Menneskerettssenter avviklar rolla som nasjonal institusjon

Norsk senter for menneskerettar ved UiO (SMR) vil etter kvart avvikla rolla si som nasjonal institusjon for menneskerettar i Noreg. Det har styret for senteret bestemt. Samtidig oppmodar det Universitetsstyret til å gjera eit liknande vedtak.  – Ein av grunnane er at det ikkje er naturleg for ein universitetsinstitusjon å overvaka om statar respekterer internasjonale lover og avtalar, opplyser senterdirektør Nils A. Butenschøn til Uniforum.

IKKJE NATURLEG: Det er ikkje naturleg at ein universitetsinstitusjon skal overvaka om statar overheld dei internasjonale lovene og avtalane dei har slutta seg til, seier direktør Nils A. Butenschøn ved Norsk senter for menneskerettar.

– No blir det SMR si rolle som universitetet sitt tverrfaglege senter for menneskerettar som må utviklast vidare. Universitetsleiinga må ta ansvaret sitt som eigar av senteret, understrekar Butenschøn.

Norsk senter for menneskerettar fekk status som nasjonal institusjon for menneskerettar ved ein kongeleg resolusjon i 2001.Etter kvart har den statusen kome i konflikt med rolla som ein forskings- og utdanningsinstitusjon knytt til Det juridisike fakultetet ved Universitetet i Oslo.  

– Senteret vårt er den einaste nasjonale institusjonen for menneskerettar som er ein del av eit universitet, seier Butenschøn. Han viser til at nasjonale institusjonar har fått ei sterkare formell rolle i FN-systemet for å overvaka at statar overheld dei internasjonale lovene og avtalane dei har slutta seg til. I Noreg vil det seia at representantar for senteret kan kontrollera om norske psykiatriske institusjonar eller asylmottak oppfyller det internasjonale regelverket for desse institusjonane.

– Ikkje naturleg funksjon for universitetsinstitusjon

– Det var ikkje føresetnaden då Norsk senter for menneskerettar fekk mandat som nasjonal institusjon. Ein slik funksjon er det ikkje naturleg at ein universitetsinstitusjon har, understrekar han.  

Butenschøn trur difor eit skilje mellom dei to delane av senteret vil vera klargjerande både for universitetet og for den nasjonale institusjonen.  

Bakgrunnen er ein rapport til Utanriksdepartementet som på initiativ frå SMR evaluerer senteret si verksemd som nasjonal institusjon. Rapporten rår mellom anna til at funksjonen som Nasjonal institusjon blir tatt ut av senteret og dermed ut av Universitetet i Oslo, og at det blir etablert ein frittståande menneskerettskommisjon.

– Styret for Norsk senter for menneskerettar registrerer at både leiinga ved Det juridiske fakultetet og universitetsleiinga deler denne oppfatninga, konstaterer Butenschøn.Han legg vekt på at SMR ikkje har tatt standpunkt til kva slags nasjonal institusjon Noreg bør ha i framtida. Det er det no opp til styresmaktene å bestemma.

Høgsterettsadvokat Ketil Lund og førsteamanuensis i psykologi, Nora Sveaass er mellom dei som har deltatt i arbeidet med evalueringsrapporten. I tillegg til at funksjonen som kontrollorgan for FN er blitt utvida, er det også eit anna utviklingstrekk som gjer det naturleg med eit skilje.

– Vil styrkja menneskerettsforskinga

–Det må sjåast i samanheng med internasjonaliseringa av internasjonal rett. Den gjer forsking om menneskerettar til ei stadig meir sentralt universitetsoppgåve. Det legg også den noverande leiinga ved UiO stor vekt på. Difor vil det sentrale fokuset for Norsk senter for menneskerettar i tida framover bli å styrkja og utvikla rolla vår som det sentrale forskingsmiljøet for menneskerettar ved UiO generelt, og spesielt ved Det juridiske fakultetet. Me vil også føra vidare det breie internasjonale arbeidet vårt med å byggja menneskerettskompetanse i norske samarbeidsland, lovar Butenschøn.  

– Reakkreditering i mai

Grunnen til at det hastar med å få ei avgjerd i denne saka no, er at FN i mai skal ha oppe senteret sin status som nasjonal institusjon til reakkreditering.

– Dette skjer på grunnlag av Paris-prinsippa som slår fast at ein nasjonal institusjon for menneskerettar skal vera heilt sjølvstendig og ha full fridom frå dei styresmaktene den skal overvaka. Fram til i dag har SMR vore ein A-akkreditert nasjonal institusjon. No ville me truleg blitt B-akkreditert. Håpet vårt er at når me viser kva tiltak me har sett i gang for å skilja den nasjonale institusjonen ut frå universitetet og lata den bli frittståande, likevel kan få den framtidige nasjonale institusjonen til også å ha A-akkreditering, forklarar Butenschøn.Han ser føre seg ein overgangsperiode på minst eitt år og at SMR vil halda fram som nasjonal institusjon inntil ei ny ordning er etablert.

 

Fakta som Norsk senter for menneskerettar:   

Blei ein del av UiO i 1995

Oppretta av Stortinget først som Institutt for menneskerettar, som eit forskingsprogram under Forskingsrådet i 1987

Blei ein del av UiO i 1995 som eit tverrfagleg senter under Kollegiet, innlemma i Det juridiske fakultetet frå 2000

Blei nasjonal institusjon ved kongeleg resolusjon i 2001

Senterdirektør: Nils A. Butenschøn

Styreleiar: Liv Finstad

Ligg under Det juridiske fakultetet og har 65 tilsette

 

 

 

 

  

SMR-styret oppfordrar norske styresmakter til å sikra at Noreg også i framtida har ein nasjonal institusjon for menneskerettar i fullt samsvar med FNs retningslinjer for slike institusjonar.

– Ein slik institusjon bør ha ei tyngd og ein kapasitet som står i forhold til Noregs ambisjonar som ein forkjempar for menneskerettane internasjonalt, seier Butenschøn.

Avhengig av eksterne inntekter

I dag kjem 80 prosent av inntektene til Norsk senter for menneskerettar frå eksterne finansieringskjelder. 20 prosent er ei grunnløyving frå universitetet. Pengane senteret får som nasjonal institusjon var opphavleg ein del av grunnløyvinga, men sidan 2006 er det ei fast øyremerking i statsbudsjettet.

Senterdirektøren fryktar at dei vil mista denne potten når senteret ikkje lenger vil vera nasjonal institusjon.

– I verste fall kan senteret stå ribba tilbake, når me ikkje lenger er ein nasjonal institusjon.

– I dag er berre tre av dei ni faste vitskaplege stillingane lønna frå grunnløyvinga vår. Dei andre er lønna av overheadiinntekter på eksterne prosjekt. Dette er ikkje berekraftig på sikt, seier Butenschøn.  Han er glad for støtta han får frå Det juridiske fakultetet til å tilsetja fleire juridiske forskarar. 

–  No må universitetsleiinga ta sin del av ansvaret og finna ut kva dei vil med SMR som universitetet sitt senter for menneskerettar, synest han.

  

Emneord: FN, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2011 18:08 - Sist endret 1. apr. 2011 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere