LØP i gang med innspurten

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1998


 
JOBBAR HEILE DØGNET: Seks tilsette jobbar heile døgnet med å gjera klart det nye løns- og personalsystemet innan 1. januar 1999, fortel meiner prosjektleiar Jan Thorsen. (Foto: Ståle Skogstad)

- Eg kan lova at alle dei tilsette ved Universitetet i Oslo også skal få utbetalt løn den 15. januar neste år. Det seier prosjektleiar Jan Thorsen som er ansvarleg for iverksetjinga av det nye løns- og personalsystemet LØP –LP. Går alt etter planen skal det startast opp til nyttår.

Av Martin Toft

Det nye løns- og personalsystemet vil då integrerast i det nye økonomisystemet LØP-ØK som blei starta opp i slutten av januar. Akkurat no held den nasjonale styringsgruppa for datasystemet på med dei siste testane. Denne gruppa er sett saman av folk frå Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitetet (NTNU) i Trondheim og Universitetet i Bergen.

11 millionar kroner

- Dersom desse testane går bra, kan me starta opp det nye løns-og personalsystemet etter planen den 1. januar. Om det likevel ikkje går bra, vil dei tilsette ved UiO få løna si utbetalt over det gamle systemet, understrekar Thorsen. Den endelege avgjerda blir tatt på gruppa sitt møte den 8. desember. Etter planen skal NTNU, innføra det nye løns- og personalsystemet frå 1. mars, medan Universitetet i Bergen ventar med å starta opp til den 1. mai. Til saman vil dette løns- og personalsystemet kosta dei tre institusjonane 11 millionar kroner. Ved UiO er det for tida seks tilsette som jobbar på heiltid med dette prosjektet.

Jobbar døgnet rundt

- Ja, akkurat no arbeider med faktisk døgnet rundt for å få systemet klar til bruk innan tidsfristen. Men det er alltid like hektisk når arbeidet med innføring av slike datasystem går mot slutten, fortel Thorsen, som trur folk fort vil merka fordelane med det nye systemet.

- Det vil ikkje lenger bli naudsynt å kjøra med to forskjellige kontostrengar. Dessutan vil det heller ikkje vera behov for at kvart institutt eller senter må gi skriftleg melding til administrasjonen kvar gong ein tilsett skiftar adresse eller arbeidsplass. Dei ansvarlege lokalt vil kunna leggja endringane rett inn i det nye systemet. Grunnen til at enkelte har vore skeptiske til dette nye systemet har mest å gjera med psykologi. Det er alltid vanskeleg å skifta frå noko kjært og godt til noko heilt nytt, forklarar han.

Mindre dobbeltarbeid

Medan lønsdelen av systemet blir innført samtidig på heile universitetet, vil personaldelen starta etappevis. Først ut er SV-fakultetet, Teknisk avdeling og USIT, som vil starta opp med det frå nyttår.

- Resultatet av dette skal bli mindre dobbeltarbeid ved UiO, avsluttar Jan Thorsen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1998

Publisert 26. nov. 1998 14:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere