Kva gjeld rektorvalet?

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1998

Eg vil arbeide for at Kollegiet sterkare enn no utformar UiOs strategi og politikk, skriver Magnus Rindal.

Val av rektor er eit viktig val for eit universitet. Etter lova har rektor, på vegner av Kollegiet, det overordna ansvar for og leiing av verksemda ved universitetet. Han/ho er universitetets talsperson overfor offentlege myndigheter og ålmenta. Rektor har altså ein dobbel funksjon, som fagleg og politisk leiar innetter, og som talsperson utetter.

Det er fem kandidatar til vervet som rektor. Det er ikkje lett å sjå store universitetspolitiske skiljelinjer mellom kandidatane. Alle vil arbeide for betre vilkår for forsking og utdanning, for personalet og studentane, og vil styrkje universitetets argumentasjon utetter. Det som kan skilje kandidatane, er dei verkemidla dei vil bruke, dei kvalifikasjonane dei har, og den støtta dei har. Eg konstaterer at lista over dei som har foreslått meg, omfattar alle grupper og alle fakultet.

UiO er det universitetet som har den minste løyvinga pr. student og pr. tilsett. Eg vil arbeide for at UiO budsjettmessig kjem på nivå med andre norske universitet. I ein økonomisk krisesituasjon vil eg vere open for nye aksjonsformer.

Dei samfunnsmessige føresetnadene for verksemda ved universiteta er endra dei siste åra. Vi har ny informasjons- og kunnskapsteknologi og livslang læring, vi har høgskolar som blir meir og meir like universiteta, og samfunnet stiller større krav til dokumentasjon av resultata av verksemda vår. Eg ønskjer å vidareutvikle UiO som ein sjølvstendig og kritisk institusjon, i dialog med samfunnet.

Situasjonen for grunnforskinga har blitt dårlegare. I samanheng med forskingsmeldinga bør ein vurdere om den noverande forskingsrådsstrukturen skal endrast, for å gje grunnforskinga ein meir sentral plass.

Ei stor utfordring framover er å sikre at vår undervisning og forsking held eit internasjonalt nivå. Eg vil styrkje arbeidet med internasjonalisering.

Rektor og Kollegiet skal vere den drivande politiske kraft ved UiO. Eg vil arbeide for at Kollegiet sterkare enn no utformar UiOs strategi og politikk. Dekanane bør inviterast til kollegiemøta i saker som gjeld budsjett og strategi.

Eg vil arbeide for å utforme ein heilskapleg og overordna strategi og politikk for bruk av universitetets samla ressursar til forsking, utdanning og formidling. Enkeltinteresser må finne sin plass i denne overordna strategien.

I tida framover vil det vere svært viktig at UiO har ein rektor som er godt kjend i sektoren og i massemedia, og som har brei støtte ved universitetet. Denne gongen burde veljarane ha eit godt grunnlag for å velje ein god kandidat.

Magnus Rindal
rektorkandidat


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1998
Publisert 30. sep. 1998 18:32 - Sist endra 1. sep. 2014 13:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere