Pressebiter

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1998


Nye krav fra kunnskapsøkonomien

Det viktigste ledelsen i departementet, høyskolemiljøene pg bedriftene kan gjøre, er å utvikle ordninger som premierer de kreftene som utvikler kompetansenettverk, organiserer etterutdannelsestilbud og henter inn lærerkrefter. Etter årets universitetsdebatt og rektorvalg, er det trolig blitt større reformvilje ved Universitetet i Oslo. Med mindre press på arbeidsmarkedet vil flere lærere kunne motiveres tilbake til skolen. Regjeringen og partene i arbeidslivet burde raskt kunne bli enige om rammene for en fleksibel etterutdannelsesreform.

Terje Osmundsen, Kronikk, Aftenposten, 20. november

Eit høgast mogleg refleksjonsnivå

- Viss målet med formidlinga er å skaffe oss meir pengar, så er vi totalt ute å køyre, både frå ein etisk og ein politisk synsvinkel. Formidling av fag driv ein med fordi ein ønskar at mest mogleg kunnskap skal vere tilgjengeleg for folk. Det viktigaste må etter mi meining vere å prøve å bidra til å skape eit best mogleg demokrati, og det er ikkje berre eit høgt formelt utdanningsnivå eit velfungerande demokrati har bruk for. Vi treng òg eit høgast mogleg refleksjonsnivå. Det er der vi forskarane skal bidra, ikkje til å skaffe meir pengar til universiteta. Viss styresmaktene vil sveltefôre universiteta, så gjer dei det i klart medvet om konsekvensane. Vi må ikkje gå rundt og tru at politikarane ikkje veit kva prioriteringar dei foretar.

Professor Atle Kittang, Forskning Nr 6/98

- Ikkje bli salsmenn for eigne resultat!

- Ein tendens innan amerikansk forsking er at forskarane må ha så mykje å vise til for å få midlar at det går mot det reint ekstreme. Fleire og fleire presenterar resultata sine som «seljarar». Det ser vi òg på mange vitskaplege artiklar, der små nye funn vert blåst opp til å vere epokegjerande i fagtidsskrifta. Reine nobelpriskandidaturet. Så langt har vi enno ikkje kome i Europa, og kanskje er det ein av grunnane til at amerikanarane ofte tek luven frå oss i forskingsverda. Den europeiske tradisjonen er viktig å halde på. Må vi forfelle til salsmenn for eigne resultat for å få forskingsmidlar, då forsvinn mykje av den langsiktige forskinga.

Professor Ole Didrik Lærum, Forskning Nr. 6/98

Omstilling

Det verste med dette kravet om omstilling er nok likevel at ordet omstilling synes vere ein eufemisme for marknadstilpassing. Og marknadstilpassing er noko heilt anna enn relevant eller samfunnsnyttig, det er eit mykje trongare krav. Den dagen marknadstilpassing blir universitetets mål og meining, er det ikkje lenger universitet.

Universitetsrektor Tove Bull, Trømsøflaket nr. 17 - 1998


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1998

Publisert 26. nov. 1998 14:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere