Skjebnetime for UiO

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1998

Presis klokka 16.00 måndag 12. oktober fjerna Trond Tveit Selvik, leiar i Valsekretariatet stemmeurna i 5. etasje i Administrasjonsbygningen.

Av Martin Toft

Dei siste stemmekonvoluttane blei tatt ut av Åge Trollsås, også medlem av Valsekretariatet, som kunne leggja dei saman med dei mange tusen andre stemmekonvoluttane han tok med seg opp i 10. etasje der teljekorpset kunne setja i gang arbeidet med å finna ut kven av dei fem rektorkandidatane dei tilsette og studentane ved Universitetet i Oslo ville ha som Lucy Smiths etterfylgjar.

Før stemmekonvoluttane blei opna, fekk teljekorpset strenge instruksjonar av Åge Trollsås i Valstyret.


- Har nokon av dykk sløydd sei nokon gong? Ikkje det? I alle fall skal stemmekonvolutten sprettast opp med ein papirkniv på same måten som ein spretter opp buken til seien under sløyinga, forklarar han, og viser til ti konvoluttar som allereie var blitt opna på den måten.


- Me begynnar opptellinga av førstestemmene straks, deretter går det fortløpande heilt til det har blitt valt ein rektor. Rundt klokka 19.30 blir det matpause med pizza og brus til heile teljekorpset, informerer Tveit Selvik.


Deretter blei teljekorpset delt i to, ei gruppe blei sett til å telja dei vitskapleg tilsette sine stemmer, medan den andre gruppa fekk ansvaret for å telja stemmene til dei teknisk/administrativt tilsette. Studentane fekk ansvaret for å telja studentstemmene.


Slik starta den lange ettermiddagen som til slutt skulle bli Kaare A. Norums store kveld.

{short description of image}

TIDA ER UTE: Presis klokka 16.00 måndag 12. oktober gjorde Trond Tveit Selvik i Valsekretariatet det heilt klart at det ikkje lenger var mogleg å stemma ved rektorvalet. (Foto: Ståle Skogstad)

{short description of image}

SLØYEMETODEN: Anita Illguth i teljekorpset var ei av dei som var ivrigast i å ta i bruk sløyemetoden då valkonvoluttane skulle opnast. (Foto: Ståle Skogstad)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1998
Publisert 13. okt. 1998 03:37 - Sist endra 1. sep. 2014 13:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere