Skal forska på menneskerettane si stilling i Noreg

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998


Institutt for menneskerettar:

 

MENNESKERETTAR I NOREG: Direktør Nils Butenschøn og informasjonssjef Eva Grinde ved Institutt for menneskerettar fortel at instituttet no er i ferd med å setja i gang eit forskingsprogram om menneskerettar i Noreg. (Foto: Martin Toft)

Me veit at menneskerettane blir krenkte mange stader i verda, og at Noreg har ein markert profil i arbeidet for internasjonale menneskerettar. Men kva veit me om menneskerettane si stilling i det norske samfunnet? Dette er spørsmålet Institutt for menneskerettar ynskjer å reise i tida som kjem.

AV MARTIN TOFT

Hovudårsaka til dette er at regjeringa no har kome med framlegg om skriva inn internasjonale mennerettskonvensjonar i norsk rett.
Direktør Nils Butenschøn fortel at dette programmet kjem til å sjå nærare på mange sider ved det norske samfunnet.

- I dag er det lite systematisk kunnskap om menneskerettane i Noreg. Innan juss er det så vidt eg veit berre skriven éin doktorgrad direkte på dette temaet, levert av Jørgen Aall i 1994. Han er no professor ved Universitetet i Bergen. Me har bede han om å leia arbeidet med å utvikla eit forskingsprogram hos oss. Me er óg i dialog med Forskingsrådet med tanke på finansieringa. Det er på høg tid at det kjem i gang eit grunnleggjande arbeid på dette feltet meiner han.

Underlagt Kollegiet

Institutt for menneskerettar er i dag eit senter underlagt Kollegiet ved UiO. Denne ordninga gjeld ut neste år. Eit utval skal evaluera framtidig tilknytingsform for instituttet og leggja fram konklusjonen sin til våren. Men allereie frå nyttår tar rektor Lucy Smith over som leiar for styret til instituttet.

Sidan Institutt for menneskerettar blei etablert av juristane Torkel Opsahl, Asbjørn Eide og Jan Helgesen i 1987, har instituttet si verksemd fyrst og fremst vore retta inn mot internasjonale menneskerettssystemet. Instituttet har vore ei aktiv medspelar i utbygginga av menneskerettsorgana i FN og Europarådet, og har knytt forskinga si opp mot dette. Også menneskerettane si rolle i den politiske og økonomiske utmeklinga i den tredje verda er blitt eit stort forskingsfelt på instituttet.

Menneskerettssituasjonen i Noreg

No ynskjer instituttet altså å finne ut korleis situasjonen er for menneskerettane her i landet.

Butenschøn understrekar at dette programmet førebels er på teiknebordet, og at det konkrete innhaldet enno ikkje er utforma.
- Det einaste som ligg fast er at juridisk spisskompetanse er ein naudsynt komponent. Ein universitetsstipendiat i dette faget blir knytt til området frå neste år. Men like klart er det at me ynskjer å bygge eit tverrfagleg program, i tråd med rolla vår som eit universitetssenter. Det er ikkje vanskeleg å sjå interessante forskingsoppgåver for historikarar, statsvitarar og antropologar her, synest Buttenschøn som ser mange utfordringar for eit nærare samarbeid med andre fagmiljø på universitetet, sjølv om det også ligg hindringar i vegen.

Vil ha enklare tilsetjingsprosedyrar

-Det største hinderet er at regelverket ikkje gir høve til å tilsetja folk som alt har full stilling på andre institutt ved UiO i delstilling hjå oss. Dette er eit generelt problem for alle sentra ved UiO: Korleis skal me kunne fungere som eit dynamisk senter internt og samle kompetanse frå ulike fagmiljø til forsking om overgripande tema når me ikkje kan tilsetja folk til prosjektleiing og koordinering? Me må til andre universitet eller eksterne institutt for å hente folk til slike stillingar i dag. Her har universitetsleiinga ein jobb å gjera, konkluderer Butenschøn.


Kan få kompetanseeining for menneskerettar i Noreg

Er utlendingslova, det nye kristendomsfaget og tvang og makt overfor psykisk utmeklingshemma i Noreg i strid med menneskerettane? Institutt for menneskerettar ved UiO opprettar neste år - om alt går som det skal - ei kompetanseeining som skal drive utgreiing, rådgjeving og informasjon om konkrete menneskerettsspørsmål i Noreg.

- Kompetanseeininga er tenkt som eit dokumentasjons- og rådgjevingssenter for styresmakter, frivillige organisasjonar og andre. Hovudpoenget er at medarbeiarane er uavhengige av statsforvaltninga og har ei forankring i eit forskingsmiljø ved Universitetet, forklarar informasjonsleiar Eva Grinde ved Institutt for menneskerettar. Ho kjem med ulike døme på kva saker eit slikt senter kan ta seg av, med utgangspunkt i kva type spørsmål folk har kome med til instituttet.

Utlendingslova

- Utlendingslova kan vere eit døme. Ikkje minst den norske praksisen i familieforeiningssaker, og dei tilfella der familiefaren blir sendt ut av landet fordi han har blitt dømt i ei narkotikasak, medan kona og barna sit igjen åleine i Noreg. Også pålegget til trafikkselskapa om å syta for at alle passasjerar har på seg godkjende papir, strir mot retten til asyl fordi denne personen aldri får høve til å søkja om det, seier Grinde. Eit anna tema som kan prøvast i høve til menneskerettane, er lov om psykisk helsevern.

Psykisk helsevern

- Den nye lova om psykisk helsevern opnar for auka bruk av tvanginnlegging og tvangsmedisinering. Dette opnar også for andre tvangstiltak i behandlinga av psykiatriske pasientar. Sidan den psykiatriske helsetenesta skal desentraliserast ned til kommunenivå, spår eg at det kjem til å bli mykje bråk i psykiatrien, meiner ho.

Kristendomsfaget

Det er ein omfattande debatt i Noreg om det nye kristendomsfaget i grunnskulen.
- Det er eit tema som heilt sikkert også kjem til å bli tatt opp når me skal setja menneskerettssituasjonen i Noreg under lupa. For eigen del finn eg det rart at det blir innført eit slikt fag i Noreg i 1997 utan at det blir gitt rett til fritak, når landet er mykje meir multikulturelt og multireligiøst enn nokon gong. Eg forstår ikkje kvifor det då skal leggjast hovudvekt på den norske statsreligionen og at alle elevane skal læra det same. Samtidig er det kristen formålsparagraf både i skular og barnehagar. Det virkar som om det er eit resultat av ynskjet om at ingen skal skilja seg ut i det sosialdemokratiske norske samfunnet, meiner Grinde, som også nemner valdsoffera sitt rettsvern, spørsmål som høyrer inn under Barnekonvensjonen, rasisme og diskriminering på arbeidsmarknaden og rettane til minoritetane som aktuelle tema som folk vill søkja råd om.

Vil gi oss god samfunnskontakt

- Ei slik verksemd vil tvinga oss til å ha kontakt med samfunnet rundt oss og bli ein praktisk retta del av kva me gjer her. Tilknytinga vår til universitetet er ei styrke når me hevdar sjølvstende i høve til norske styresmakter, understrekar ho, og minner om at Institutt for menneskerettar har både juristar, antropologar, statsvitarar og filosofar blant dei tilsette, slik at instituttet har høve til å granska mange sider av menneskerettssituasjonen i eit samfunn.


Institutt for menneskerettar:

  • etablert i 1987 av juristane Torkel Opsahl, Asbjørn Eide og Jan Helgesen
  • eit senter underlagt Kollegiet ved UiO.
  • fem forskingsprogram:

1. Det globale menneskerettsvernet

2. Europarådets menneskretttsvern

3. Menneskerettar og normative tradisjonar

4. Menneskerettar og utvikling

5. Menneskerettar i Noreg

  • 60 personar er tilknytt instituttet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998

Publisert 11. des. 1998 15:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere