Usemje om vegval på Biologisk institutt

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1998


Det blir ikkje skapt god forskning av å innretta seg etter leiinga sine strategiske planar, meiner professor Kristian Gundersen ved Biologisk institutt.

 

VIL SPLITTA DEI TILSETTE: Fakultetsleiinga vil splitta dei tilsette ved Biologisk instiutt. Det viser eit strateginotat frå dekanen, seier professor Kristian Gundersen. (Foto: Xenia Isaksen)

Av Martin Toft

Det er usemje mellom fleirtalet i styret og instituttstyrar Norbert Roos ved Biologisk institutt etter at styrefleirtalet gjekk inn for ei moderert utgåve av instituttstyraren sitt framlegg til strategisk plan. Norbert Roos og mindretalet på fire kjem difor til å senda sitt opprinnelege framlegg til fakultetsleiinga slik at dei kan vera sikre på kva haldning dei har til omorganisering og omprioritering på instituttet. Konflikten går kort fortalt ut på om det skal satsast meir på molekylære fag og mindre på tradisjonelle feltfag.

Ikkje sondert terrenget godt nok

- I denne saka hadde ikkje instituttstyrar Norbert Roos sondert terrenget godt nok før han kom med framlegget sitt til strategisk plan. Det kjem ikkje noko godt ut av å prøva å temastyra forskinga for et institutt med kanskje 50 helt ulike forskingsgruppe. Det meiner Kristian Gundersen som er professor i generell fysiologi ved Biologisk institutt.

Femårsplanar

- Alle forsøka på å planleggja forskinga på universitetet, minner meg meir om femårsplanar i det tidlegare Sovjetunionen. Eg håpar det blir slutt på slik planlegging når det nye rektoratet overtar etter nyttår, seier Gundersen. Han meiner det er feil taktikk av leiinga ved Biologisk institutt å styrka enkelte forskningstema på bekostning av andre uten å gjera ei kvalitetsvurdering først.

- Dersom Noreg hadde dårlegare kreftforskarar enn forskarar som var ekspertar på forkjøling, skulle landet likevel ha satsa på kreftforskarar sjølv om det er internasjonale ekspertar som gjer det betre enn dei? Målet må vera å rekruttera dei beste forskarane og krevja at dei held eit internasjonalt nivå, slår han fast. Når det gjeld konflikten påinstituttet, trur han at det handlar om ein kamp om knappe ressursar der alle står sitt eige fagområde nærmest.

Fiska i rørt vatn

- Når vi først blei tvungne til å planleggja på denne måten har ei gruppe påinstituttet fiska i rørt vatn, og klarte å utgreia ein strategisk plan som ville ført til store pengeoverføringar frå enkelte fag til andre. Det gjekk hardt utover feltfaga, medan dei molekylære faga blei styrkte. Alle dei som hadde utarbeidd denne planen var molekylære biologar, presiserer Gundersen.

- Ei styrking av den reine molekylærbiologien kunne vore gjort for 20 år sidan, i dag er molekylære teknikkar et verkty i mest alle biologiskefag. Han er glad for at fleirtalet i styret til slutt gjekk mot denneplanen som også instituttstyrar Norbert Roos stod bak.

- Styret sette også ned ein komité som skulle gå gjennom den undervisnings- og forskingsmessige produktiviteten for dei ulike fagområda. Det skuffar meg at fakultetet ikkje kunne gå inn for å venta med å vedta ein strategisk 10-årsplan før konklusjonen til denne gruppa var klar, seier han.

Interessert i å krisemaksimera

- Det kan virka som om leiinga er interessert i å krisemaksimera for å skapa ei splitting av instituttet slik dekan Jan Trulsen faktisk har foreslått i et strateginotat, hevdar Gundersen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1998

Publisert 26. nov. 1998 14:43 - Sist endra 1. sep. 2014 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere