Protesterer mot studentarrestasjonar i Zimbabwe

Tre norske studentorganisasjonar har no sendt eit brev til Zimbabwes ambassadør i Sverige, Mary Sibusisiwe Mubi og bede styresmaktene i heimlandet hennar om straks å setja fri den politiske aktivisten Munyaradzi Gwisai og 45 studentar.

ARRESTERTE: Den politiske aktivisten og universitetslæraren Munyaradzi Gwisai og 45 studentar er arresterte i Zimbabwe etter at dei arrangerte møte om opprøra i Tunisia og Egypt.

Foto: nehandaradio.com

Dei 45 studentane og den politiske aktivisten og universitetslæraren, Munyaradzi Gwisai blei arresterte den 19. februar etter at dei hadde halde eit akademisk seminar om opprøra i Tunisia og Egypt og stilt spørsmålet ”Kva kan Zimbabwe og Afrika læra av dette?”Aktivistane er sikta for forræderi og risikerer livstidsstraff.  Les meir om saka her.

SAIH, Norsk studentorganisasjon og sekretariatet til Studentane sin fredspris i Trondheim ber om at alle dei arresterte studentane blir sett på frifot og at alle skuldingane mot dei blir lagde vekk.

Dei oppfordrar Zimbabwes regjering til å ta vare på den akademiske fridomen, retten til å ha møte og retten til å debattera.  

Tidlegare har også Human Rights Watch og andre internasjonale organisasjonar kravd at dommen blir lagt til side.

 

Emneord: Afrika, Studentsaker, Zimbabwe, Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2011 15:54 - Sist endra 1. mars 2011 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere