– Alle doktorkandidatar frå UiO, Universitetet for miljø og biovitskap (UMB) og HiOA som kan tenkja seg å presentera forskingsprosjektet sitt på ein best mogleg måte på fire minuttar, må melda seg på, oppfordrar prosjektleiar Gunn Camilla Stang i UiOs jubileumssekretariat. Dei har henta ideen frå Stavanger, Bergen og Trondheim der det var Forskar-Grand Prix i samband med Forskingsdagane i fjor.
– Også me samarbeider med Forskingsdagane, så difor skal finalen haldast midt under Forskingsdagane, fortel Stang. Dei ynskjer ikkje doktorkandidatar som er i ferd med å gå opp til disputas. – Nei, me ynskjer ikkje at dei skal få eit avbrot i førebuingane sine på grunn av denne tilskipinga. Difor er me først og fremst ute etter doktorstudentar som er midt i forskingsprosjektet sitt, understrekar ho. Det er plass til 20 personar i semifinalane.
– Om fleire melder seg på, vil eit eige utval plukka ut dei 20 beste kandidatane, med tanke på at dei skal representera eit vidt spekter av fagområde, seier prosjektleiaren. Innslaga frå forskarspirane skal bindast saman med musikalsk underhaldning.
Påmeldingsfristen er 8. mars.
Kriteriene for å vinne burde være basert på antall artikler/sekund, slik det er for oss faste vitenskapelige ansatte :) Lykke til!
Logg inn for å kommentere