<b><font face="Arial" size="4"></font></b>Millionløyving kan hindra trafikkfelle

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1998

To millionar kroner i ekstraløyving frå Oslo kommune kan hindra at det framtidige vegkrysset i Gaustadbekkdalen blir ei trafikkfelle. Det meiner universitetsdirektør Tor Saglie, som no tar saka opp med kommunen.

 Av Martin Toft

{short description of image} EIT ISOPORFJELL: Universitetsdirektør Tor Saglie på toppen av isoporfjellet som skal danna fundamentet for trikketraseen til det nye Rikshospitalet på Gaustad. Fyllinga blir opptil ti meter høg. (Foto: Xenia Isaksen)

Den planlagde Blinderntunnelen kan bli ei trafikkfelle, dersom den blir bygd i samsvar med den vedtatte reguleringsplanen. I det planlagde vegkrysset i Gaustadbekkdalen der biltrafikken vil koma til å kryssa den nye trikkelinja i same plan, og fotgjengarar og syklistar samstundes vil vera på veg til og frå universitetet, kan det oppstå mange farlege situasjonar.

Kulvertløysing

Difor foreslår universitetet at heile vegstrekninga nord for Blinderntunnelen blir lagd i ein kulvert, altså i ein nedgraven betongtunnel under Gaustadbekkdalen.

- Dette vil til saman kosta 35 millionar kroner ekstra for Oslo kommune, men omsynet til både trafikktryggleik, miljøet og ytterlegare utbyggingsplanar i området, tilseier at dette bør gjerast. Difor krev me at Oslo kommune førebels set av ei ekstraløyving på to millionar kroner, slik at trikketraseen til Gaustad kan byggjast slik at den ikkje vil hindra ei framtidig kulvertløysing for Blinderndiagonalen, seier universitetsdirektør Tor Saglie. Han trur ikkje det vil vera vanskeleg for Oslo kommune å etterkoma eit slikt krav sidan både Samferdsleetaten i Oslo kommune og Oslo Sporveier gjerne vil ha ei mest mogleg trafikksikker løysing for den planlagde Blinderndiagonalen som skal erstatta Sognsveien som tverrsamband mellom Ring 2 og Ring 3.

35 millionar kroner

Men han spår at det blir eit større problem å få Oslo kommune til å betala dei 35 millionar kronene det vil kosta å få bygd ein nedgraven veg under trikkelinja.

- Då må den vedtatte reguleringsplanen for området endrast, og det vil seia at den må handsamast på nytt i Bystyret. Det faktum at både Oslo Sporveier og Samferdsleetaten i Oslo kommune støttar ei slik løysing, kan føra til at det blir lettare å få gjennomslag for vårt syn. Han viser også til at det er Samferdsleetaten i Oslo kommune som no har kome på andre tankar når det gjeld den vedtatte løysinga for Blinderntunnelen.

UiO hadde resignert

- Dei styrande organa ved UiO hadde nærmast resignert og gitt opp håpet om å endra den vedtatte reguleringsplanen, då planen om ei kulvertløysing blei henta opp igjen frå skuffa av Samferdsleetaten, etter at dei hadde sett nærare på moglege konsekvensar av den vedtatte vegløysinga. Difor bør også Oslo-politikarane leggja prestisjen overfor tidlegare vedtak til side, og gjera eit nytt vedtak der dei tar omsyn til dei trafikksikringsmessige og miljømessige fordelane ein Blinderntunnel i kulvert kjem til å gi, appellerer Saglie, som også er overtydd om at naboane til universitetet vil støtta ei slik løysing.

Oslo kommune betalar

Byråd for næring og byutvikling, Olaf Stene, ser ikkje bort frå at Oslo kommune kan koma til å betala dei to millionar kronene som skal til for å hindra at dagens vegutbygging, blokkerer for ei kulvertløysing i framtida.

- Me betalar gjerne desse to millionar kronene, dersom Staten tar heile risikoen, seier Stene til Uniforum. Når det gjeld kven som skal betala dei 35 millionar kronene som ei kulvertløysing vil kosta, kan han ikkje lova noko.

- I dag finst det ikkje pengar til dette på kommunebudsjettet. Den saka må i alle fall handsamast på nytt i Bystyret, konstaterer byråden.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1998
Publisert 30. sep. 1998 18:32 - Sist endra 1. sep. 2014 13:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere