Fem i farta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1998

Kva synest du om estetikken ved universitetet på Blindern?

{short description of image} Helga Sagsveen, seniorarkitekt ved Teknisk avdeling

- Eg synest universitetsområdet på Blindern er vakkert og arkitektonisk interessant. Arbeidet med utomhusanlegget dei siste åra har vore svært vellukka og bunde Blindern-campusen saman.

{short description of image}Karoline Hauge, ex.phil.-student

- Universitetsbiblioteket er drittkuuuult! Det ser faktisk heilt rått ut, altså! Dessutan synest eg det er veldig fint med alleen mellom Frederikkeplassen og HF- og SV-bygningane. Fontenen på Frederikkeplassen er også svært kul, medan dei andre bygningane er keisame.

{short description of image} Hélène Ullerø, rådgjevar ved Seksjon for internasjonale program

- Eg er sjokkert over nybygget til Universitetsbiblioteket fordi det saman med Helga Engs hus er eit klart stilbrot i høve til resten av arkitekturen på Blindern. Både Blindern Studenterhjem og bygningane til HF- og SV-fakultetet gir utanlandske gjester eit svært godt førsteinntrykk av universitetet. Det varer heilt til dei legg merke til nye UB og Helga Engs hus.

{short description of image}Christian Beck, førsteamanuensis ved Pedagogisk forskingsinstitutt

- Bygningane på Blindern er eit trugsmål mot den akademiske fridomen. Du har eit fabrikkprodusert akademisk miljø ved alle universiteta i Noreg der alle sit på same kontor, søkjer litt på Internett, går på møte, held undervisning og søkjer om forskingsmidlar. I dette systemet representerer Blindern tempelet. Det er fullt mogleg å skriva her, men for å tenkja nye tankar er det betre å gå ein tur, passa barn eller snakka med tilfeldig forbipasserande.

{short description of image}Heidi Olsen, konsulent ved sekretariatet til UV-fakultetet

- Eg er godt nøgd med Helga Engs hus der eg har arbeidsplassen min. Her har me flotte og lyse lokale. Nye UB passar også godt inn i resten av universitetsområdet på Blindern. Likevel så ser dei fleste bygningane her flottare ut utanfrå enn innanfrå.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1998
Publisert 28. okt. 1998 12:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere