I dag, 3. mai kjem den nye tikroningen til Noregs Bank i sirkulasjon. Den er ein vanleg sirkulasjonsmynt, men er prega med tanke på at det i år er 200 år sidan det blei vedtatt å grunnleggja Noregs første universitet, Det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania. Difor er sirkulasjonsmynten ikkje berrre til ære for årets 200-årsjubilant Universitetet i Oslo, men også for heile universitets-Noreg. Det var grunnen til at mynten i ettermiddag blei lansert i Myntkabinettet i Kulturhistorisk museum med alle dei norske universitetsrektorane til stades. Det var sentralbanksjef Øystein Olsen i Noregs Bank, også tidlegare medlem i Universitetsstyret ved UiO, som fekk æra av å presentera mynten, først for direktør Egil Mikkelsen ved Kulturhistorisk museum og deretter for UiO-rektor Ole Petter Ottersen.
- Sirkulasjonsmynt
- Å lansera ein ny mynt i samband med UiOs 200-årsjubileum er den hyggelegaste delen av jobben som sentralbanksjef. Eg vil undersreka at dette er ein sirkulasjonsmynt og ingen minnemynt eller jubileumsmynt. Dette er ei markering av at universiteta har vore minst like viktige for det norske samfunnet som seddelpressa. Og i 2016 skal også Noregs Bank markera sitt 200-årsjubilum. Både tidlegare styrar for Myntkabinettet, Kolbjørn Skaare og andre forskarar har deltatt i arbeidet med å skriva både den norske mynten sin og Noregs Banks historie. For nokre år sidan gjorde me også ein intensjonsavtale om at Kulturhistorisk museum skulle overta forvaltinga av Noregs Bank sine 415 000 gullmyntar. I 1940 blei dei frakta med båt ut av landet for å hindra okkupasjonsmakta å få tak i dei. Med dagens metallverdi er prisen deira 900 millionar kroner, sa Olsen. Gullmyntane er framleis i Noregs Bank sine lokale.
- Minner om kor viktig forsking og utdanning er
Den første tikroningen overrekte Øystein Olsen til museumsdirektør Egil Mikkelsen. UiO-rektor Ole Petter Ottersen fekk oppgåva med å setja mynten i sirkulasjon.
- Eg minner om at Universitetet i Oslo var det første norske universitetet, men at mynten er til ære for alle dagens norske universitetet. Me er veldig glade for at Noregs Bank gir UiO denne æra i samband med 200-årsjublieet. Dette er ein sirkulasjonsmynt som vil setja sitt preg på samfunnet og minna oss om kor vktig forsking og utdanning er. Eg vil gi ein spesiell takk til designaren Enzo Finger som har teikna designet til mynten. Den viser klart at me har ei stolt fortid og ei spennande framtid, sa Ottersen.
Dermed kunne mynten setjast i sirkulasjon. I første omgang fekk alle dei rundt 60 frammøtte høvet til å ta seg kvar sin mynt med oppfordring til å bruka den. Oppfordringa kom frå prosjektleiar for UiO:200, Inger Stray Lien, som leidde arrangementet. Det musikalske bidraget stod folkemusikaren Steinar Ofsdal for.
Logg inn for å kommentere