Småstoff

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1998

«Engelens» reddande engel

{short description of image} REDDANDE ENGEL: Metallsnikkar Erik Lundaas har aldri tidlegare blitt ein reddande engel for ein engel. (Foto: Ståle Skogstad)

Den handlause engelen utanfor Sophus Lies auditorium skal no få smidd handa på igjen. «Engelens» reddande engel er «Metallsnekker´n» Erik Lundaas.

- Ja, det er første gong eg har fått eit slikt arbeidsoppdrag. Men det var absolutt på tide at engelen blei sendt til reparasjon, for like etter at den hadde kome hit, fall også vengene av. Metallbolten som heldt vengene på plass, var nemleg heilt gjennomrusta, fortel Lundaas og ristar på hovudet.

- Eg torer mest ikkje tenkja på kva som kunne ha skjedd om eit barn hadde kome bort i vengene før han blei flytta frå den faste plassen sin, seier han. Sjølv hadde han ikkje rekna med at heile engelen skulle koma til verkstaden hans.

- Nei, eg trudde det berre var handa til engelen eg skulle reparera. Difor blei eg veldig overraska, då det kom fire mann hit frå universitetet. «Treng de fire mann for å bera handa til ein engel?» spurte eg. «Nei, men me kjem med resten av engelen også,» svarte dei. Handa til engelen er ei historie for seg, synest Lundaas.

- Han som reparerte handa tidlegare, har fylt denne hole handa opp med bly. Ikkje til å undra seg over at handa fall av engelen, meiner Lundaas, som lovar at engelen skal vera ferdig reparert i januar neste år.

Sunn HF-mat blir dyrare

Fleire tilsette på HF har reagert etter at lunsjtallerkane i personalkantina blei sett opp frå 15 til 25 kroner. No vil dei byrja å ta med seg matpakka igjen.

Uniforum vil gjerne finna ut kva som er grunnen til dette, og gjer intervjuavtale med kantinestyrar Janne Paulsen ein føremiddag i førre veke. Då dagen kjem, spaserer me bort til HF, tar heisen opp til 11. etasje og går opp ei trapp til personalkantina. Då me dukkar opp i kantina, sit ikkje berre kantinestyrar Janne Paulsen der, men også driftssjef Geir Sæther Aas i Studentkafeene AS. Han gir oss gjerne ei forklaring på kvifor lunsjtallerkane har auka med 10 kroner.

- Lunsjtallerkane til 15 kroner blei utvikla av oss i Studentkafeene i staden for Ola-pakkane som blei altfor dyre i innkjøp. Prisen på 15 kroner har berre vore eit introduksjonstilbod. I denne perioden har me fått undersøkt dei ulike typane tallerkar og kven av dei som er mest populære. Difor vil det no bli mogleg å få kjøpt ein lunsjtallerk til 22 kroner og ei litt dyrare til 25 kroner, fortel Aas.

- Men kva meiner du om denne prisauken, kantinestyrar Janne Paulsen?

- Eg synest det var altfor billeg å ta 15 kroner for ein lunsjtallerk. Dessutan var det berre eit introduksjonstilbod, understrekar ho.

- Dei tilsette ved HF kjem no sikkert til å ta med seg matpakka i staden for å kjøpa den dyrare lunsjtallerken her. Kva synest de om det?

- Dei må berre ta med seg matpakka hit og eta ho her. Det vil ikkje vera noko problem, seier Aas, før han gir oss prøver på Studentkafeenes eigne nyutvikla matpakke. - Studentpakka med to brødskiver sel me for 10 kroner. Heretter vil kundane få valet mellom to lunsjtallerkar til 22 og 25 kroner og studentpakka til 10 kroner, fortel Aas.

13 tar malaykurs ved UiO

Åtte personar tar vidaregåande kurs og fem personar tar nybyrjarkurs i malay ved UiO. Hovudlærar, førsteamanuensis Datin Dr. Jamaliah Modh. Ali ved University of Malaya er godt nøgd med oppslutnaden.

- Synd at ikkje alle er her akkurat no, men det er godt motiverte studentar alle saman. Visste du forresten at malay har blitt utvikla frå sanskrit, kinesisk og arabisk? Dessutan er det fullt av engelske og nederlandske lånord, forklarar ho. Student Andreas Røste og førsteamauensis Karin Dokken ved Institutt for statsvitskap supplerer henne og minner om at det også finst lånord frå malay i norsk.

Både «bambus», «gå amok» og «orangutang» kjem frå malay. Orangutang tyder forresten «mennesket frå skogen», fortel dei, og legg til at i malay blir fleirtal laga ved at ein gjentar ordet. Både Andreas Røste og Karin Dokken har fagleg interesse av å ta dette intensivkurset i malay.

- Eg er svært interessert i indonesisk historie og samfunn, seier Røste.

- Grunnen til at eg tar kurset, er at eg held på å lesa meg opp på søraustasiatisk historie og politikk. Då er det sjølvsagt viktig å kunna eit språk som blir brukt av 220 millionar menneske i dette området, seier Dokken. Begge er svært nøgd med kurset og ikkje minst med hovudlærar Datin Dr. Jamaliah Mohd. Ali.

- Ein svært dyktig lærar, seier dei i kor.

Akademika i nye lokaler

Akademikas ekspedisjon og administrasjon er nå på plass i nye lokaler i Myrens Verksted, Sandakervn. 24 C. Bokhandlene fortsetter som før i sine lokaler.
Telefon- og faksnumre er som følger:
Sentralbord: tlf. 22 85 30 30, faks: 23 12 24 50
Ordrekontor: tlf. 23 12 24 00, faks: 23 12 24 10
e-post: akad@sio.uio.no
Postadresse (som tidl.): Akademika AS, Pb. 84 Blindern, 0314 Oslo

Nøtter

{short description of image}1 Hvem er dette?

2 Hvor stor del av UiOs utgifter brukes til lønn?

3 Hva heter den nyvalgte rektoren ved Universitetet i Bergen?

4 Hvem er studentrepresentanter i Kollegiet?

5 Hva står forkortelsen GI for?

Svar

1 Tove Kristin Karlsen, fakultetsdirektør ved SV

2 Om lag halvparten

3 Kirsti Koch Christensen

4 Sigrid Angen og Sverre Lunde

5 Germanistisk institutt


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1998
Publisert 28. okt. 1998 12:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere