Eit skodespel om skodespelet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998



MADAM HELSET: Wenche Foss demonstrer korleis Madam Helset blei framtilt på norske teater på trettitalet.

(Me er til stades under ein diskusjon mellom skodespelarane om deira roller i Nationaltheatrets framsyning av Henrik Ibsens drama Rosmersholm. Staden er Auditoriet i Universitetsbiblioteket ein tysdag i desember. Diskusjonen blir leia av den svenske dosenten i litteraturvitskap, Tomas Forser, som har samla skodespelarane Svein Scharffenberg, Ole Jørgen Nilsen, Laila Goody, instruktør Terje Mærli og Wenche Foss framfor eit publikum på 60 personar)

 

Observert og fotografert av Martin Toft

Tomas Forser: (ein mann på rundt 50) Wenche Foss, for 55 år sidan spelte du Rebekka West i Rosmersholm. Kom replikkane til Rebekka West til deg, også når du no spelte Madam Helset?

Wenche Foss: (ei rundt 80 år gamal kvinne med stort og talande ansikt og med hendene i stadig rørsle) Jo, eg kan faktisk alle Rebekka Wests replikkar på rams den dag i dag. Men eg har aldri blanda dei inn med replikkane til Madam Helset.

Tomas Forser: Laila Goody, korleis likte du å spela Rebekka West?

Laila Goody: (ei kvinne midt i 20-åra) Det var flott å få spela henne. Tidlegare hadde eg berre spelt samtidsteater på Torshovteatret. Eg synest det er mykje vanskelegare med eit slikt klassisk drama.

Wenche Foss: Det blei sagt om Johanne Dybwad at ho ikkje blei god som Rebekka West før den tredje gongen ho spelte henne. Ja, det er mykje som er forandra sidan den gongen. Tenkje seg til at eg blei nærmast sjokkert over å sjå Laila Goody og Bjørn Skagestad som Johannes Rosmer kyssa kvarandre. Ja, og så seier dei, »Det er en spire av elskov i deg også», etter å ha »hatt seg» i 12 sekundar.

Svein Scharffenberg: (ein mann på rundt 55 år) Eg forstod at eg måtte ha spelt rolla som rektor Krog ganske truverdig, då eg på veg ut av scena, gjekk forbi to eldre kvinner på første rad som begge kom med eit spontant »uff», då eg gjekk forbi dei. Samtidig er det ei rolle som eg har drøymd om å spela i 40 år.

Terje Mærli : (ein mann på rundt 50 år) I utgangspunktet var dette aldri eit stykke som eg har hungra etter å dramatisera. På mange måtar synest eg ikkje eg er gamal nok til å trengja inn i det. Men eg har funne ut at Ibsen alltid stiller spørsmål til publikum, og eg trur slett ikkje det er sikkert at me kan gi dei rette svara. Eit anna viktig trekk ved Ibsen er at han ikkje skriv meir enn det som er naudsynt. Difor har eg fjerna veldig få ord frå originalteksten.

Ole Jørgen Nilsen: (ein mann på rundt 50 år) Rollefiguren min, dr. Kroll, kan nok ha trudd at det var eit forhold mellom han og Rebekka. Ho er dessutan overtydd om at det må ha vore eit incestuøst forhold mellom han og henne fordi ho trur at han er faren hennar.

Terje Mærli: Difor trur eg at ho går ned til fossen for å sona sine synder medan Johannes Rosmer går ned dit for å visa sin kjærleik for henne ved å gå over kloppen som ligg over fossen. Det står ingenting i teksten til Ibsen om at dei gjekk utfor fossen. Der står det berre at dei gjekk utfor.

Ole Jørgen Nilsen: Det er i alle fall klart at dr. Kroll taper sjela si og ser at hans eigne barn ikkje vil vita av han lenger.

Wenche Foss: (med store armrørsler) Ja, det går vel nærmast med han som med hovudpersonen i John Gabriel Borkman. Han går konkurs og misser alt. Om dette hadde skjedd i dag, hadde han vel fått utbetalt 15 millionar kroner for det.

(Publikum applauderer)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998

Publisert 11. des. 1998 15:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere