Valkunngjeringar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1998

Rektorvalet

Valstyret ved UiO melder at siste frist for å melda på kandidatar til haustens rektorval er torsdag 24. september klokka 16.00. På same stad vil det vera mogleg for studentar å levera inn førehandsrøyster, medan dei tilsette kan senda inn eller levera postrøystene sine frå fredag 2. oktober klokka 10.00. Studentar kan driva med førehandsrøysting fram til onsdag 7. oktober kl 15.30. Alle tilsette kan senda eller levera inn postrøyster fram til måndag 12. oktober klokka 16.00. Urnevalet til studentane blir avslutta på same tidspunkt.

Prorektor- og kollegievalet

Når det gjeld prorektorvalet, er siste frist for å koma med framlegg på kandidatar torsdag 15. oktober klokka 16.00. I haust skal det dessutan vera val på nye kollegiemedlemar. Det vitskaplege personalet ved UiO skal velja inn fem representantar. Det blir halde særval i valkrinsen for vitskapeleg personale utanom fakulteta med val av 4 medlemar med varafolk til valforsamlinga i auditorium 2 i Helga Engs hus torsdag 29. oktober klokka 1400. Dei som har lyst til å vera med på å bestemma kven som skal sitja i Kollegiet, kan koma med framlegg på kandidatar fram til måndag 9. november klokka 16.00. Dei endelege kandidatane blir formelt valde på valforsamlinga i auditorium 2 i Helga Engs hus, torsdag 19. november klokka 14.00. Det teknisk/administrative personalet ved UiO skal velja to representantar inn i Kollegiet. Kven det blir, blir avgjort på valmøte i auditorium 2 i Helga Engs hus torsdag 5. november klokka 14.00. Dei to studentrepresentantane i Kollegiet blir valde under Studentparlamentets konstituering for 1999 torsdag 10. desember. Alle tilsette som vil kontrollera at dei står i manntalet må ta turen til Organisasjons- og personalavdelinga (OPA) i 5. etasje i Administrasjonsbygningen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1998
Publisert 17. sep. 1998 22:14 - Sist endra 1. sep. 2014 13:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere