og Universitetet i Oslo på verdskartet. Personleg hugsar eg godt då eg var til stades på lanseringa av dei vitskaplege funna rundt Ida i New York i mai 2009. Då blei eg intervjua av 24 forskjellige TV-kanalar. Me følte oss som popstjerner for ein dag. Det enda opp med ei sak på førstesida av New York Times. Det var svært imponerande.

– Kjøpet av Ida var heilt avgjerande for at det kunne bli drive forsking på apefossilet. Me veit godt at det var vanskeleg, men de klarte det. Me er fulle av beundring for det fantastiske formidlingsarbeidet som de gjer på Naturhistorisk museum, sa Bostad, før ho offisielt kunne seia at utstillinga var opna.

Lanserer barnebok om Ida

Mannen bak apefossilet Ida, førsteamanuensis Jørn Hurum prøvde å moderera si eiga rolle i denne utstillinga.

– Ja, det er rett at eg har forska på apejenta Ida. Men det er andre som har stått på dag og natt for å få denne utstillinga ferdig. Både snikkarar, designarar og andre medarbeidarar har jobba heile natta for at den skulle bli klar i dag. Og eg synest resultatet er blitt svært bra, sa Hurum. Saman med webredaktør Torstein Helleve publiserer dei også ei eiga barnebok med tittelen ”Ida” på forlaget Cappelen Damm.

SPENTE BARN: Desse barna frå ein Oslo-skule var svært spente på korleis Ida-utstillinga ville bli.

 

– Eg skriv ikkje særleg godt, men det gjer Torstein Helleve som er journalist. Folk fortel meg at boka er blitt fin og lyrisk og har fått korte og fine setningar. Den nederlandske illustratøren Esther van Hulsen har med sine fantastiske teikningar sett sitt tydelege preg både på boka og utstillinga,konstaterte Jørn Hurum.

Også designarane Tor Jessen og Ellen Christina Sjøwall fekk masse skryt for arbeidet dei hadde gjort med utstillinga.

Levde i jungelen Messel i Tyskland

Dei som går inn i utstillingsrommet, vil ta eit steg 47 millionar år bak i tida, i den tropiske jungelen Messel i dagens Tyskland. Over deg vil du finna lauv og svære tre, korktre frå Portugal. Barn og vaksne får dermed oppleva ein del av dagleglivet til Ida før ho fall ned i ei giftig vulkanelv og drukna.

EUROPEISK JUNGEL: I den siste europeiske jungelen Messel i Tyskland levde Ida for 47 millionar år sidan.

47 millionar år seinare dukka ho opp igjen som apefossilet Ida, og er blitt vitskapleg klassifisert som ei av dei tidlegare slektningane til dagens aper. Og sidan apene også er menneska sine slektningar, så er ho indirekte også ein fjern slektning av menneskeslekta, ifylgje den vitskaplege tesen til Jørn Hurum.

 

 

 

Emneord: Utstillinger, Naturfag, Naturhistorisk museum Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 9. juni 2011 13:57 - Sist endra 23. juni 2011 11:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere