Nobelprisvinnar seier nei til boikott

– Eg har inga tru på at sanksjonar og boikott kan få dei styrande i eit regime på betre tankar. Som regel går det endå hardare ut over resten av innbyggjarane. Det sa Nobelprisvinnaren i kjemi frå 2003,  Peter Agre under eit møte om vitskapsdiplomati på UiO torsdag 24. februar.

NETTVERK: – Forskinga sin natur er at unge personar reiser frå sine eigne land for å bli ein del av ei forskargruppe i eit anna land. På den måten får dei tidleg eit internasjonalt, grensesprengjande nettverk, fortalde Peter Agre, som fekk Nobelprisen i kjemi i 2003.Her prøver han å koma over ei snøfonn i Gaustabekkdalen på veg til Ole-Johan Dahls hus.

Foto: Ola Sæther

– Frå tid til anna kjem det framlegg om akademisk boikott av Israel på grunn av diskriminering og overgrep mot palestinarane. Mange av mine kollegaer i Israel er einige i at palestinarar blir diskriminerte, men dei synest ikkje at universiteta skal ha skulda for det. Eg kan heller ikkje støtta ein akademisk boikott, understreka Peter Agre i foredraget sitt i den nye storstova til Universitetet i Oslo, Ole-Johan Dahls hus, også kjent som IFI II. Han var invitert av Det nye realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes hus.

Oppdaga Aquaporiner

I talen sin tok han utgangspunkt i si eiga forsking og sin eigen akademiske bakgrunn som kjemiprofessor ved Johns Hopkins University i USA. Der oppdaga han Aquaporiner  som er vasskanalprotein som flytter vassmolekylar gjennom cellemembranen. Det var den oppdaginga han blei tildelt Nobelprisen i kjemi for i 2003.

 I dag er han direktør for Malaria Research Institute ved Johns Hopkins Bloomberg School of Public Health. Agre viste bilete frå forskingslaboratoria både frå 1970-talet og frå dei siste åra. – Bileta viser at forskinga sin natur er at unge personar reiser frå sine eigne land for å bli ein del av ei forskargruppe i eit anna land. På den måten får dei tidleg eit internasjonalt, grensesprengjande nettverk, fortalde han.

Vitskapsdiplomati i Nord-Korea

Med inspirasjon frå den norske vitskapsmannen, oppdagaren og humanisten Fritjof Nansen har Peter Agre begynt med vitskapsdiplomati.

Agre viste til korleis han saman med andre amerikanske forskarar hadde kome inn i Nord-Korea som privatpersonar. – Ein av dei eg møtte der den første gongen eg var der, dr. Hong, fortalde meg at då han hadde sagt til barnebarnet sitt at han skulle møte ein amerikanar, hadde den seks år gamle guten sagt: Ta med eit gevær! Den andre gongen eg møtte han, spurde eg han om barnebarnet seier det same no.”Nei no seier han: ”Ta med sukkertøy!”, flirte Agre. Han viste til at han som forskar hadde fått reist rundt og mellom anna sett eit nytt privat universitet i hovudstaden Pyongyang, som var finansiert av ein koreansk-amerikanar frå Florida. – Der er engelsk undervisningsspråket, fortalde han.

– Aldri folk i gatene

– Byane er ganske reine samanlikna med Beijing i Kina. Det er likevel ein ting som manglar i gatene. Det er nesten aldri folk i dei, konstaterte han. Agre hadde også vore i kontakt med fleire kollegaer frå Nord-Korea.

– Ein av dei hadde reist over heile verda. Så spurde eg han om han hadde besøkt Sør-Korea. Det hadde han ikkje. – Det er nært, men likevel så langt borte, svarte han. – Eg er likevel sikker på at i eit land med 24 millionar innbyggjarar som held seg med ein hær på 1,2 millionar soldatar, tyngjer forsvarsutgiftene heile økonomien i landet, sa han.

Møtte sonen til Castro i Tokyo

Vitskapsdiplomatiet hadde også ført han til både Burma og Cuba.– Til Cuba kom me fordi ein kollega av meg hadde møtt sonen til Fidel Castro, Fidelito på ein vitskapskongress i Tokyo i Japan, forklarte han. Så viste Agre bilete frå hovudstaden Havana.

– Mange hus i gamlebyen i Havana er ikkje særleg godt vedlikehaldne. Når det gjeld helseforsking har Cuba satsa meir på førebygging enn på å utvikla medisinar mot ulike kreftformer, som dei medisinske forskarane i USA har vore opptatt av. Den nye generasjonen av kubanske vitskapsfolk er genuint opptatt av å forska og treffa andre forskarar, meinte Agre.

–Vitskapsfolk bak frigjeving i Libya

Når det galdt vitskapsdiplomati, kunne han gi eit godt døme på kvar det hadde spelt ei viktig rolle.

– Sommaren 2007 sette Libyas diktator Mooamar al-Gaddafi fri fem bulgarske sjukepleiarar og ein palestinsk lege som risikerte dødsstraff etter at dei var blitt skulda for å spreidd HIV-viruset til barn. Den dåverande franske presidentfrua Cecilia Sarkozy stod offisielt fram og sa at ho og mannen Nicolas Sarkozy hadde spelt avgjerande roller for å få sett fri dei seks helsearbeidarane. Bak i kulissane stod amerikanske forskarar som hadde klart å overtyda libyske styresmakter om at det var dårleg hygiene og gjenbruk av brukte sprøyter på sjukehusa som var årsaka til at HIV-viruset hadde smitta desse barna, sa Agre.

Vitskapsdiplomati styrkjer dialog

Han er sjølv president for American Association for Advancement of Science, der det også ligg eit eige senter for vitskapsdiplomati, Center for Science Diplomacy. Det omtalar vitskapsdiplomati som bruk av vitskap og vitskapleg samarbeid til å fremja internasjonal forståing og utvikling. Dette målet kan dei oppnå ved å skapa møteplassar for forskarar, politiske analytikarar og avgjerdstakarar. Der kan dei dela informasjon og finna samarbeidsrom, heiter det. Senteret meiner at vitskapleg diplomati kan styrkja dialog når offisielle kontaktar sviktar. I ei konfliktfylt verd vil vitskapsfolk kunna fungera som diplomatar, fordi dei er mobile, opptatt av framgang og utvikling og arbeider for å finna sanninga, utan at menneskelege skilje set grenser for det.

Agre var også godt nøgd med dagens amerikanske president.

– Denne presidenten og folka hans lyttar til vitskapsfolka, slo han fast.

Vanskeleg kamp mot malaria

Etter å ha engasjert seg i forskinga på malaria og i kampen mot malaria, ser han sjølv tydeleg at grenser stansar kampen mot den smittsame og farlege sjukdomen som kvar år tar livet av ein million barn i Afrika.

– Over Victoriafalla går det ei bru frå Zambias grense til Zimbabwes grense. I Zambia har dei vore flinke til å prøva å utrydda malariamyggen. Men så lenge helsevesenet ikkje fungerer godt nok i Zimbabwe, og så lenge dei ikkje samarbeider med nabolandet om desse tiltaka, vil malariamyggen berre flytta over til eit anna område, og spreia seg tilbake til Zambia igjen. Det handlar om samarbeid over grensene, understreka Agre.

 

 

 

Emneord: Kjemi, Menneskerettar, Medisin, Universitetsbiblioteket, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2011 18:24 - Sist endra 25. feb. 2011 18:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere