Kort til 40 000

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998


Nøkkelkortkontoret har flytta inn i dei gamle lokala til Akademika-administrasjonen i servicebygningen. Samtidig overtar Studentsamskipnaden kortproduksjonen for tilsette og studentar.

AV MARTIN TOFT

Det nye kortsenteret skal først og fremst laga fleirbrukskort til dei 35 000 studentane ved Universitetet i Oslo. Til no i år har det blitt produsert 3000 kort for tilsette, 1800 for hovudfagsstudentar og 200 kort for besøkjande og servicefolk.

- Sidan så mange av dei tilsette no har fått nøkkelkort, vil det nye kortsenteret berre bruka ein time for dagen på dei tilsette. Resten av arbeidsdagen kjem dei til å ta seg av kortproduksjon for studentane, fortel sikringsrådgjevar Trond Eriksen i Teknisk avdeling, som understrekar at dette kortet ikkje er eit reint nøkkelkort.

Fleirbrukskort

- Nei, det skal også brukast som vanleg studentidentifikasjonskort, og det blir også lagd inn opplysningar om studenten har betalt semesteravgifta eller ikkje. Dersom han eller ho ikkje har gjort det, vil kortet heller ikkje kunne brukast som nøkkelkort. Men me legg sjølvsagt inn eit visst slingringsmonn, slik at ikkje studentar som betalar semesteravgifta ein dag eller to etter fristen, blir stengde ute frå lesesalane etter stengjetid, trøystar han med. Kortet kan også brukast som lånekort på Universitetsbiblioteket, akkurat som korta til dei tilsette.

- Dessutan har Studentsamskipnaden inngått ein avtale med Kreditkassen slik at studentar som har konto der, kan bruka dette fleirbrukskortet som bankkort, fortel Eriksen. Etter jul begynnar arbeidet med å dela ut dette kortet til studentane.

Største adgangskortsystem i Noreg

- Kvar enkelt student kjem då til å bli kalla inn til kortsenteret slik at dei kan erstatta det gamle studentkortet sitt med dette nye kortet, opplyser han, og minner om at det i framtida må produserast 10 000 nye kort i året for at alle studentar skal få det med ein gong dei begynnar på universitetet.

- Dette er faktisk det største brukartalet på eit felles adgangskortsystem i Noreg, understrekar han. Universitetet i Oslo vil bruka to millionar kroner årleg på å få gjennomført innføringa av dette kortsystemet. Førebels er kortsystemet installert i Administrasjonsbygningen og ved HF- og SV-fakultetet. Akkurat no held systemet på å bli innført ved Biologisk institutt, i ZEB-bygningen og Informatikkbygningen. Deretter står Kjemi-, Farmasi- og Fysikkbygningen for tur. Sist i køen står Odontologibygningen og Det juridiske fakultet i sentrum.

- Når det gjeld PK 1-bygningen, har me framleis ikkje funne fram til noko system fordi dei skal ha det same kortsystemet som det nye Rikshospitalet. Ikkje alle sentrumsbygningane vil få innført det same adgangskortsystemet. Historisk museum vil få det same systemet som Nasjonalgalleriet, men dei tilsette der kan likevel bruka det same adgangskortet som ved UiO, seier Eriksen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1998

Publisert 11. des. 1998 15:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere