Fem i farta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1998

Kva krav stiller du til UiOs nye rektor?

{short description of image}Kjersti Okkelmo, hovudfagsstudent i pedagogikk:

- Han må jobba for at universitetet skal halda fram som forskingsinstitusjon, men han må også vera open for tanken om å samfunnstilpassa denne utdanningsinstitusjonen. Universitetet må ikkje vera så rigid at det ikkje endrar seg i takt med samfunnsutviklinga, men samtidig må den nye rektoren syta for at ei slik endring ikkje går utover studentane.

{short description of image}Arne Olsen, professor i fysikk:

- Han må profilera universitetet betre i samfunnet enn det som blir gjort i dag. Dessutan må han syta for at det tilflyt fleire ressursar til denne viktige utdanningsinstitusjonen. Den nye rektoren må også prøva å få fram kva universitetet kan tilby når det gjeld utdanning og forsking.

{short description of image}Siv Marita Hansen, engelskstudent:

- Eit stort problem for universitetet i dag er at undervisningskvaliteten er så dårleg. Difor må ein ny rektor få til ein dialog med dei løyvande styresmaktene slik at UiO kan få meir pengar. Han må også vera open for nye undervisningsformer.

{short description of image}Bente Rasch, bibliotekar ved Farmasøytisk bibliotek:

- Han må gjera universitetet synleg i samfunnsdebatten. I tillegg må han driva aktiv lobbyverksemd overfor politikarane. Sjølvsagt må han syta for betre forhold for både forsking og undervisning ved universitetet. For meg er det også viktig at han tar UB så alvorleg at han kan passa på at institusjonen får så store løyvingar at den kan fylla si rolle på UiO.

{short description of image}Erlend Brennevik, farmasistudent:

- Han må gjera ein god jobb og vera ein god leiar.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1998
Publisert 30. sep. 1998 18:32 - Sist endra 1. sep. 2014 13:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere